lørdag 30. juni 2012

..på gang..

Rebloggar eg eit innlegg frå gamlebloggen om gangen...



Ja, tanken var en liten vandring rundt i ulike oppbevaringsprosjekt i huset. Men tid og lys har det vorte litt lite av, så rundturen har stoppa litt opp. Prøver igjen og i dag tok eg for meg gangen. Utfordringa der er at store mengder klær og sko skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg, men helst ikkje synleg...


Dagleg er det ikkje fullt så "luftig" på knaggane, men for anledningen tenkte eg å visa utopinen :)

I gangen får eg aldri nok av korger, kister og knaggar. I tillegg til dette, som er forbehalde ungane, har me store IKEA skåp på ein anna vegg og "skohylle" på ein tredje. Eg kunne hatt tre gonger til, og likevel ville det "bugna over". Hattehyllene er heimalaga, hyllebenken frå Bohus og kurvkista frå Home and Cottage. Rudolf levde vel ein gong lukkeleg på ei eller anna vidda...

 

Og det var det for denne "gongen"......

fredag 29. juni 2012

Veka som gjekk...

 



...roleg her på landsbygda... God Helg!

torsdag 28. juni 2012

Morgonstund er gull i grunn...

onsdag 27. juni 2012

..markjordbær....

...vert lett inspirert til å baka litt...



..når ein har markjordbær på terassen......

tirsdag 26. juni 2012

..ei nydeleg gåve...

Vetlo har "pylsa" i veg på kjeramikken i vår. Eg hadde fått vita at noko var på gong, men då eg fekk gåva i hende vart eg so glad so glad....lyseblå sjølvsagt....den flottaste vasen ei mor kan få....



..kun dei finaste blomane verdig...

mandag 25. juni 2012

..sommarfugllett...

 

..denne sat i ein av alle dei flotte syrinane utanfor jobben i dag...

søndag 24. juni 2012

..sundag og barnedåp..

lørdag 23. juni 2012

..på fototur..

..i dalen med eigen modell..... ho stråla om kapp med sola....


....da è ikkje berre naturen som er flott i Hakkadalen...

fredag 22. juni 2012

..late daga...

..på terassen..

 

torsdag 21. juni 2012

...fransk terte...


Her er det mange reglar for korleis ein slik deig skal lagast. Den viktigaste er vel at den ikkje skal eltast i hjel men nett sånn passe. Smøret må vere kaldt og isvatnet må vere nettopp det..isvatn. Del deigen i 4 emner og legg dei i kjøleskapet ein time medan du lagar vaniljekremen.


Kok mjelka og vaniljestanga (delt og skrapa) nesten opp på kok. Rør eggeplommer, sukker og kveitemjøl saman. Hel den avkjøla (10 min av plata) mjelkeblandinga i "eggerøra". Hell alt tilbake i panna og kok opp, kok i 1 min under omrøring. Avkjøl. Pisk kremfløyten til krem og rør inn i den kalde vaniljekremblandinga.

Kjevle ut emnene til 4 runde små terter. Legg ca 3 ss med vaniljekrem på og så putt på med bær. Brett kanten innatt over terta. Pensle med smelta smør og steik på 200 grader i ca 15 min eller til den vert lekker brun i kanten (vart aldri min sidan eg gløymde å pensle :D)

Smakar fantastisk saman med is......sjølvsagt.

onsdag 20. juni 2012

Hoppeedderkopp...

Han sat fredeleg og såg fotballEM. Ho sat lika fredeleg på kvilerommet og las eit interiørblad ho hadde kjøpt med seg heim frå Stockholm.  

Plutseleg fekk ho auga på ein edderkopp. Og la oss vera ærlege, da è eit ekkelt dyr. Jammen bra da ikkje va stort, tenkte ho med sjølve seg...dar ho lyfta sitt Sköna hem og skulle te å ende småkrypet sine daga kanskje litt i tidlegaste laget...

 

Stor var overraskinga då det svarte glinsande dyret hoppa høgare og lengre enn noko anna edderkopp ho hadde sett.
Tankar som..eg har no kjøpt ein del eksotiske plantar til drivhuset...kan dei ha hatt blindpassasjerar?

Eller frukt...har me kjøpt noko frukt som kan ha vore ekstremt langreist? Og er melon eigentleg langreist mat? Midt inni all denne tenkinga begynnar ho å skrika...

 

Ho skrik på han sjølvsagt. Her har Ukraina nett eigentleg fått eit mål...som dei ikkje fekk og no skrik kjærringa som om ho er galen. Det tek ei stund før han klarar å tyda skrika...DU MÅ KOMMA NO! DA È EIN HOPPEEDDERKOPP!!!!!!!

 

...no hadde han strengt tatt aldri sett ein hoppeedderkopp før, men då han endeleg hadde kara seg ned frå tv-stova fekk han no høvet til det.

 

...ei flat floge....var resultatet då Sköna hem  igjen hadde vore i arbeid.... ei flat floge....

Mannen ler enno.... og eg har baka pai...eller terte om du vil...og oppskrifta kjem i morgo...

tirsdag 19. juni 2012

Iris

Eit lite innlegg om iris til Moseplassen si utfordring om å vise din iris.



Eg har lite iris. To grunnar. Dei likar det magert. Mine bedd er feite. Då vert det lite blom og mykje blad. Eg syns dei gjer litt lite utav seg. Men eg er open for endring av oppfatning. Irisen over heiter Iris Sanguinea, trur eg, eller blod iris. Eller kanskje det er meir rett som Moseplassen påpekar..Sibir iris :D



Iris Xiphium trur eg denne heiter. Eller spansk iris. Den var nok ein løk blandt mange eit år, kom opp, vann og forsvann. Har aldri vorte sett sidan...

Kunsten er ikkje...

å nå ut til folk....

 

..men å nå inn...te folk....var det eit klokt menneske som sa....

 

..jammen meg ikkje lett da fysta, kor i verda skal ein klara da sista?

søndag 17. juni 2012

..rabarbarararara........

 


..med litt sitron, kanel, vaniljestang og eple.....fritt laga etter denne oppskrifta!

lørdag 16. juni 2012

..tur..

   
  

......ka skulle vi gjort utan havet? Skulle vi ha borri båtan?