
Atter har me jola fått,
fyllt ein vert av varme tankar.
Gløymt vert alt som synest grått,
og ein kjenner hjarta bannkar.
Jolesnø og klokkeklang,
Jolefred og jolesong.
Jola kjem med fred og fryd.
Gleda rik til små og store.
I heimar kring i by og bygd. -
songen stig kring jolebordet.
Om barnet fødd i Davids stad -
glad me syng vårt jolekvad.

Jola det er barnets fest,-
augo skin og gleda lyser.
Utan tvil og vonbrots brest,-
dei den glade trua hyser.
Bort han kverv den kalde tvil,
for den varme barnesmil.
Vesle barn kom herned,
frå sitt høge himmelrike,-
gjev oss frelse, frygd og fred,-
kom herned som bror og like.
Med sitt varme livsens ord-
til vår kalde, arme jord.

Jola bod til alle ber
kring i heile vide verda.
Spreider lys og varme gjer -
der ho innom stig på ferda.
Strålar gjennom sinn og sans,
med ein eigen himmelglans.
Jol - å for eit fagert ord, -
Sælt og søtt det hjarta grøder.
Englar syng om fred på jord,-
fred og hugnad mellom brøder.
Der Guds fred får sleppa inn,
vert det jol i sjel og sinn.
Bj.A.
God jol til alle!!