torsdag 31. oktober 2013

Oktober









 






mandag 28. oktober 2013

Lite



Det skjer lite på interiørfronten her for tida
Einaste som skiftar er blomane
og årstala...


søndag 27. oktober 2013

Oktoberbukett


Siste bukett er henta inn frå hagen i dag.
Skal verta godt å gå i hi eit bel
og kvila litt før neste vår.
ellers so er det veldig travelt her so blogginga
kjem litt i bakevjo...
ska sjå da tek seg oppatt te jul :D


fredag 25. oktober 2013

Haust i 2011


Klimatisk er hausten definert til den perioden av året då den normale døgnmiddeltemperaturen er mellom 0 og 10 ºC og temperaturtrenden er fallande. Etter denne definisjonen varer hausten 60 døgn i Oslo og 66 døgn i Tromsø. Legg du til regn, utan å ha vitskapleg ryggdekning, trur eg talet for Hakkadalen då er 200... :)

(reblogga frå 2011)

torsdag 24. oktober 2013

Slutten


Detta e vel slutten på sommaren for i år..
Lurar på om dei allereie e utselde fø julelys på
IKEA?



tirsdag 22. oktober 2013

Random på ein tirsdag



søndag 20. oktober 2013

Fonds



Ein dag sa EKTEmannen
- me burde spara meir i fonds

Nokre daga seinare spurde eg
 - om detta inhouse-oljefondet
kanskje kunne tenka seg 
å investera
i nokre fine designerstola?

- ja etter da har investert
i hytta med båtplass
og jaktrettigheita...

og sånn går no dagan..
:D

lørdag 19. oktober 2013

Interiørmessa i sø byd'n


I dag kara me oss te byd'n og fekk eit glimt av interiørmessa i Greighallen
Da va mykje folk og eg vart fort litt svett
Mykje fint
men ikkje noko
overraskande
eller sjokkerande
eller for den saks skuld provoserande
men da skulle da kanskje ikkje vera
da e vel kunsten so skal vera da
ikkje interiøret...

eg vart no likavel inspirert
og for sporenstreks og kjøpte meg
nokre plantar til..

Øve her ser de Mo då me kom heimatt
te da trygga og da
kjente..



fredag 18. oktober 2013

Eit pust av is




Vinteren lurte seg fram og pusta litt is på oss i natt
vakkert og vemodig
passar vel bra at IKEA
har byrja å selje 
peparkakedeig..



onsdag 16. oktober 2013

Kontrastar


Det store
og det vetle...

tirsdag 15. oktober 2013

Haustlys



Noko tå da flottaste med hausten er da flotta lyset
Skarpt og klårt så langt auga rekk
Fjesboka har flaumt øve av lukkelege folk
i skog og fjell
hadde ikkje vinteren lurt bakom
hadde hausten vore ein klår
favoritt
men kanskje på tide å slutta bekymra seg
før ting som enno ikkje
har hendt
:D

mandag 14. oktober 2013

Må'kje gløyma fuggelane..


 

Hausten er komen med frost og is
Fugglenane sit på terassen og pikkar på ruta
no er det på tide å finne fram
fuglefrø og gamle
skorper

søndag 13. oktober 2013

Kjøkkenstemning



 

Eg har ein nokså broket stil på kjøkkenet, 
sett saman av ting eg har fått, likar og treng
Kanskje ikkje heilt "stovereint" :D
likavel ein stad i huset eg trivst


lørdag 12. oktober 2013

Eplepai


Paideig:
6dl kveitemjøl
1krm salt
225g kaldt smør i cm-store bitar
2ss sitronsaft
4-6ss isvatn


Hakk mjøl, salt og smør til ein grynete masse med ein kniv eller ein mørdeigsblandar. Tilsett sitronsaft og so mykje vatn at du kan forma deigen til ein ball.
Lag to "kaker" av deigen og legg den i kjøleskapet i 4 timer eller over natta.
Ta deigen ut ein halv time før du skal bruke den.


Fyll:
8 store, faste epler, skrelte og skore i tynne skjeve
1 dl sukker
3ss brunt sukker
2 1/2 ss kveitemjøl
1 ts kanel
1/2 krm salt
2ss presa sitronsaft
reve skal av ei sitron
2ss smør



Set ovnen på 225C.
Kjevl ut deigen til botnen og dekk ei paiform på 22 - 26 cm
Set forma i kjøleskapet i ca 30 min
Lag klart fyllet
Fyll paibotnen med fyllet og kjevl ut låket og legg det på toppen
Ikkje gjer so eg og gløym smøret
Smøret skal leggjast på toppen av fyllet i små bitar
så på med lokket og pensle med 2 ss fløyte
og strø på 2 ss sukker
stikk nokre hol så dampen kan sleppe ut om du ikkje har naturlege hål  etter etterfylling av smør :D
slik eg hadde 


15 minutter på 225C midt i ovenen
så 45 min på ca 200C

Server med fløyteis eller krem
Herleg haust!