lørdag 12. oktober 2013

Eplepai


Paideig:
6dl kveitemjøl
1krm salt
225g kaldt smør i cm-store bitar
2ss sitronsaft
4-6ss isvatn


Hakk mjøl, salt og smør til ein grynete masse med ein kniv eller ein mørdeigsblandar. Tilsett sitronsaft og so mykje vatn at du kan forma deigen til ein ball.
Lag to "kaker" av deigen og legg den i kjøleskapet i 4 timer eller over natta.
Ta deigen ut ein halv time før du skal bruke den.


Fyll:
8 store, faste epler, skrelte og skore i tynne skjeve
1 dl sukker
3ss brunt sukker
2 1/2 ss kveitemjøl
1 ts kanel
1/2 krm salt
2ss presa sitronsaft
reve skal av ei sitron
2ss smør



Set ovnen på 225C.
Kjevl ut deigen til botnen og dekk ei paiform på 22 - 26 cm
Set forma i kjøleskapet i ca 30 min
Lag klart fyllet
Fyll paibotnen med fyllet og kjevl ut låket og legg det på toppen
Ikkje gjer so eg og gløym smøret
Smøret skal leggjast på toppen av fyllet i små bitar
så på med lokket og pensle med 2 ss fløyte
og strø på 2 ss sukker
stikk nokre hol så dampen kan sleppe ut om du ikkje har naturlege hål  etter etterfylling av smør :D
slik eg hadde 


15 minutter på 225C midt i ovenen
så 45 min på ca 200C

Server med fløyteis eller krem
Herleg haust!

3 kommentarer:

  1. Berre nydeleg!

    Takk for inspirasjon :-)

    God søndag!

    SvarSlett
  2. Såg godt ut :-) Kjøkenet ditt er koselig, eg likar ein miks av litt og kvart :)

    SvarSlett
  3. Såg godt ut :-) Kjøkenet ditt er koselig, eg likar ein miks av litt og kvart :)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.