mandag 30. juni 2014

Ferie og ferie, fru blom


 

No vart ikkje ferien nett slik me hadde tenkt i år


Sjukdom gjorde at utlandet vart for langt borte


Ikkje det, det er fint heime og


i allefall med ein slik sommar vi har i år


så får ein jobbe litt då og håpe på ein bedre ferie der framme ein stad..

 


lørdag 28. juni 2014

I fare for


å gjenta meg sjølv..


fin ferie og fin laurdag

søndag 22. juni 2014

Endeleg ferie


Endeleg var alle jobbane gjort
og ferien kunne starta
i år vert det ein del slik ferie
og om eg skal vere ærleg
so e da favoritten


putle på i hagen uten kav og stress
renske alle bedda som har grodd ned i løpet av åra(?)
setje seg ned når sola slepp gjennom skylaget
og putle vidare med alle prosjekta
eg ellers aldri får tid til..
da e ferie da..
(boblena e no mest te illustrasjon..)

Kjøkkenstilleben


i går laga eg jordbærsylta av modalsjordbær
og bruka lime for å fram den rike smaken
og slik låg den der og venta
liksom berre for å verte tatt bilde av...

lørdag 21. juni 2014

Sommar



ingenting er sommar som markjordbær
faktisk er dei finare å sjå på enn å ete
litt turre spør du meg
men det gjer du kanskje ikkje
:D


torsdag 19. juni 2014

If you can't beat them...

 

Eg har ved utallige anledninga vald å joine då det var umogeleg å vinne.
Nokre gonger vinn ein ikkje fordi motstanden er for stor
eller når toskaskapen er i fleirtal
andre gonger har ein beint fram feil og nederlaget var nødvendig
uansett grunn
har eg ofte vald å henge med likevel og gjere det beste ut av det
nett so i hagen
trønska eller smørblomen som me sa då me va små
har teke øve store dela av hagen min
eg har renska og renska
men da minka ikkje eit bel
så då får eg gjera so homlo
nyta...
fø da e no litt fint og..

onsdag 18. juni 2014

Å henja i ei makramedissa

 

i sola
og gjera nett ingenting
ê alt ein drøyme om når vinteren
kvin kring nova..

søndag 15. juni 2014

Stiff Bottlebrush




Det er tredje året eg har dette treet ute på terassen
fyrste året blømde den flott
så vart hausten for kort og den fekk ikkje sett knoppar
men i år svingar den seg att
humlene elskar den og der e summing der te langt på kveld

lørdag 14. juni 2014

Fest

 

Alltid ein grunn til å feire og ha det litt kjekt
i dag feira eg at eg hadde fått eit nytt ipad-deksel
so får meg te smila kvar gong eg ser på det

fredag 13. juni 2014

..og dingla med beina


da har sklidd litt ut med blogginga mi fø tia


da har vore travelt
veldig travelt

 

og når eg har tid eit lite bel
vil eg helst sitja i makramédisso


og dingla med beina


og la verda segle sin eigen sjø


tirsdag 10. juni 2014

Katten


Hjelpes kor tida flyg
eg heng nesten ikkje med meg sjølv lengre
kava i veg 
snubla frå oppgåve til oppgåve
ganske ute av balanse
kanskje på tide å lære av katten
i staden for mauren
i allefall 
ein solskinnsdag 
i juni

lørdag 7. juni 2014

Morgonstund er best i grunn



..kjem da frå eit A-menneske
ingenting slår ein kaffi i morgonsola
i sjutida..




fredag 6. juni 2014

Kvardagsbilder

 

Kvardagsbilder frå dalen..

torsdag 5. juni 2014

Det blømer i hagen

 

Det har som sagt vore rimeleg travelt i det siste
difor vart eg så overraska då eg gjekk ut i hagen i går
der har ingenting ste stille i vente på meg
no er det likefør alt sprett og fargane spreier seg utover
ja no e da likefør alt er modn't

onsdag 4. juni 2014

På reis


Plutseleg var det gje øve ei veka sia sist blogginnlegg
da har vore travle daga her i Hakkadalen
og i tillegg har me vore på reis

 

Nokon som kan gjette kvar vi var?
vakrare stad skal ein leite lenge etter


me kosa oss nesten skvett forderva
sjølv om so jentungen sa
rosene var ikkje heilt modne enno