...ja, dette spørsmålet fekk eg i ein epost frå IForm for eit lite øyeblikk sidan. Ja, og det er vel ikkje heilt fritt. Jula har i allefall ikkje hjelpt på, so no er det som vanleg, striskjorta og havrelefsa, eller var det egg og bacon? I alle fall, nytt år, gamle fortsett. Eit voldsomt ynskje om å verta noko betre enn det ein klarte året før. Sanninga? Eg trur det ikkje før eg ser det....

Den fine tapeten frå nyårsinnlegga under heng desverre på bror min sin vegg i Haugesund. Lysten var der, men eg held meg i skinnet då eg for i dag tidleg. Reknar svigerinna mi ikkje ville lika å kome heim frå arbeid og finne at det mangla ei stripa tapet på stoveveggen....
Når det gjeld IForm og omkrinsen på denna damo, so kan eg no i alle fall sei so mykje; da e no i allefall ikkje nok å abonnera på bladet......