tirsdag 22. januar 2013

Vintersong



Atter ein gong syng det vinter.
Jorda er klaka og kald.
Atter rår stormharde netter -
alt er i vinterens vald.
No kan han herja og tyne -
seinvår han spottande spår.
Det er som mest han vil syne -
no er det vinteren som rår.


Snøen kring fjellrader blenkjer.
Lyser som kvitaste lin.
Ofte ein undrande tenkjer:
jau, vinteren kan og vera fin.
Når stjernor på himmelen skjelver -
og månessølv glitrar i lid -
og over det heile seg kvelver -
ein himmel so blå og so blid.


Natura ho dormerande drøymer -
sveipt inn i vinterens famn.
Aldri - nei aldri ho gløymer
våren sitt solvarme namn.
For våren - ho veit han er livet,
og livet er solfest og song.
I veksande vona ho leve -
livet skal sigra ein gong.






Vona om vårblomen blenkjer -
tvert gjennom kulde og snjo.
Gjer at me hugvarme tenkjer:
Sola stig høgare no.
Snart ho om fjellryggen rundar -
strålane stova vår når.
Atter det tryllande under:
Snart ber det fram mot ein vår.




Lat berre vinteren syne
makta si enno ei tid.
Snart vil han skjelvande skyne -
han kjempar den fåfengde strid.
Livet det alltid vil vinne.
Snart er det sola som rår.
Strålar so varme og linne -
tryllar nok fram att ein vår.

Bjarne Andås

9 kommentarer:

  1. Dette var kjempefint alt saman.Men han lika nok våren best tekstfor"fattern"M.

    SvarSlett
  2. Med så flotte ord og bilder fikk jeg både vinter og vårfølelse på en gang. :) takk

    SvarSlett
  3. Nydelig. Både visuelt og verbalt. :)

    SvarSlett
  4. Herleg! Det må eg rett og slett kopiere! Akkurat slik er det (det er berre det at eg ikkje får sagt det)
    Mvh Monica!

    SvarSlett
  5. For eit utruleg vakkert dikt! Har du delt dikt av denne forfattaren tidlegare? Var det ein slektning av deg? Så fint språk. Drøymde meg heilt vekk!

    SvarSlett
  6. ♥wonderful photos♥ best wishes, carmen

    SvarSlett
  7. NYDELIG <3 Vi på ta vare på disse skattene av bestefar.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.