Eg vil med dette innlegget kort takka alle trufaste lesarar som klikkar seg inn dag etter dag
og leitar etter nytt frå Hakkadalen
eg ville vel kanskje kategoriserer livet mitt for tida som
litt på hæla
ein kamp om å kome i mål
i tide
og utide..
hagen let vente på seg i år
sola skin, men kuldegrader om morgonane talar sitt eige språk
eg er framleis plenlaus
ikkje mykje som spirer i 5 varmegrader
og hagl
fuglane har forsynt seg friskt av grasføa også
så den vert kanskje vel luftig når den eingong kjem :D
eg prøvde å beise terassen
styrte på og fekk neglesprett i sola
det er så kaldt at den aldri tørkar skikkeleg
og no er den full i fotspor etter folk og katt
og beis fins no både ute og inne :D
men sommaren kjem
om me vil eller ikkje
så det gjeld å vere klar
så ein kan sitje lenge og nyte i sola!