torsdag 12. mars 2009

Slank på 30 minutter!

Det heile starta ein morgon eg oppdaga at ein kollega av meg som alltid pleide koma ruslande litt før lunch, plutseleg sat på kontoret sitt då eg kom på arbeid om morgonen. Ja det starta vel eigentleg 3 år før det, då eg stumpa røyken for godt.



Kollegaen min er ein flott kar som har slite litt med søvnen og takka vera flexitid og kjekke arbeidsgjevarar var dette eit heller uproblematisk problem, arbeidsmessig sett, men for min kollega har dette forringa livskvaliteten betrakteleg. Og no for andre morgonen på rad sat han der, meir frisk og opplagt enn eg nokon gong har vore...i alle fall ikkje på den tida av døgeret.

Jau forklaringa var like fantastisk som forandringa. Hypnose.



Ein tredje kollega hadde funne ein serie hypnoseinnspelingar på internetten. Engelsk utgåve. Gratis sjølvsagt og fungerte som ei kula. No har eg ikkje søvnproblem, eg søv som ein gråstein. Nei, eg slit litt med duvande former som er litt for lette å ta i og som eg nok desverre er litt mindre glad i. Etter utallige forsøk har eg slanka på meg snart 20 kilo og såg no håp i tunellen. For i serien hypnoseinnspelingar var der ein som omhandla vektap også.

Så tenkt så gjort. På med øyreproppane og langflat på sofaen. 30 minutter til lukka!

Tja, kva skal eg seie. Då stemma påstod at eg var ”relaxed in a deep deep sleep” gjennomgjekk eg dei felaste nyhendesakene eg hadde lest denne dagen. Eg planla middagen i vekesvis framover og høyrde etter om ungane leika fint.

Då eg skulle ga ned dei 20 trappestega til ”total relaxation”...vart eg heilt fiksert på kva slags trapp dette skulle vera. Var ho bratt som ei troppa i eit kyrkjesakresti? Eller kanskje ei brei hollywood troppa i kvit marmor? Og korleis skulle eg ga? Fyrst eine foten og så den andre etter, eller eit nytt troppetrinn med kvar fot?

Det kjem vel ikkje som eit sjokk at eg fekk ikkje med meg noko som helst. Eg kom meg aldri inn i hypnosen. Eg klarar aldri slappa av. Men der er håp i hengande snøre og ein hypnosetime omhandla sjølvsagt det også....læra å slappa av!



So det bar nedatt på sofaen med store øyreklokke og supermotivasjon. Mykje av det same. Same troppa, same diskusjonen med meg sjølv. Og sjølv om eg var einig med stemma at eg fortene å slappa av etter lang tids stress gjekk det ikkje so mykje betre denne gongen.

Eg prøvde å kjenna på freden og gleda stemma påstod var vorten meg til del og ho avlutta med at når eg no reis meg opp og gjekk utatt i livet skulle eg føle meg bedre enn nokon gong før, litt av ein påstand....eg reis opp, gjekk ut, og leita ette noko eg kunne knusa....

Moralen? Slank på 30 minutta? In your dreams! Og ver forsiktig med slikt du lastar gratis ned frå internetten....

No skal da seiast at stemma advara to typar meneskje om at dei kanskje kunne vere vanskelege å få i hypnosen. Du tenkjer kanskje som eg at intelligente sjeler ville slita? Nei, dei er vist dei lettaste å hypnotisera. Da e desverre i andre enden av skalaen største problemet ligg. "Nokre", seie stemma, "har rett og slett for låg IQ til å verta hypnotisert."... så der for den illusjonen...



..den andre typen? Dei som lurar på kva trappa dei skal gå ned.....

Da høyre vel og med til historien at 30 minuttar trim for dagen også ber frukter i fleskedepartementet :)

8 kommentarer:

  1. Fniiis!
    Skamløye!
    Trur eg og har sabla låg IQ... Det er ikkje enkelet å handtera kunstarten avslapning...Men om me øver jamt og trutt kjem me sikkert ned mang slags trapper!:)
    Marmor....det er jo bra fint..eik..ikkje furu..kvitmåla?

    SvarSlett
  2. lol:):) Takk for deling av en utrolig humørfylt historie:)
    MEN faktisk har jeg litt tro på slik hyponoser, men kanskje ikke gratis fra nettet.
    Når det gjeld slanking er det hard snuoperasjon som må til trur no eg da:) Veit det for æ held på for harde livet. Har laget en tilegsblogg om det i : www.tirben.blogspot.com

    SvarSlett
  3. hihi... Herlig innlegg! Hadde det hjulpet, skulle jeg gjerne ofret 60 minutter!!! Får ta trimmen i stedet da;)

    SvarSlett
  4. ho ho ho....
    Tror du er i hypnose jeg...thi-hi...fikk assosiasjoner til Britt jeg nå... o la la...

    Hun er ikke så glad i kule Julie skjønner du..så jeg tuller litt..men at hun er pen og snill er hun enig i...du snakker du.. hihi...

    IQ ja...dont go there engang...Håper jeg er lett hypnotisert ihvertfall...
    Drops=)

    SvarSlett
  5. Hadde dette hjulpet, hadde jeg hevet meg på det tvert. Men, jeg tror nok det eneste som hjelper er å spise mindre og røre seg mer. Så enkelt - og så vanskelig. Artig historie, da! Fin kveld til deg. Klem fra Randi**

    SvarSlett
  6. Ho ho !
    Hils den Nina dama fra meg og si at jeg ser hva hun skriver ! Hahaha. Vi har snakket om deg i dag og, så du må nok snart bare ta deg noen feriedager og bli med oss på neste bloggtreff !
    Hypnose, ja - gjett om jeg har prøvd a ! Først med en DVD av han norske... Husker ikke hva han heter. Jeg lå langflat på sofaen , satte på dvd en og ventet på at underet skulle skje... Syntes det var litt merkelig at det var DVD for ejg trudde jo at man skulle ha øynene lukket og da var igrunn poenget borte, tenkte jeg. Og det var det også... Først kom han mannen opp på skjermen og sendte meg på dør og videre ned trappa. Så ble DVD en svart, helt uten bilde, men med stemma hans... Jeg lå å gløttet på det ene øyelokket for å se om han dukket opp igjen på skjermen... Då var jeg ferdig med trappevandringa og kom til meg selv igjen. Da stank det røyk i hele huset, selv om jeg ikke røkte inne. og det stank røyk av klærne mine og håret mitt. Og lysta på røyk var helt borte !! Jeg hoppet inn i dusjen, skiftet klær og gledet med til en røykfri tilværelse.... 8 timer tok det - så bar det i gang igjen.
    Nytt forsøk tre år senere, denne gang med ei virkelig dame som hadde lang og god erfaring. 4 behandlinger.... Vel, behandlinger og behandlinger, fru Blom.... Jeg lå i stolen og tenkte på mitt, mens hun påsto at jeg var hypnotisert. Enden på historia ? Vel....
    Men det er jo innmari godt å vite hvorfor det ikke virker , da !! Er det ikke noe med at de er de enfoldige som skal arve jorden eller noe sånn a ?
    En enfoldig helgehilsen fra meg ! :-)

    SvarSlett
  7. hihi....nu flira æ godt.....ha ikke tenkt tanken på hyptnose, men slit på trening x3 i uka..å dæskken skjer det ikke nåkka snart..sukk..ha en fin fin fredag...med eller uten trapper

    SvarSlett
  8. Morsomt innlegg. Du fikk i allfall slappa av? litt , planlagt en masse høres det ut for- og kanskje gjort deg ferdig med opplegget?
    Ha en fin helg nedover trappetrinnene til en slank tilværelse! (Det er god trim å gå i trapper)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.