torsdag 21. februar 2013

Ikkje rett gavla...

Då eg rota i arkivet og fann dei gamle bilda frå då den nye sengegavlen kom på plass, gjekk det opp for meg at den GDS-en ligg på den stengde gamlebloggen og er tilogmed vanskeleg tilgjengeleg for meg sjølv. Sidan eg er ganske nøgd med den tek eg historia på nytt her idag.

     

Det heile starta med ynskje om eit mala golv. Når det viste seg å liggje litt lengre fram i tid, enn eg hadde tenkt meg, valde eg å prøve ut rekved-trenden. .

Det viste seg at far min hadde 15-20 år gamalt villmarkspanel på skukkjen, så valet fall på det. Breie fine bord og grei avslutning på gavlen. Panelet var ubehandla og uhøvla, så tre-fire timar med pussemaskin var nødvendig. Har ikkje kome meg heilt oppatt i rett etter den dagen...

     
       
      

To strøk med rekved(driveved)interiørbeis og gavlen vart ganske mørk. Mannen fekk cowboy tema med ein appelsinkasse og eit kyraskinn, og eg litt meir feminint, om dog ikkje mykje, med eit gamalt nattbord frå meir pietistiske tider..

  

Enno manglar det vesentlege, mala golv og ny farge på vegg og tak. Kanskje nokre nye lampar hadde vore kjekt. Eg er for det meste nøgd, og i allefall gjeld utsagnet...forandring fryder!

Og verken golv eller veggar er komne noko lengre i dag, men sengegavlen vart te røyndom og jammen er eg glad for det.

4 kommentarer:

  1. Kjempe stilig :) eg kledde ein heil vegg m sånn i fjor. Den bak senga og hadde samme beis... Rett og slett RÅLEKKERT m villmarkspanel :) flink du e :) klems Diana

    SvarSlett
  2. Så flott, høres ut som litt av en jobb også :)
    God helg og klem

    SvarSlett
  3. Ja se det var gavlen sin. Takk for inspirasjonen Bratte bakkar. Den gamle låvedøren skal leve resten av sitt liv som sengegavl på gjesterommet:):) Oh, lykke.

    SvarSlett
  4. Smart og tøff sengegavl! GUlvet var nå veldig flott slik det er også, ingn hast med malingen ;-)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.