søndag 17. april 2011

Palmefrukost - the manual..

Då eg lagde forrige innlegg hadde eg ein omfattande ide om også dele med dykk både oppskrift og framgongsmåte. Det fekk eg ikkje tid til då tida heilt plutseleg begynte å renna ut...og heile familien skulle på middagsbesøk. So eg prøver igjen.


Oppskrifta er nokre mjuke brytebrød som eg har laga i åresvis, sidan oppskrifta er veldig enkel og kjapp å lage, på morgonskvisten før resten av huset kjem seg på beina.

Ca 7 dl kveitemjøl
2 ss sukker
1 1/2 pk tørrgjær (eg bruker 50g vanleg gjær)
3/4 ts salt
2 dl varmt vatn, 45 - 50C ( eller 38C om du bruker vanleg gjær)
2 ss olivenolje
1 egg

Bland gjæren med veska og egget. (om du brukar vanleg gjær) Bland så i det turre. Deigen treng ikkje forheva, men har som alle deigar godt av 10 min i ro og fred. Rull deretter ut rundstykker, eller trykk den ut i ei lita langpanne om du vil lage brytebrød. Då snitter du opp deigen i 16 biter med ein skarp kniv.


Eg vel nokre gonger å kjevle deigen ut til ca 1 1/2 cm - 2 cm og bruke julebakst utstyret og lage passande hjarterundstykker. Dekorativt og litt kjekt også.

Etterhev i 20 min. Steik rundtykka på 225C midt i ovenen ca 15 min. Du kan sikte litt mjøl over dei før du set dei i ovenen. Dei skal vere litt hule i lyden når du bankar forsiktig på dei.



I dag stod eg tidleg opp for å få desse i ovnen kjapt. Sure miner vart det av familien då dei måtte ete frukost i herleg dagslys sidan eg skulle ta bileta mine. Eg måtte hastig avslutte fotosesjonen. Dei foretrekk heilt klart påskegult lys levert av Hakkadalen Kraftlag.....

9 kommentarer:

  1. Mmmm, den oppskriften må jeg prøve :O) Det så bare nydelig ut.
    Veldig fin blogg du har :O)
    Ønsker deg en fortsatt god påske!
    Carina :O)

    SvarSlett
  2. Akkurat passe frokostdose med gult og lilla. Jeg er ingen gul pynter, men når mat og drikke og en enslig påskelilje gir et påskegyllent skjær - ja, da er det kult med gult!

    Kjekt med tips om bakst som kan gjøres unna på morgenkvisten :) Kanskje blir det prøvd i påsken.

    God påske fra Moccamamma!

    SvarSlett
  3. Heilt seriøts dei kulaste rundstykka nokon sinne!!

    Og FANTASTISKE bilder!!

    KLEM!

    SvarSlett
  4. Takker for oppskriften:)Jeg skrev i forrige kommentar at jeg skulle lage disse herlige hjerterundstykkene, men kom aldri så langt i dag. Godt jeg har noen fridager i påsken:)

    SvarSlett
  5. Tusen takk for at du deler oppskrift. Ser herlig ut!! Dette skal jeg helt klart prøve.

    God påske til deg!!

    SvarSlett
  6. Eg er ingen stor baker, ingen liten baker heller forresten... Men dette såg veldig godt og koslig ut !! Kanskje eg må få dotter mi på banen, ho som eg har tenkt skal lika å baka .......?

    SvarSlett
  7. Hei du :-)

    Synes jeg ser dere... Sultne unger som står å stirrer på maten med et bedende blikk - men ikke får spise før lyset er riktig ! :-)))

    Herlig !

    Ønsker deg ei god påske :-)

    SvarSlett
  8. Dette var noen skjønne rundstykker som jeg helt klart må teste ut en gang. Om ikke til frokost så iallefall til lunsj. Her er nemlig barna så sultne når de står opp at de må fores med en gang:)

    Du tar så flotte bilder! Jeg er facinert.
    god påske. Klem Vivian

    SvarSlett
  9. Namnam! Nysteikte rundstykker med egg og karse! Eg vart svolten! :)

    Ynskjer deg gode påskedagar!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.