søndag 21. april 2013

Ein fiende i hagen..


Har bloggsurfa på fine vårbloggar med nydeleg krokus og andre vårblomar som tittar fram. Her er det berre ein plante som har starta våren, det er trønska eller Krypsoleie. Den har snart lagt under seg heile mitt kongerike og tek eg den ikkje no klarar eg ikkje hamle opp med den seinare i sommar. Berre sjå på dei røtene over her.


Ute er det goldt og lite liv enno sjølv om mesteparten av snjoen er borte. Eg kryp innandørs med vårdraumane. Der blømer det villeg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.