lørdag 8. november 2014

Ferske fiken er eit godt høve


og eg må sei eg tykkjer det er kjekt med slikt
og kastar meg med kvar einaste gong eg får tid
denne gongen var det is som var tema
eller vart tema kanskje
temaet er vel eigentleg "bare tilsett en anledning"
noko som på nynorsk vert nokonlunde slik
"berre adder eit høve"


fø meg vart det heilt naturleg å laga fest
då eg fann ferske fiken på coopen som eg har nevnt på eit par hundre gonger før
dei er ikkje lette å finne desse fruktene
og etter å ha kverka 4 fikenplantar i drivhuset i sommar
og draumen om eigenproduksjon gjekk i dass
må eg stola på den lokale handlestanden


favoritten er ein fikendessert som eg då sjølvsagt planla tè EKTEmannen sin gebursdag på mandagen
men so måtte Kraftlaget stengje straumen akkurat i det eg skulle setje dei i ovnen
så dei vart spara den dagen i byte for tende sterinlys og fyr i ovnen


og høvet kom
og desserten vart laga


oppskrift har eg delt før


kaffien drakk eg medan fikenen var i ovnen og funderte felt øve om eg skulle flytta litt på prinsippa  og ta med Diplomisen som smelta i bakgrunnen av NIB-utfordringa


vanlegvis ville eg vel ikkje da
men desserten mangla vitterleg is då den kom ut av ovnen


og då eg fann is med vanilje frå sjølvaste Madagaskar gav eg meg endå øve
de må ikkje kalla meg fordomsfull og det som verre er
fø da e eg ikkje, men barndommen set sine spor


og når nokon seie Madagaskar te meg
tenkjer eg fyrst og fremst på strikkasokka, misjonsforeninga og kakebasara


og med slike gode tanka og
med is på toppen var høvet klart
meir fest i god mat skal du iallefall leita lenge etter


julepynten frå IKEA fekk pynta bordet


og er de godtesjuke og på jakt etter ein god anledning

7 kommentarer:

  1. danke für die tollen bilder!!! liebe grüße und ein schönes wochenende von angie aus deutschland

    SvarSlett
  2. This looks so good! Nam!!!


    Vicky

    SvarSlett
  3. Nydelig bidrag, som alltid!!
    Fiken har jeg aldri smakt, kanskje jeg MÅ det:) ♡
    Lykke til i utfordringen;)

    SvarSlett
  4. Kjempeflott innlegg med nydelige bilder - får nesten lyst på fiken nå:)

    Ha en finfin søndag:)
    Klem Marianne

    SvarSlett
  5. No fekk eg lyst på fiken.. Må berre sei at du tar dei finaste bileta eg veit om! Trur eg snart kjem på kurs hjå deg :)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.