søndag 16. mars 2014

Gamalt nytt

 

Eg var so heldig at eg arva da flotta, gamla eikespisebordet etter besteforeldra mine
Bestefar min vann det på eit lotteri, saman med 6 stola, ein skjenk og ein anretning, tidleg på 40-talet
Alt er nok laga på ein lokal møbelfabrikk og var sikkert ganske fornemt i si tid


Mor mi har vakse opp med det bordet og det same har eg kvar gong eg vitja besteforeldra mine 
Mange kjekke måltid har me hatt rundt det i åra som no ligg bak oss
Men som med det meste, storheitstider vert til nedgangstider og lenge har bordet
ste og venta på at tidene skulle snu atter ein gong
og med ein veldig tvilande familie som publikum tok eg utfordringa

 

Ikkje so mykje som skulle gjerast eigentleg
bordplata i eik skulle pussast, eg ville fjerne restane av den orginale svarte beisen
og pusse lett over beina. 
Som de ser av alle dei gamle bileta, var det alltid duk på bordet slik det vel helst var i gamle dagar. 
Ein av grunnen kan no og vere at innleggsplatene er laga i furu og opprinnleg ubehandla.
Eg pussa ned alt og beisa det i same farge og mala beina med svart høgglansmaling


Og strengt att så var det alt. 
Eg synes bordet er veldig vakkert og resten av familien likar det og 
sjølv om det er litt mindre komfortabelt enn det vi hadde før
Og det er ikkje te å stikka onna ein stol
at eit bord med ei historia er klart å foretrekka
spesielt når det er mi eiga..


og i morges fortsette historia..

2 kommentarer:

  1. Bordene ser jo nesten ut som samme farge som på overskapene dine og absolutt kjekt at det har sjel og historie. Flott blei det i alle fall...

    SvarSlett
  2. Synes bordet ble veldig flott! :-) Og er helt enig: Det er ekstra stas å ta vare på det som er gammelt og har en historie!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.