Vel no fins det mykje vakkert rundt om. Avkommet vårt reknar me kanskje som noko av det vakraste me veit, sjølv om læraren og eit par tre naboar kanskje vil vere usamde. Det fins mykje vakkert på innsio tå folk også. Men i dag var det naturleg vakkert eg hadde i tankane.
Naturen i mai. Uslåeleg og heilt ubetaleleg. Hadde meg ein sykkeltur nett før sola sette seg for kvelden og det var ikkje ende på nydelege panorama som openbera seg. Dumt eg ikkje hadde kamera med slik at eg kunne dele venskapen. De får nøya deko med nokre frå uteplassen i dag....