fredag 12. september 2008

Fredag og potepitling

I mangel av bilete av "buttoms up" i åkeren får det verte desse i dag:



onsdag 10. september 2008

Haust

Det var ein vakker ettermiddag.


Mykje rart ein skal sjå langs ein stille landeveg. Avdøde rundballar på veg tilbake til det opprinnelege
Høsten var komen for ein del av trea i skogen

mandag 8. september 2008

American pie


I dag har eg baka pai igjen. Eg fekk ein gong ei kokebok som er heilt fantastisk. Alt eg har laga frå den boka smakar. Det smakar for det meste fantastisk og nokre få smakar berre kjempegodt. Vil gjerne få gje mi anbefaling av denne boka; Amerikas beste paier utgitt på Orion forlag

Har søkt på nett etter den men den verkar å ha forsvunne frå hyllene til alle bokhandlar. Nokre bibliotek har den kanskje att. Tek meg difor fridommen å gjengje ei oppskrift frå den.

Dagens pai: Plommepai...


Fyrst lager ein ein dobbel paideig. Den (doble) består av 6 dl kveitemjøl, 1 krm salt, 225 g kaldt smør i cm store bitar, 2 ss sitronsaft og 4-6 ss isvatn. Bland det tørre og tilset sitronsafta og vatnet slik at deigen kan formast til ein ball. Form den so til ein ball og trykk den ut til ei rund kake. Legg den i kjøleskåpet i min 4 timar. Gjerne ei natt. Ta den ut frå kjølen ein halv time før du skal kjevle deigen ut.

Ein tek so ca 1,5 liter plommer og skjer dei i små båtar og let steinen liggje att.
Bland plommene med 1 ss pressa sitron. Bland saman 1 toppa dl sukker, 3 ss brunt sukker, 3 ss maisenna, 1/2 ts kanel og 1/2 krm salt. Bland dette saman med plommene, bruk gjerne hendene slik at mjølet fordelar seg godt


Set ovnen på 225C. Kjevl ut deigen og legg paiforma over deigen og skjer rundt formkanten. Skjer ein ny sirkel ca 2 cm utanfor den fyrste sirkelen. Ta bort forma. Legg den utskorne ringen på paikanten og trykk den fast. Trykk ut hjarte med pepperkakehjarteform og fest dei i kanten på forma etter at fyllet er kome i og 2 ss smør er fordelt klattvis over fyllet. Hjartene festar du til kvarandre med litt vatn.
Lag eit låk av hjarter over paien og sjå til at der er hol og opningar slik at dampen kan sleppe ut. Strø 2 ss sukker over låket og drypp litt vatn over før du set paien i ovenen.


Set paien i nederst i ovenen i 20 min. Reduser deretter varmen til 200C og steik vidare i 30 min. Server varm med vaniljeis!

søndag 7. september 2008

Eit glimt av sumar

September er god mot oss.









lørdag 6. september 2008

Prinsesseskåpet



Det var ein gong ei prinsessa frå landsbygda, som elska kjolar og stas. Ho ville so gjerne ha eit prinsesseskåp til all stasen. Og slik vart det til, etter inspirasjon frå det danske magasinet Isabellas (heilt klårt mitt kjæraste magasin)

Skapet såg opprinneleg ca slik ut:

Etter to dagar med sag og hammar, malekost og mykje pågangsmot så det slik ut:




Nå må et leggjast til at dette ikkje er underteikna sin stil. Men prinsessa vart svært nøgd med prosjektet.

fredag 5. september 2008

Det er med gode ideer som med sopp

..der man finner én er det ofte flere.Hans Carossa.

I dag vil eg vise dykk kor vakre soppar kan vera:

Oransjebeger (denne et me ikkje, men den veks gjerne i grusen utanfor huset ditt)

Raudskrubb (trivst best i flokk) Denne kan de eta, men plukk ikkje og et ikkje sopp med mindre de veit kva de held på med. Bruk soppkontroll om de er i minste tvil.

Napoleon med sin hær...usikker på kva denne soppen heiter, men den et me heller ikkje.

Beste Bestevenner! Dette er ein slørsopp og den et me aldri!

Alle desse under er ikkje etandes (uspiselige) hettesoppar. Dei er berre vakre.





torsdag 4. september 2008

Snubleferdig dag..

Tung dag under tunge skyer...må kvile augene litt








onsdag 3. september 2008

Presentasjonen

Kven eg er?
Kven eg er kan nok rettast visast gjennom det eg likar.

Akkurat no likar eg SOPP!



Eg likar heile hausten å gå i skogen på leit etter sopp. Finst ikkje betre fritidssyssel enn det. 14 turar på 14 dagar, aldri kortare enn 2 timar, helst dobbelt. Massevis av frisk luft og god trim. So kjem ein heim og kan med fangsten trylle fra dei lekraste rettar.


Eg likar å ha ein plan



Eg likar heile tida å ha prosjekt som gjer at ting rundt meg er i konstant endring. Eg leitar etter det optimale. Finn det aldri. Leitar likevel. Det vart etterkvart også naturleg å bry seg om interør og det eg har rundt meg. Huset vårt er 3 år no. Hastig og litt planlaust kom det til. No prøver eg å finne harmoniar.

Eg likar blomar

Kvar dag det gror i hagen må eg ha meg ein rundtur for å gjere meg kjend med alle dei små og store endringane som har kome i løpet av natta. Denne turen gjev stor fred. (så lenge hjorten ikkje har vore her og ete opp alt som er vakkert) Hagen er ny og det meste av arealet er framleis ukultivert. Gler meg til framtidige prosjekt rundt huset.

Eg likar saum
"Bratte Bakkar" er glad i handarbeid og lagar mykje forskjellig. Men ho har desverre vanskar med å gjere arbeida sine ferdige. Er litt utolmodig" (Var å finna i ei vurderingsbok ein gong på 70-talet)

Eg likar frukt og bær
Eg likar å plukke bær og hauste frukt. Eg likar å samle i lader og rader :). Ein kvinneleg jeger som kun jaktar på det som står i ro.....

dette er likør...bjørnebærlikør, blåbærelikør, ville bringebær..likør og hasselnøttlikør........;)



Eg likar å fotografera


Mest av alt likar eg å kvile augene på harmoniske tablå. Augene ser så mykje ildt og sørgeleg kvar dag gjennom aviser og TV. Eg vert glad når eg kan kvile augene på noko eg tykkjer er vakkert. Difor likar eg å ta bilete. Harddiskane mine er fulle av bileter. Ingen ser dei. Difor bloggar eg. Eg tek fram bileta mine og syner dei til deg.

Summen av dette innlegget les eg til ein estimert alder på 62+. Røynda er ikkje fullt so overmoden. Trettiti som ungane seie....nok det og.

Redigert 2 år seinare...

Inspirasjon: At noko vetig siv inn, mellom dei par og tjue bloggane eg vitjar for dagen og 5 ulike interiørmagasina eg abonerar på, kryssar eg fingrane for.

Min favoritt: Skuvsenga eg arva etter bestefar og som eg for eit par veker sidan med sorg i hjarta bar på lager, avdi eg ikkje har ein brukande plass til henne lengre. Senga har fylgd meg sidan eg for på hybel i 15 årsalderen og heilt fram til dotra mi overtok den for nokre år sidan. No var den lite eigna for overnattingsgjestar sidan den er både kort og smal, så den måtte vike plassen for framskrittet, seng med ekstra madrass i skuffa...eg vrir meg, men ungane kjem alltid fyrst :)


Draumeheimen: Er nok huset på Andås. Garden der mor mi vaks opp. Fjellet på eine sida og sjøen på andre. Stort hus på over hundre år, med 10 soverom, to stover, to kjøkken, enorm kjellar, eit mørkt og skummelt høgaloft... og eit mikroskopisk toalett. Hage full av bær og trær. Sjøen rik på middagsmat. Eg minnes sommardagar med lukta av varmt panel, opne vindauge med heklagardiner, den friske lukta av sjø og ferie... Til mi store sorg har dette prakthuset ste til forfalls i årevis. Odel og arv...og lite ressursar. Skulle ynskje nokon som elska huset fekk hendene sine på det og redda det fra elende.

Uønsket: Er so gamal no at eg veit at eg kan venne meg til alt, og tilogmed tykkje det er vakkert...

Drømmedag(?): Kvar dag

Det brenn: No har eg sikra alle bilda med Mozy so no er det berre mann og born so må reddast ut.

Godfølelsen: Ville vore ein dag med slekta i det nyoppussa huset på Andås...

tirsdag 2. september 2008

Regnfull tirsdag

Etter lange, vakre augustdagar har varmt regn gjeve oss alle ein god grunn til å sove middag, sjå tullete "dameseriar" på TV og kanskje skrive eit blogginnlegg og to.