mandag 27. mai 2013

Kattemor og musa


Her hin dagen forvilla ei mus seg inn i stova via verandadøra. 
Ho vart ikkje gamal då kattemora var over henne på eit sekund. 
Eg heiv kattemora ut med musa i munnen og håpte at ho kjapt ville gjere det av med henne. 
Den gong ei. 
Ho held musa i livet og masa om at me måtte sleppe henne inn til kattungane. 
Dette held på i minst eit kvarter. 
Kattemora gjekk frå dør til dør og ville inn, og musa sprella hjelpelaust i gapet på henne. 
For å gjere musepina kort slapp eg kattemor inn og let ho kverka musa på sofateppet. 
Fint la ho musa framfor ungane sine og ba dei bita innpå.
Kattungane vyrdes ikkje musa eingong eit blikk, 
dei valsa over den daude kroppen og skreik på mor si etter mjelk.
Nett so med oss, ungane og ferdigpizzaen...

7 kommentarer:

  1. Du får virkelig sagt det! Artig innlegg igjen.

    SvarSlett
  2. Hihi artig innlegg,kattemora visste kva ho ville ja:)men ei mus,huff hadde blitt dårlig av å sjå den:)

    Liker bloggen din,alltid kjekkt å sjå både bilder og lese innlegga dine!

    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Jeg ler igjen, jeg.. Du skriver så artig.

    SvarSlett
  4. Herlig innlegg.... selv om jeg ikke er spesielt begeistret for katter.

    SvarSlett
  5. Gøy å lese slike små historier, selv om jeg er glad det ikke er meg :) Husker nabokatten av og til la fangsten sin på dørmatta vår i oppveksten - ikke noe jeg savner, må jeg si.

    SvarSlett
  6. Herlig og skarpt bilde!
    Søt pus, stakkars mus ;-P
    Klem!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.