søndag 24. januar 2010

Vinterlys og vinterhus



lørdag 23. januar 2010

Heilt skeis

eller skeisser som me kallar det her i dalen. Kven kan sei at vinteren er kjedeleg?

Heilt skeis

eller skeisser som me kallar det her i dalen. No er det himmelriket for ungane, og ein og anna vaksen :) Ski og skeisser, kven kan få det betre?

fredag 22. januar 2010

Eit reknestykke

Eg har lyst på ny sofa. Eg har lyst på eit gamalt franskt skap med avskalla maling og masse "sjel". Eg har lyst på eit lyst og steindyrt teppe under spisebordet...og nye spistovestola. Eg har lyst på....



Men når eg ha "ødsla" eit par-tre hundre kroner på tulipana, perleblomar og nokre nye potter er eg faktisk nøgd. Eg treng ikkje noko meir på heile jorda. No ødsla eg nok eit par franske skåp på blomar i året....



Slik sett vert reknestykket enkelt...




God helg!

torsdag 21. januar 2010

Pokala og medalja..

Då sonen min var 3-4 år, gjekk han ein runde i ei lysløypa ein tirsdagskveld og enda opp med ein pokal på størrelse med seg sjølv...nesten.. No va da no eingong slik at alle fekk pokala, uansett om dei gjekk fort eller seint og det at han berre deltok ein gong gjorde ikkje noko frå eller til. Og guten vart glad han!



For ei kort stund sidan fekk eg og ein pokal, på størrelse med meg sjølv. Eg fekk utmerkinga "Kreativ blogger" hjå Kristin i Vingesus og julebrus . Kristin har ein fantastisk blogg, med dei utrulegaste bileta som ho tek sjølv. I tillegg er ho veldig klok og eg vert ofte sitjande i ettertanke og undring etter å ha lese innlegga hennar. Så ta dykk ein tur innom henne, det er verkeleg verd tida.

TUSEN TAKK!! Den vert sett stor pris på, kanskje spesielt sidan den kom frå deg!

Reglene for awarden er slik:

Lim inn awarden på din blogg. Link til den du fekk den av.
Fortell 7 interessante ting om deg sjølv.Gje den videre til 7 andre kreavtive bloggarar, link til deira blogger og gje beskjed om at dei har fått den.

Dei sju som eg vil gje utmerkinga vidare til er i tilfeldig rekkjefølge:

Bloggaren Miamor
Med uendeleg vakre bilete og nydelege underfundige tekstar er eg avhengig av ein dupp i denne bloggen jevnleg.

Bloggaren Hjem og Lykke
Her er det både blogg og vesen. Sjelden har eg via tekst og skrive ord opplevde eit so fint vesen manifestere seg gjennom bokstavane. Som balsam, kvar kommentar og kvart eit innlegg.

Bloggaren Tante Mimmi
Her snakkar me kreativitet på høgt plan. Rein og skjær inspirasjon.

Bloggeren "Fyra årstider og mitt liv på landet"
Kvar dag leitar eg etter nye innlegg og nye bilete. Desse foto bergtek meg totalt. eg får rett og slett ikkje nok av denne bloggen.

Bloggaren refleksjon på livsvegen
Her er eit vell av kloke ord og små kvardagsbetraktningar. Vel verd eit besøk.

Bloggaren Frøken Fjols
Ei dame som får meg til å le og kose meg. Enorme mengder kreativitet og energi. Ein blogg eg berre MÅ lese.

Bloggaren Tullik
Ei kreativ dame som deler av kvardagen sin. Akkurat no driv ho og heklar teppe til dotra si. ta dykk ein kikk!



Da va da letta, so va da dei 7 tinga eg skulle dele.....hmm...

1. Har vore budeia på Vikafjell, kan lokka og lura...
2. Siste kurs eg tok var kurs i Flashproduksjon..
3. Utdanna lærar, men ikkje fanatisk.. har ikkje praktisert på 10 år
4. Oppvaksen på gard, og meiner kyr (NRF) er sure og bitre dyr..
5. Likar humortv, fan av Torsdagskveld frå Nydalen mellom anna..
6. Glad i lage å mat
7. og det kan ein sjå...

onsdag 20. januar 2010

Store planar



..i lange baner. Alle fall til jorda som stein. Så får ein nøye seg med det som vart til, heilt utan planlegging. Ein skitur med ungane. Herleg vinterliv. Og her ein smak på våren....


Men eg reknar no med at i morgon, i morgon får eg gjort alt eg ikkje gjorde i dag.....trur eg...

søndag 17. januar 2010

Når enden er god...

Eg fekk ei utfordring hjå "Hjem og Lykke" i natt. Utfordringa var lika enkel som den var vanskeleg. Eit sitat. Eg ser for meg at sitatet også må bety noko for meg...



Då trur eg sitatet må verte dette:

Alt går godt til slutt.
Er det ikkje godt,
så er det ikkje slutt.


Eg har meir enn ein gong lege med nasen i grusen og tenkt at livet kan aldri meir verte godt. Men kvar einaste gong, uansett kor gale så har det laga seg til, og gode dagar har kome som perler på ei snor...



Eg anar ikkje kven som har sagt dette opprinneleg, men tok det til hjarta allereie fyrste gongen eg høyrde det sagt.

Ufordringa vil eg gje vidare til sitatdamen over alle sitatdamer.... Miamor . Eg har brukt mange timar funderande over vakre stemningar og sitat på hennar blogg.

fredag 15. januar 2010

So var rollen frisk att..

Nett so ei lita fjorkjøling, og vips so var me på beina att. Kjekt da.


Her ligg vinteren duvande vakker. Ei stor og luftig dyna ligg over vårløk og roser. Eg håpar den varmar godt og gler meg til dagen dei bryt jordskorpa og kikkar opp mot ein varm og blå himmel.
God helg, damer!

torsdag 14. januar 2010

Eg rullar ikkje lengre...


Eg har vist dotte utor bloggrollane si verd...for eg rulla ikkje lengre når eg publiserer nye innlegg. Eg berre sit der i ro med fuglane mine...og da e no både kjekt og godt det...men det var no kjekt då det rulla og..

onsdag 13. januar 2010

Man tager ett juletre...

I dag måtte eg gjer det. Hive ut juletreet. Er vorten stakkarsleg på etterskot. Medan alle andre helsar våren, driv eg å klamheld meg til jula. Ungane er heilt enige med meg. Minstajento meinte me måtte ha juletreet til ho hadde gebursdag slik at ho kunne leggje gåvene sine under slik som broren gjorde 2. januar. Ho har gebursdag i juli. Då skjønte eg at me allereie var ute og kjøre.... :)




Men å hive det heilt utan vederlag, det fekk eg meg ikkje te. So då vart det Granskotsirup anno juletre 2009. Og det er no ikkje heilt vanleg gran heller...her snakkar me om Fjelledelgran....meir eksklusivt får ein da vel ikkje....1 dl fjelledelgranjuletresirup anno jula 2009.. Trur kanskje eg må selje den på Finn.no...

tirsdag 12. januar 2010

Helselaust vakkert..


Snart kjem sola att til alle oss her i Hakkadalen. I dag måtte eg kjøre langt for å få eit etterlengta glimt av henne. I morgon kastar eg jula ut....trur eg..

søndag 10. januar 2010

Det er servert...



No er bordet dekka og det er berre å forsyne seg. Noko anna må seiast fø meg. No er det striskjorta og havrelefsa.....

lørdag 9. januar 2010

Vel overstått...



Då va ein 9-åring vel feira.....sanninga er at eg kvir meg kvar gong og vert aldri heilt familiær med kunsten å halde ein barnefest. Men dei øvelevde...og da gjorde jammen meg me og...:)

onsdag 6. januar 2010

..jula som varte heilt til påske..

Har hatt ei so flott jul at eg vil ikkje gjere meg av med henne enno. Kanskje det er fordi me ikkje var heime i jula, eller det er fordi juletreet mitt har sett nye skot....uansett eg har ikkje hjarte til å kaste det ut enno....På tereassen er det reine Disneystemninga...med ikodn og tjukke meiser i alle utgåver...her i huset i skogen er det enno jul, vinter og harmoni...




Ekornet er nok ei einsam sjel. Me har kalla henne Nøtteliten (ingen som har funne opp kruttet i dette huset :) og ho kjem kvar dag. Ho er ikkje vidare redd oss, eg får kome nært. Veldig nært før ho sprett over snjoen og opp i eit tre.....og so kjem ho att. Favoritten er solsikkefrø....

søndag 3. januar 2010

Gnagarar i hagen...




denne gongen av det søte slaget...

fredag 1. januar 2010

Godt nytt år!

Her er travel tider med mykje kjekt selskap. Legg ut eit bilete som skildrar dagane me har veldig godt.



Vil også nytte høvet til å ynskje alle gode bloggevener eit godt nytt år og takk for alle kjekke kommentar og interaktivitet i året som gjekk. Skal ta meg runden til kvar og ein når kvardagen når oss att over helga. No står ein 9-årsdag for døra.