torsdag 19. februar 2015

Sol sol sol


Som de sikkert har forstått etterkvart
så fer sola frå oss eit bel før jul
og me får ho ikkje tilbake før i slutten av januar


ofte ikkje før i februar heller, om vergudane er vrange det året
men de må tru lukka er stor
når sola endeleg smyg seg over fjellkammen
og slepp sine kjølege men dog så lysande
strålar ned til oss
som berre sit og ventar
og lengtar


detta e nok ikkje eit fenomen som gjeld for heile landet
men mange stader her vest
har mindre sol enn dei har i nord på vinteren
og me har ho ikkje heile natta om sumaren heller
i tillegg har vergudane funne ut
av ukjend grunn
at me treng meir regn enn gjennomsnittet


så det er  nok dette som gjer oss so veldig opphengt
i fyrste soldagen på nye året
å fjølgje med frå dag til dag
telje timane
ho vitjar oss


sakte men sikkert vert timane lengre
livsviljen veks
og våren
kjem nærare og nærare..

5 kommentarer:

  1. Åååå! For noen vakre bilder!! Nyt sola :)

    God helg

    Klem

    SvarSlett
  2. Spring Feeling!
    Have a wonderful week!
    Lovely hugs
    Molly

    SvarSlett
  3. Herlige bilder! Kan jeg få spørre hvilket kamera og objektiv du har ? Å hvilket som du er din favoritt?
    Klem Christina

    SvarSlett
  4. Så nydelige bilder! Du er fantastisk flink, med motiv og ikkje minst fargeval :-) no gler eg meg til eg skal avgårde og kjøpe nytt kamera, på tide å bytte til speilrefleks! Blir virkelig inspirert av bloggen din.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.