fredag 31. oktober 2014

Halloen..


Hjå oss er det minsto so baka og eksperimentera te halloween
mora ligg ikkje so langt bak heller
ikkje fø at eg syns halloween er så spesielt
men da opna for kreativitet og morro


og da e eg tilhengar av
alt det andra og dei store diskusjonane
får dei kloke håvene
ta seg av 
:D

torsdag 30. oktober 2014

Da snjoa



eller da kjem snart te å snjoa


og då kjem julestemningen beint


men te da går da flott med
melis og...



onsdag 29. oktober 2014

Tenn lys


Da mørkna
sjølv dagane er dunkle


på tide å tenna lys
fyra i ovnen
og snu nasa 
mot jul
:D




God natt


Løye å leggja seg uten ungane i huset 
og i morgon er atter ein dag
god natt

tirsdag 28. oktober 2014

Flaum


I dag flaumde dalen øve
da har rigna og da har buldra
da har endt so gale at ungane kom seg ikkje heim frå skulen
og kollegaer kom seg ikkje heim frå arbeid
so i dag søv folk
i kryss og krok
hjå andre folk
eit vått eventyr
me kjem te å hugsa lenge

mandag 27. oktober 2014

Slow living


Kven har vel ikkje vore på basar?
Då eg var lita var basar noko tå da flottaste so hende
lokala var stinne av smilande vaksne og forventningsfulle ongar
Ein øvelevde lett song på song og ei heller lang og krevande andakt
fø ettepå kom kakene
og åresalg


På dei bakerste borda sat bygdas eldre karar og tømde lommeboka
borda klarte nesten ikkje favne alle årene dei hadde kjøpt
og dei vann og vann
og gjevaste prisen var dei store blautkakene som kom sist
på kvar einaste åresalrunde


No er det ingen blautkaker att
det har Mattilsynet sytt for
det er heller lite folk
og årene er i dyraste laget for å kunne fylle heile bordet
Det er ikkje mange heimastrikka lesta og vakkert broderte klokkestrengar att heller
dei må du kjøpe dyrt på messer og marknadar no
billeg plast frå Kina har fått fotfeste
og andaktene har vorte kortare og kortare


likavel
å slå av ein time eller rettare sagt TRE
på basar
er heilt herleg 
for eg treng øva meg litt på nettopp da
å leva litt sakte, pusta ut og roa ned
for på basar har dei verkeleg allverda
med tid


søndag 26. oktober 2014

Siste blomen


I dag har eg plukka det eg trur er siste blomen frå hagen i år
no er ikkje snjoen langt unna
eg har og fått sofaen me bestilte fø mange månadar sidan
den gongen eg var frustrert lite framgong i livet generelt
og valde å løysa da ut med ein ny sofa

 

og so gløymde eg alt og me og livet gjekk vidare
Dagen før den kom heim slo eg fast at eg ikkje trengde noko ny sofa
og angsten for å ha gjort eit feilval sette inn..
Likevel var det for seint å snu og me måtte berre ta i mot

Heldigvis lika me den godt
den e litt so underteikna
stor og god
mjuk og romsleg
og syns ein ser mykje betre ut i røynda enn på bilder

 


Må og få takka fø alle dei fine kommentarane som har kome inn i det siste
tida har vore knapp så bloggen har lege litt brakk
reknar med det tek seg opp te jul :D

fredag 24. oktober 2014

Tid


Tida flyg og strekk som vanlig ikkje til
pipsa flyg og, og får fylle bloggen på fredagen denne gongen
god helg!

mandag 20. oktober 2014

Plutseleg


Eg va nett innom IKEA
dar va julekulena komne på plass
og eg so alltid kjem når dei er utselde
fekk sjølvsagt med meg ei pakka
og når ein har handla
må ein prøva da ut
og plutseleg
er det
jul

torsdag 16. oktober 2014

Absolutt siste hausting


frå kjøkkenhagen i år

 

fine farga
nett so hausten

onsdag 15. oktober 2014

Dunkelt

 

men litt vakkert lell...

Haust



ikkje meir å sei om da..

tirsdag 14. oktober 2014

Oktoberkulde


Hagemøblane er pakka vekk
berre det som skal stå ute heile vinteren er att
eg førebur meg på mørke og kulde
men sola får meg til å gløyme alt slikt bale
på eit blunk når ho kastar sine
kjølege hauststrålar
øve huset vårt
enn so lenge

mandag 13. oktober 2014

Pipsa mine



Som de sikkert veit
likar eg veldig godt desse små etterlevningane etter dinosaurane



eg matar dei frå tidle haust til sein vår
i år kom dei att i hopetal og ville ha mat
og det får dei


eg lika så godt å sjå på dei, at eg gjev dei mat på bordet i hagen
i staden for i skogen


noko som til tider resulterer i at ein og annan
vert mat for katten
da idiotiske er at katten vår er stappa på dyr kjøpemat
og kan godt halde seg te musene, nåke eg prøve å forklare han omatt og omatt
men da ser ikkje ut te å siga inn
akkurat på dette punktet er eg og pus og sikkert pipsa og
veldig uenige...
og kvar gong ein liten pip ryk te, kjenne eg meg litt ansvarleg
eller kanskje mest uansvarleg..

søndag 12. oktober 2014

Ein dose farge


Soverommet vårt er ikkje det mest prioriterte rommet i huset
slik reint interiørmessig
trangt og litt kummerlig er det og


eit lite rom med skråtak
men funker greit nok te da da skal
soving og slikt
haustens fyrste tulipanbukett
fekk vere med i dag
hiv meg inn te NIB med dette innlegget
i lag med mange fine inspirerande soverom
eg e faktisk litt i øve
øve kor mange unike og flotte heimar so fins rundt omkring
og ikkje minst soverom..

lørdag 11. oktober 2014

Stilleben


 

..litt stille liv er ikkje å forakte
restane frå hagen er henta inn
eg sug siste rest ut
av den beste sommaren i manns minne
mitt og for den sak skuld..

torsdag 9. oktober 2014

Kaffe på senga

 

Noko anna e'kje vits i
fø eg hata smula i senga

tirsdag 7. oktober 2014

Grøn

  

Grøn vart det på soveromsinteriøret då eg skulle setje farge på tilværesen
Sakte men sikkert har eg elimenert fargar og kaos
no skulle dei tilbake att


ja kanskje ikkje rart med eit par putar og ein plante
skjønt ikkje heilt fargelaust heller
hjelpe godt på med ein katt der og..



mandag 6. oktober 2014

Siste rest av sumar


I dag skin sola
men me held på å blåsa vekk
ein liten hauststorm
som tvinga blada av trea om dei er haustklare eller ikkje
fuglemataren min ligg i tusen bitar
og plast og anna rot fer flygande øve alt
skremande og fasinerande 
på ein gong