tirsdag 15. februar 2011

Vårlengt...



I god norsk stil, skjemtar me litt her i dalen med tanken på å starte ei eiga Facebook-gruppa mot meir snjo og is...

mandag 14. februar 2011

Ny dag, nye høve...


..er vel eigentleg alt eg har å sei...

søndag 13. februar 2011

Kva skal ein med retro..

..
Når ein har levd orginalen....



De får ha oss som har levd trenden fyrste gongen orsaka, om me ikkje kastar oss uhemma på på i neste runde...
...
(Skjønt den fyrste tapeten, med bilane, kunne eg godt tenkt med den dag i dag..)

lørdag 12. februar 2011

Endeleg sol og endeleg helg...




...kva meir kan ein be om?

fredag 11. februar 2011

Da bles...

Sjølv om sola ser varm og forlokkande ut ein vintersdag, so har det ein tendens til å blåsa kaldt på toppane.....



.....eit innlegg i debatten om herskekulturar og skittent spel i politikken....

onsdag 9. februar 2011

Ei oppreising....

Har litt dårleg samvit for korleis dalen min vart framstilt i forrige innlegg. For berre etter ein virvlande dans med våren.... ser han slik ut:


Her kan de vere med på sykkeltur til jobb ein sumardag

Tenk om det var like lett for meg å skifte hamn etter ein dans med våren....

tirsdag 8. februar 2011

Postnummeret er ikkje lengre i bruk...

Det har vore dei som har tatt til orde for vinterstengning av Hakkadalen. Når jula var vel over, skulle me stengje skoddene og fare til verda utanfor og fyrst i mai eingong, var tida komen til opning av dalen att... fasinerande og til dels freistande. I dag er bileta teke i fart, på veg heim...

Dalen framstår som eit verkeleg oppussingsobjekt med stort potensiale...

mandag 7. februar 2011

Du skal få ein dag i måro...

søndag 6. februar 2011

Eit slags smykkeskrin...

..siste sak ut er det vegghengte smykkeskrinet mitt som har ein lei tendens til å verte litt overlessa. Det praktiske har ofte ein tendens til å vinne over det estetiske...



..lett å velgja kva ein skal ta på seg på jobb om morgonen...



Ramma er frå Fretex og kosta 50 kroner. Den kom med noko ikkje svært minneverdig, men dog så reprodusert, kunst inni..Den er no skjult bak eit stykkje strie som gjer det lett å setje nåler i.

...opne rom....

IKEA har sjølvsagt stor plass hjå oss. Eg er glad i dei opne reolane deira og brukar dei både til sko og klede. Kanskje ikkje heilt som dei hadde tenkt seg dei, men fungerer godt hjå oss. Når det gjeld orden i klehyllene så er det mannen i heimen som praktiserer nyttig kunnskap frå militærtida....på ungane sitt bad i 2 etage...


lørdag 5. februar 2011

På gang...




Ja, tanken var en liten vandring rundt i ulike oppbevaringsprosjekt i huset. Men tid og lys har det vorte litt lite av, så rundturen har stoppa litt opp. Prøver igjen og i dag tok eg for meg gangen. Utfordringa der er at store mengder klær og sko skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg, men helst ikkje synleg...



Dagleg er det ikkje fullt så "luftig" på knaggane, men for anledningen tenkte eg å visa utopinen :)

I gangen får eg aldri nok av korger, kister og knaggar. I tillegg til dette, som er forbehalde ungane, har me store IKEA skåp på ein anna vegg og "skohylle" på ein tredje. Eg kunne hatt tre gonger til, og likevel ville det "bugna over". Hattehyllene er heimalaga, hyllebenken frå Bohus og kurvkista frå Home and Cottage. Rudolf levde vel ein gong lukkeleg på ei eller anna vidda...


Og det var det for denne "gongen"......

onsdag 2. februar 2011

Oppbevaring...

Sidan utfordringa denne månaden frå NIB er O P P B E V A R I N G tenkte eg skulle bruke det til tema denne veka. Fyrst ut er ein gamla kasse frå tidleg 1800-tal som kanskje har vore ei posthylla, og kanskje ikkje. Den er ikkje mi, den er lånt for høvet, og takka for merksemda med å gje meg ei 250 år gamal flis. Rustikk nok for meg.....


I dag spelte ikkje lyset på lag med meg. Den nydelege PIP-en var heilt perfekt til det elda treverket. Litt vaklevore, men ei flott hylla om eg hadde trengt det ....