mandag 17. mars 2014

Ein dag til


 

med bilder frå kjøkkenet
sopass nøgd er eg

søndag 16. mars 2014

Gamalt nytt

 

Eg var so heldig at eg arva da flotta, gamla eikespisebordet etter besteforeldra mine
Bestefar min vann det på eit lotteri, saman med 6 stola, ein skjenk og ein anretning, tidleg på 40-talet
Alt er nok laga på ein lokal møbelfabrikk og var sikkert ganske fornemt i si tid


Mor mi har vakse opp med det bordet og det same har eg kvar gong eg vitja besteforeldra mine 
Mange kjekke måltid har me hatt rundt det i åra som no ligg bak oss
Men som med det meste, storheitstider vert til nedgangstider og lenge har bordet
ste og venta på at tidene skulle snu atter ein gong
og med ein veldig tvilande familie som publikum tok eg utfordringa

 

Ikkje so mykje som skulle gjerast eigentleg
bordplata i eik skulle pussast, eg ville fjerne restane av den orginale svarte beisen
og pusse lett over beina. 
Som de ser av alle dei gamle bileta, var det alltid duk på bordet slik det vel helst var i gamle dagar. 
Ein av grunnen kan no og vere at innleggsplatene er laga i furu og opprinnleg ubehandla.
Eg pussa ned alt og beisa det i same farge og mala beina med svart høgglansmaling


Og strengt att så var det alt. 
Eg synes bordet er veldig vakkert og resten av familien likar det og 
sjølv om det er litt mindre komfortabelt enn det vi hadde før
Og det er ikkje te å stikka onna ein stol
at eit bord med ei historia er klart å foretrekka
spesielt når det er mi eiga..


og i morges fortsette historia..

lørdag 15. mars 2014

Optimisten

 

So eg nevnte i går, stod prosjekta i kø
og all erfaring tilsa at det ville ta tid
og at eg berre burde forvente å få eit eller to i havn

 

og sjølv om eg veit og forstår
så tenkjer eg innst inne 
med sjølvaste meg...kvar einaste gong
at i dag skal alt verta ansleis
i dag skal eg få gjort alt
Kven trur de fekk rett? 
realisten eller optimisten?

fredag 14. mars 2014

Endeleg fredag

 

Med store plana fø helja er ho eit kjærkomme syn der i det fjerne
Eg trur eg har minst 11 prosjekt eg tenke å gjennomføra
får vel vere nøgd om eg klara å komma i mål med tottre
Ha ein fin fredag!

torsdag 13. mars 2014

Going solo



I går gjekk eg i gong med eit prosjekt som eg står heilt aleina i
eg har gje mot familieviljen 
og begynt å rehabilitere eit gamalt kjøkkenbord
Resten av familien vil ikkje ha det
dei syns dette er både upraktisk og kanskje heller ikkje so fint...
men eg, eg gjer meg ikkje før da e bevist
at da ikkje går...



Er ganske spent på korleis det vert når ein ikkje gjer om gamalt
men berre prøver å setje det tilbake i gamal stand
eller gamal ny stand vert det vel :D

tirsdag 11. mars 2014

Papir

 

Då papirbretting vart slik i vinden og pompoms i alle variantar inntok interiørscena for eit par år sidan
syns eg faktisk da va veldig lekkert. 
Da e nåke reint og og asketisk over papirinstallasjonar.

mandag 10. mars 2014

Litt russjen


nett i dag
kjenne eg meg akkurat slik
litt rusjen
litt øve blomstingstida
slak
rett og slett
litt måndag

søndag 9. mars 2014

Regn


Etter å ha sett på utallige solbilder på Insta stakk eg ut ein tur
for å visa finaveret vårt
regn...regn...regn..


litt fint da og

lørdag 8. mars 2014

Bedbugs bite


Da e viktig å få takka NIB for dei fine utfordringane dei dreg i gong
ikkje er dei berre kjekke og inspirerande, dei er også veldig motiverande..
kvar månad får ein stakkar ein grunn te å ta eit og anna rom litt meir grundig enn vanleg
denne gongen fekk eg rydda soverommet
Eg har sett på alle dei fine bidraga som er komne inn
og fekk masse inspirasjon te å ta eit tak i mitt eige :D

 

Me har eit pikyrnandes lite soverom som det er veldig vanskeleg å ommøblere og også å ta bilder i
Da e i store trekk berre plass te senga og eit par nattbord
ei stund sov me med hovudenden inn under skråtaket på mi sida
då fekk eg verken sova eller pusta så det vart det heldigvis raskt slutt på


Sengegavlen e heimalaga, korleis kan de sjå her
Da va dei tide da va in å laga sengagavla tå både da eina og da hitt
Me har smartpanel på veggane, da e litt bale no i retrospektiv
Da va smart då me bygde, men no kunne eg tenkt meg tapet
Me får sjå, kjem tid kjem råd..

 

fredag 7. mars 2014

God helg!


no må de eta både bolla og snop!

torsdag 6. mars 2014

Siste glimt


fra helga som var
Det er mykje blomebilder på bloggen min
tenkte kanskje eg måtte ta meg litt saman for å ikkje verte for einsformig
men so er det vel kanskje det eg er
(litt so vestlandsveret)
einsformig
og
...opphengt i blomer...
God torsdag!

onsdag 5. mars 2014

Tulipaner er ikkje


den vakraste blomen eg veit
men det er den som har gjeve meg mest glede
når eg treng den mest
på vinteren
so ein slags favoritt
er den no lell


tirsdag 4. mars 2014

Vårplanter



Eg var so heldig å få "vareprøver" av vårplanter hjå mor mi
Tulipaner og krokus liver jammen opp i kvardagen

 

Ranunklane var ei gratispakka med 50 stk der alle var delvis øydelagt
eg klarte redda ein ni-ti stk med nitid arbeid
(Trur kanskje ranunklar slit litt med lang transport og røff behandling
sarte og delikate som dei er.)
Og no er det såtid i glashuset.
Sår du sjølv, og evt kva blomer er din favoritt?

mandag 3. mars 2014

Mandagspastell

 

Berre eit par lette bilder frå drivhuset


Mandag kan nokre gongar vere tung å få i gang
i allefall etter ein fin ferie
Ynskjer deko ein lett start på veka

søndag 2. mars 2014

Fastelavn


Fastelavenssundag avslutta ei herleg vinterferieveke
Ute er det vår og det herlege dagslyset (og til tider sola) har vendt tilbake

 

Eg vil og nytte høvet til å takke for utruleg fine kommentarar på tidlegare innlegg. Skal ha meg runden og takke den enkelte, men vil også nevne det her og no.
Ha ei herleg ny veke!