søndag 30. juni 2013

Eit blomevelde

 

Hovudet er enno i Italia, medan nevane beveger seg sakte rundt i Hakkadalshagen. Eg hadde eit løynleg håp om at når eg kom heim att hadde alle skadar frå den kalde vinteren reparert seg sjølv. Det hadde det då ikkje og hagen ser ikkje ut. Lite blømer og nesten all plen manglar framleis.
Eg gjev ikkje opp, eg tek resten av feriepengane og prøver på nytt.
Etterkvart kjem det før og etterbilder derifrå også.
No får me berre nyte dette, i eit romersk anlegg ved utgangen av Volterra, den opprinneleg etrusiske byen som romarane til slutt tok. Utan at eg kan vere sikker, trur eg at her var det eit romersk bad i si tid og i vakre brekker mellom imponerande trapper og buegangar, vaks det no ei seng av vakre somarblomar..


lørdag 29. juni 2013

Toscana 2013

   
   
     
   


Det er mange år sidan eg forelska meg i Italia. For to år sidan fekk eg hjartebank av Toscana. I år har me brukt to veker der. Det vart tidenes ferie. Minner om den toscanske sola varmar enno i skrotten her eg sit i Hakkadalen med 10 grader og regn. Kan du reisa dit, bør du....

fredag 28. juni 2013

på veg heim..



Plutseleg er me heime att, fem kattunger er vortne til to, og med litt lukka får alle til slutt ein ny heim.. snakkast straks...

mandag 24. juni 2013

pusehus


 

torsdag 20. juni 2013

Sommarkos


 


onsdag 19. juni 2013

Puser


Medan me har tatt oss eit pust i bakken i varmare strøk, har antalet i kattekorga minka dramatisk, 40% er no kome til nye heima. Her ser det den fyrste som flytta heimifrå, Kickass har no fått seg både nye folk og ny heim på Radøy.

tirsdag 18. juni 2013

Utsikt




søndag 16. juni 2013

Solblomar


 

Me har hatt nokre flotte soldagar i det siste. I hagen blømer for det meste gule blomer i år, trønske som på bilda her, og løvetann. Som de veit var det skralt med plantar som overlevde vinteren så me får nyta ugraset so vel som dei kultiverte. Me è kje so F I N E  på da i år..



torsdag 13. juni 2013

Kraftfullt fra hovedstaden





onsdag 12. juni 2013

Bossbytta


Eg skulle ta nokre illustrasjonsbilder te jobben og laga ein sitronpai. 
Vart ikkje nøgd med bilda, så eg åt opp paien og laga ein ny. 
Vart ikkje nøgd denne gongen heller og tenkte at også denne paien var for god til å kaste i søpla, 
så bosspannet det vart meg...
Og så lurar ein på kvifor bikinien (les: den heildekkande tankinien) er vorten altfor liten?

tirsdag 11. juni 2013

Har du vore te Mo?




..det har eg..


Solglimt


..eit par solglimt frå Hakkadalen. 

mandag 10. juni 2013

Late dagar i sola


I allefall for kattane. For oss andre so set me oss nedpå eit bel nett fø å nyta dei herlegaste dagane i sommar..før me kastar oss i arbeidsdansen att.


Håpar me får fleire slike dagar i sommar..


søndag 9. juni 2013

Rome..



Du verda for ein by...

Eg kom, eg såg og eg forsvann... heimatt.