søndag 31. mars 2013

Påskefrukost


Godt med morgonar der frukosten varar nesten til middag..


lørdag 30. mars 2013

Påskestemning

 

Lange, solfylte og fredfulle dager...i måro skal da snjoa...da vert løye, nesten gløymt korleis da ser ut....:D

Ein kan dolla so mykje ein vil...



..men ein må alltid hugse på kva pynt som er viktigast og som må få heidersplassen i stova...


fredag 29. mars 2013

Langfredag..



(Eg driv framleis med egg som de ser..)

I dag har eg vore heime aleine og lest nesten ei hel påskekrimbok i solveggen.
Det er påskeferien sin det :D

 

torsdag 28. mars 2013

Kopar



Som de skjønar har latskapen teke øvehånd...


..eg bloggar same hendinga i fleire delar....denne gongen egg med koparglitter...saka er at eg lika sollyset i bilda so godt...at eg har eit innlegg til opp i jakkeermet... :D

Påskeverkstad

  

Påskeverkstad er eigentleg noko ein driv med litt i forkant av påska, men når ein er i full jobb og ellers slit litt med tida, er jo påska perfekt til slikt. Mykje god tid. So fyrst i går kom eg i gong med årets planar for påskegga. Tidlegare har eg gje bananas med "sølvblad" på alle rammene mine, og nett i det eg var ferdig fann eg ut at eg plutseleg likt gull betre. So eg kjøpte inn masse gullmetallblad frå Panduro og tenkte det kunne verte fint på ka so helst. Eg har brukt dei på vasar og telysglas og det funka fint (bør unngå oppvaskemaskina :D) så det var naturleg å prøve det på påskeegga.


Det må innrømmast at limen hang ikkje så altfor godt på egga, men det å arbeide med gull i morgonsol må seiast å vere ei rein vitamininnsprøyting. Klikk gjerne på bilda og få dei større so håpar eg at eg har fanga stemninga. Egga vart ekslusive og delikate, eg hadde lagt eit gullegg.... :D


Fra spøk til alvor, dei vart ganske fine. Eg laga og eit med kobbarglitter og eit med gull og serviett....so fortsetjing vil koma.

Eg vil og takke for dei utruleg fine tilbakemeldingane eg har fått i det siste og eg skal komme meg rundt til kvar enkelt av dykk før påska er over, men som de ser har eg det litt travelt med å sitje stille i drivhuset og gullbeleggje egg.... tilværet si uuthaldelege lettheit...:D


tirsdag 26. mars 2013

Sol og vår..


...syns eg det var i desse bilda så eg måtte berre dele i kveld...


Eg fekk ein liten bunt med desse greinene hjå mor mi i sist veka og dei har gleda meg i mange dagar no...

Kaffipause



Det er alltid godt med ein kaffipause. Kanskje spesielt når ein er på jobb og dei fleste andre kosar seg i påskefjellet. Her i frå ein kaffipause i litt meir heimleg miljø på sundagen...

mandag 25. mars 2013

Spygrøn


Om de hugsar kjøkkenbordet bordet som måtta malast på nytt grunna uakseptabel farge i følge avkommet.......so let eg ein stol behalde fargen. Har aldri før i livet likt denne fargen særleg....no får eg ikkje nok... løye spør du meg...



Morgonsol


Håpar alle får ein fin mandag,  både de som har ferie og som kanskje vaknar opp til store kvite vidder i vakker vårsol og eit hav av tid...., og til deko som er på jobb og som held kongeriket oppe og i gang.
God mandag!

søndag 24. mars 2013

Ikkje vannfast



Te jul kjøpte eg meg eit turkis fat frå Indiska. Da va kjærleik ved fyrste blikk og eg pynta te jul med det fatet. Ein  dag kasta eg eit blikk opp i eit kjøkkenskap og stussa over da fina fatet so stod dar. Eg vart litt usikker for eg kunne ikkje hugse å ha kjøpt det. So med eit gisp forstod eg kva fat det var. Det var det turkise fatet som ikkje lengre var turkist. Da hadde vore uheldig og havna i oppvaskemaskina. Eg prøvde fortvila å skulde på andre...men sanninga var at det var eg sjølv som hadde heve da inni ein vask.. heilt i ørsko so eg va i januar...

Eg kava meg te bydn og sjekka, ingen fleire på Indiska. Eg sjekka på nett....nope. So no får eg pynta i eit glasfarga glasfat te påske.... Nokre gonger er lukko betre enn vitet, men denne gongen slo dei seg begge vrange og da gjekk so da gjekk....Ingenting å seie å fatet...skulle berre vore turkis...

lørdag 23. mars 2013

Ski og abelsiner..




For mange er påskeferien alt begynt og som eit unntak frå regelen treng me ikkje bekymra oss for været. Da er heller omvendt, eg drøyme om regn... Da e so gale, eg ser da no når eg skriv da...men da e sant. Eg skulle ynskja da kunne rigna litt, so snojen for og da vart vår...



Men da e fint, da e sant. Sol, sol og atter sol. Bør vel eigentleg ikkje klaga når da e påske og sol og ein bur ved foten av Stølsheimen, eller porten eller kva det heiter. Eg hadde drøymt om ein tur te fjells men trudde kanskje at skuldra stod litt i vegen for slike utfaldingar... so eg spurde Fysioen...og han svara..

 "Ski? jau da må no gå grett, da e jo triceps og ikkje bicesps du bruka då" 

Flott, kor lange tura ville vera realistisk av meg å ta? spurde eg, og tenkte på den flate og fine turen inn til Nystølen...

"Tja, svara han, med skifella?......eit par minutta tenkje eg."



Så de finne meg i drivhuset for å sei det slik...
God påske 




torsdag 21. mars 2013

Velkommen vår

Atter må vinteren røme.
Gje seg han laut og i år.
Atter ein gong ser eg bløme,
ein herleg og solfager vår.
Atter skal ljos over landet,
strøyme kring dalar og strand.
Våren sin mildnande ande,
livsgneisten tendrar i brand.


Storelva strøymer i dalen.
Bekkjene sildrar i lid.
Storfossen brumlande galen,
murrar, han er ikkje blid.
Hei, no skal snøen kvart grande,
smeltast og sopast på dør.
Våren med sol over landet
er komen med vind ifrå sør.


Fuglane glade dei kvitrar,
tonane trillar og skjelv.
Livsgleda bårar og sitrar,
stig imot himmelens kvelv.
Blomane stend no og lyser,
fagert kring bakkar og hall.
- herlege vårvon dei hyser -
om jorda ho enno er kald.


Sjølv får eg hug til å tralle -
tolke mi glede i song.
Omkapp med småfuglane svalle,
nynne av djupaste trong.
Takke for godvarme dagar,
Snart me solsommar får.
No alt seg lysare lagar
- Sælt syng det no er det vår.


B.A.

Med tanke på at det er meld minsugrader i fleire veker framover ser eg at dette kanskje er litt ynskjetenkning...men da e jo og ein god måte å bruka tånken på :D


onsdag 20. mars 2013

Farne dagar


Franciskas vakre verden har utfordra oss til å vise ulike rom i huset i høvet ei bok ho har planlagt. Eg vurdere å delta på jenterom med desse bilda. Desse bilda er gamle og ganske urealistiske sidan det sikkert var den einaste dagen ingen jenteføtter har sprunge over golvet. Golvet var nymalt og berre etter eit par dagar hadde jentungen dekka det med klær og anna jenterot.
Sidan trur eg knapt at eg har sett golvet...




Påskeblomar


Påskeblomane er ofte fargesterke og krev sin mann, eller dama. Gul har aldri vore heilt min farge, ei heller orange. Likavel er eg så klar for det litt ut på vårkvisten. Sol og energiske fargar fyller meg opp med energi og vårkjensla. Kor er det med deg og påskeblomane, kva er dine favorittar?






tirsdag 19. mars 2013

Interiør og sånn..



Det tek si tid mellom kvart eit interiørinnlegg i frå Hakkadalen. Grunnen er enkel, her skjer da lite. Som de ser står skjenken på same stad som sist, har ikkje flytta seg ein centimeter!

Når eg vert lei interiøret heime går eg gjerne på bloggebesøk. I det siste har eg ofte gje på besøk til

Eg har teke meg i å sitje og puste inn den herlege atmosfæra og det nydelege lyset. Det skjer stadig saker og interiørting i den heimen. Kjøkkenet  kan eg drøyme meg bort i i timesvis og har gjort at eg har vurdert å pigga oppatt heile yttergongen vår og leggje historiske fliser...men sidan eg vil halde fred med husbonden so skal eg la vere akkurat det.. :D