søndag 30. juni 2013

Eit blomevelde

 

Hovudet er enno i Italia, medan nevane beveger seg sakte rundt i Hakkadalshagen. Eg hadde eit løynleg håp om at når eg kom heim att hadde alle skadar frå den kalde vinteren reparert seg sjølv. Det hadde det då ikkje og hagen ser ikkje ut. Lite blømer og nesten all plen manglar framleis.
Eg gjev ikkje opp, eg tek resten av feriepengane og prøver på nytt.
Etterkvart kjem det før og etterbilder derifrå også.
No får me berre nyte dette, i eit romersk anlegg ved utgangen av Volterra, den opprinneleg etrusiske byen som romarane til slutt tok. Utan at eg kan vere sikker, trur eg at her var det eit romersk bad i si tid og i vakre brekker mellom imponerande trapper og buegangar, vaks det no ei seng av vakre somarblomar..


2 kommentarer:

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.