tirsdag 8. januar 2013

Når jolatreet skyt i stova

Reblogga frå 13. januar 2010, i lys av GundaM sitt juletre som set skot i stova.

I dag måtte eg gjer det. Hive ut juletreet. Er vorten stakkarsleg på etterskot. Medan alle andre helsar våren, driv eg å klamheld meg til jula. Ungane er heilt enige med meg. Minstajento meinte me måtte ha juletreet til ho hadde gebursdag slik at ho kunne leggje gåvene sine under slik som broren gjorde 2. januar. Ho har gebursdag i juli. Då skjønte eg at me allereie var ute og kjøre.... :)


Men å hive det heilt utan vederlag, det fekk eg meg ikkje te. So då vart det Granskotsirup anno juletre 2009. Og det er no ikkje heilt vanleg gran heller...her snakkar me om Fjelledelgran....meir eksklusivt får ein da vel ikkje....1 dl fjelledelgranjuletresirup anno jula 2009.. Trur kanskje eg må selje den på Finn.no...

2 kommentarer:

  1. avansert..og delikat...nett so damo sjøl...

    SvarSlett
  2. ohoooo, her er det ja ;) takk takk og nå bare må jeg gjennomføre jeg og da,selv om jeg hater juletrær (ja, jeg blir sååå lei av de etter et par dager....) Men slik er det når man ordner seg en mann som er glad i skogen og som har som sport å få juletreet til å vokse.....

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.