søndag 22. april 2012

Frukost i sola..

..fins vel kanskje ikkje noko betre ein sundag i april...


 

torsdag 19. april 2012

Same old, same old, but new...

 

Nokre gonger kan ein høyre folk seie at dei er heilt galne etter noko eller nokon. Som oftast betyr det at dei lika noko eller nokon sånn litt over gjennomsnittet. At dei har fått noko slek litt på hjernen, utan at det har teke over alt vitet. At ein framleis faktisk kan tenkje på andre ting også. Men nokre få gonger betyr det berre akkurat det orda seier, at ein er galen. Slik på verkeleg. Slek sprutande galen.

 

Eg hadde ein blogg som eg var både nøgd med og glad i. Fire år, over 1000 innlegg og 500 følgarar. Den måtte eg stengje på dagen når ein slik sprutande galen ein fann den.

Da fins inviterte gjesta og so fins da ubedne gjesta. Slike ubedne gjesta so ikkje kan la nåke vera i fred. Sleke so riv ned og knuse ting heile tida. Slike so nektar å gå heim og so okkupera heile huset ditt.

Nokre gonga må ein beint selgja huset og flytta for å få fred for slike ubedne gjesta. Og no har eg gjort det. Flytta. Bloggflytta til eit nytt nabolag. Startar heilt på nytt og kan aldri nevne staden eg budde før... alt som kan googlast av godtfolk kan også googlast av dei som er sprutande galne, internetten skil ikkje på slekt.


...nokre gonga è da heilt greitt å begynna på nytt. Og eigentleg tykkjer eg det er det denne gongen også.

Kanskje saknar eg alle bileta mine litt, dei kan eg ikkje ta med sidan dei er spredd og pinna over heile internetten under det gamle bloggnavnet mitt. So det er berre å bretta opp armane (heiter det verkeleg det?) og knipse i veg.

Følgarane mine saknar eg også,  og dei faste lesarane.... heldigvis veit eg kvar eg kan finna dei

Håpar du kan trivast her i detta huset mitt også og legg gjerne att ein kommentar, då vert eg glad!

Starekassen

Her i helga skulle me setja opp ein slik flatpakka starekasse som ein av ungane hadde vunne på ein basar.

  

Den var lett å setje saman, faktisk var det gjort på ein blunk.

 

So til da springande punktet. Eg ville male den lyse blå, ja de veit for å gjere staren glad når han såg sitt hus i det fjerne. men ungane prostesterte høglytt. Læraren deira hadde sagt at ein ikkje burde male fuglekassane sidan det kunne vere lettare for råvfugla å finna dei.



Du skal alltid høyra på læraren sa eg sjølvsagt og ba dei male den blå.... So får me håpa at rovfuglane i Hakkadalen er både svak og - nærsynte...

onsdag 18. april 2012

Velkommen skal du vera!

Hei alle de som har vore innom sidan eg flytta hit til Bratte bakka og grøne lier. De er kanskje ikkje so mange, men de er desto viktigare. Legg du deg til som følgar so varmar det hjarta ekstra.

Eg er enno ikkje heilt ferdig med å byggje opp bloggen, men tykkjer de fortener eit lite blogginnlegg. Eg tenkjer å lage eit litt lengre om grunnane til denne hastige flyttinga til ny adresse, men det må verte seinare.

I dag skal de få lura litt på kva eg held på med her inne om dagane...



 

... eg har gjort det før og eg gjer det gjerne att....resultatet smeltar i alle fall på tunga....

Plantebord GDS eller LMGDS?

For ei lita stund tilbake sette eg meg fore å resirkulere gammalt rasj til eit plantebord til glashuset.

 

Eg fann ut at det kunne vere penger å spare i å lage bordet sjølv. Eg reiste opp til far min og fekk med meg heimatt nokre velbrukte plankar med gamal spikar i, nokre gamle komodeskuffe og restane av ein heimalaga stereobenk...ja berre ordet gjev assosiasjonar om ei faren tid... Heime hadde eg restane etter eit gamalt PC-skap frå Ikea som me hadde redda frå ei eller anna vår- eller haustinnryddning der det låg og skalv i vegakanten. Nytt liv fyrst på lemmen med spela til ungane, so to sesonga ute til hage- og badeleikar. Og no, resirkulert til plantebord. Eit langt og innhaldsrikt liv vil no eg sei.

 

Som de ser er ingen av beina like, verkeleg sjarm må eg sei. So kjem da avgjerande punktet. Eg veit akkurat korleis dette skal ende opp. Skissene ligg klare...Det er berre å setje i gong og GJERE-DET-SJØLV!

 

Då eg skulle setje i gong kom eg fort fram til at det aller beste ville vere å... LA-MANNEN-GJERE-DET-SJØV! Og det gjorde han, heilt sensasjonelt godt, spør du meg.

 

Nye knottar frå Farmors hus, litt lyseblå maling og mørk-eik-voks, og vips er plantebordet klart til å flytte inn i drivhuset. Sinktopp kjem kanskje ein gong det også.


 
 

Ikkje så lett å ta bilder inni eit smaaalt glashus men eg håpar det skjøner teikninga......og no er eg klar for nye LMGDS-prosjekt...håpar mannen er det også.... :D

tirsdag 17. april 2012

Hagen..

No snakkar me lidenskap.

             

mandag 16. april 2012

Kokkelering...

Mat, ei velsigning og ei forbanning alt ettersom når ein ser det. Eit sekund i munnen, eit heilt liv på hoftene...men ja eg likar å lage mat.