onsdag 6. mars 2013
tirsdag 5. mars 2013
Girls...
Eg må betru at eg aldri har vore slik ei jentejenta som går i flokk. Ikkje for at eg ville hatt noko i mot det, eg hadde vel alltid lyst å vere med, men mest fordi eg aldri knekte koden, ikkje fekk te fnisinga og ikkje forstod blikka. Kjende meg so lite fri i lag med desse jentene. For meg vart dei som ulveflokkar ein kald vinterkveld. Skremande og litt farlege...sånn so ting gjedna è når ein ikkje forstår dei...
Eg er vel kanskje meir ei "Girls" jenta, der ingenting er heilt A4 og silkeglatt, men meir disfunksjonelt og litt hjelpaslaust. Der har du meg... ;D
Slå ut håret, finn frem hælene, paljettene og din stil kanskje ispedd litt galskap, og bli med på jentekveld!
..skriv NIB i denne månadens utfordring. Eg trur eg vil sei at eg har gje for litt galskap, for dette er ikkje innforbi mi komfortsona, men so dei seie, da è jo heller ikkje der magien skjer..
Etiketter:
Blomer,
Borddekking,
Fest,
NIB
Sukkersøtt
Eg kjenner at eg er inne i ei fargeglad tid. Mykje sukkersøtt og på grensa til klissete romantisk. I staden for å kjempe i mot har eg i år vald å berre lesse på. So får me sjå kva som skjer, om da går øve tå seg sjølv eller om eg berre har funne meg sjølv :D
Etiketter:
Blomer,
Lenande glashus,
Vår
mandag 4. mars 2013
No er eg lei
Kanskje ikkje den mest oppløftande tittelen, men no har eg fått nok av humpete og isete vegar. Da rigna, da snjoa, da bles, da frys og da rigna igjen. Hjelpes for nokre fødselsvea me må gjennom før våren endeleg kjem...
God mandag! :D
Etiketter:
Blomer,
Lenande glashus,
Vår
søndag 3. mars 2013
Sundag og hardtrening
Ein roleg sundag med stor mental innsats under tremila.
Ein kopp kaffi og to i drivhuset. Tekoppen fekk ta vare på ranunklane som berre bikka over i vasen i dag tidleg. Vakre er dei, men litt i mesta lage sarte. Ellers skriv me mars og denne månaden vaknar det meste frå vinterdvalen både ute og inne. Eg gler meg!
Etiketter:
Blomer,
Lenande glashus,
Vår
lørdag 2. mars 2013
Vår i stova
Og her var innlegget. Det var ein sur laurdag i hakkadalen, vind og snjo. Eg hadde plana om å bruka dagen i drivhuset men vart verandes innandørs då vinden blas tvers gjennom det stakkars drivhuset. Trur det får halde med kjøpeblomar ei stund til, det går i allefall ikkje fort me dei nysådde.
God laurdagskveld!
Side by side
Her finn de ein film som prøver å forklare korleis setje opp to bilder attmed kvarandre i eit blogginnlegg. Ber om orsaking for lyden, har kun ein laptop med innebygd mikrofon so lyden vert litt deretter. Dialekten er vel kanskje og eit kapittel for seg sjølv.... :D
Det kan vere litt smått å sjå filmen her i bloggen så velg gjerne å sjå den på youtube i HD
Det kan vere litt smått å sjå filmen her i bloggen så velg gjerne å sjå den på youtube i HD
Håpa da kunne hjelpa nåken te å få fleire bilde på rad og rekkje..
Fekk fort tilbakemeldinger på at bildeoppsett er superenkelt med Windows Live Writer, eg får ikkje installert den og kan desverre ikkje vise noko frå den, men her finn de ein fin innføring.
Fekk fort tilbakemeldinger på at bildeoppsett er superenkelt med Windows Live Writer, eg får ikkje installert den og kan desverre ikkje vise noko frå den, men her finn de ein fin innføring.
fredag 1. mars 2013
Blott te(a) lyst
If this is coffee, then please-bring me some tea. But if this is tea, please bring me some coffee.
~Abraham Lincoln (1809-1865)
Eg er inga te-kjerring. Eg er ei tå dei so syns te e verre enn da mesta. Ikkje da, kaffi e no ikkje særleg godt heller, om ein ser slik objektivt på da, men da e no da eg drikk. Ein gong for å ha nåke å seie, so sa eg at te var varmt vatn med lukt, kun egna for lærarstudenta som sit snusfornugtige og drikk i blå keramikk. Utsagnet fall ikkje berre til jorda som ein stein, nei det vakte harme. Aldri har eg fått passet mitt so til dei grader påskrive. Kort oppsumert vart me kaffidrikkarar redusert til annenrangs borgarar medan tedrikkarane sat med sjølve svaret på livets gåte. Eg har vore meir forsiktig med min tekritikk etter det...
..og kvifor skulle eg no eigentleg ikkje det. Eg har dei herlegaste veninner som drikk te, og nettopp for dei måtte eg på tekannehandel etter at den gamle frå Ikea sa PFOTT og delte seg i to heilt på eigahand, her hin dagen. Eg har sett litt rundt og lika godt den til Eva Solo med strikkajakka og nokre sjarmige med gullprikkar har eg og vurdert. So hin dagen på Patina kom eg over denne dama. Det er ei orginal Sadler tekanna med nummer og signatur. Ein liten skatt i mine auge og med herleg gull som eg har ein liten fetisj på akkurat no. SO no kan de komma og drikka te hjå meg...lærerinder og andre... :D
torsdag 28. februar 2013
onsdag 27. februar 2013
VossUp?
I dag har eg fått gleda av å verta guida gjennom mykje Voss, av ei ekta vossataus. Da va veldig kjekt. Da einaste eg kanskje burde styrt unna va fyst Danglo opp og so Dinglo ned på veg te og i frå Hanguren fø å møta resten tå dei respektive fameliane fø ein pitstop på utsiktsposten. Dei brukte dagen i Bavalen på ski. Tåskaskap, men eg øvelevde no heldig vis. Me avslutta dagen på Patina på Evanger og dar kjøpte eg meg noko skrekkjeleg flott som eg skal visa ein anna dag. På Patina fekk me verdens beste sørvis som vanleg.
Og alle va einig om at det hadde vore ein kjekk tur.
Etiketter:
Turist
tirsdag 26. februar 2013
Frukost i det grøne
I går hadde eg fri og tok frukosten i drivhuset. Det manglar litt enno før det ropar vår der og. Store gamle ulltepper dekker murveggen for å halde kulda ute. I natt var vi nede i minus 10, da seie seg sjølv at vinteren ikkje har gjeve opp enno. Og ikkje eg heller...for statistikken viser at det er nesten 9000 år sidan siste gong våren ikkje kom, so da e gode odds for at han kjem i år....
Etiketter:
Lenande glashus,
Vår
mandag 25. februar 2013
Sol i glashuset

Bada i sol er det lett å få opp temperaturen, men i natt klarte ikkje drivhusovenen min å halde meir enn 10 grader. Eg veit eg er litt tidleg ute i eit uisolert drivhus, men tek sjangsen. Spiring er ikkje lett med så låge nattetemperaturer, men snart vert det plussgrader ute og då kjem det seg i drihuset og.


Det var heilt herleg å sitje inne i lag med blomane og sjå på snjoen som låg kvit og kald ute. No er eg verkeleg klar for vår, håpar han kjem snart..
Vert nok mykje herifrå i tida framover. No ventar eg berre på sola so eg kan ta kaffikoppen med meg ut der og nyte føremiddagen i lange drag.
God mandag!
Etiketter:
Blomer,
Lenande glashus,
Vår
søndag 24. februar 2013
Morgonstund
Eg har tilbrakt mesteparten av dagen i drivhuset, men før det fekk eg nyta formiddagssola i djupe drag då resten av gjengen for te Voss for å stå slalom... eller kva det heite(?) Skuldra mi gjev meg enno ei orsaking for å sleppe unna nedoverbakkekjøring. So eg har kosa meg, sjølvsagt i lag med PIP her i sola.
Nokre gonger tenkjer eg at me må vere dei siste menneska på jorda som ikkje har ei eller fleire kaffimaskiner. Kvar gong temaet kjem på bane endar me opp med ynskjer som øveskrid lommebokvolumet og enden på visa vert kvar gong...at me framleis må laga kaffien vår på gamlemåten...
Dafø e detta innlegget og ein søknad i NIB si"finaste morgonstund" utfordring dar premien ikkje er ringare enn.... ei kaffimaskin. Eg er klar over at eg bør belaga meg på kokekaffi ei stund til for der var ein skokk flotte bidrag, berre sjå HER.
Glashusstemning
I dag er eg so lukkeleg fordi eg skal fyre opp glashuset for året. Huset er ikkje isolert så det vert ei kostbar affære (heldigvis har me Noregs billegaste straum), men eg klarar ikkje vente lengre. Om det viser seg at eg ikkje klarar halde oppe spiretemperatur, får eg ta plantane med meg inn, men eg håpar at vinteren veit han er gårsdagens nytt og at alle veit at våren er det nye kvitt...
Her ser det stemningar frå drivhuset i går, no skal eg ut og så....kjem sikkert bilder frå det seinare i kveld.
Tudeluu!
Etiketter:
Lenande glashus
Abonner på:
Innlegg (Atom)















































