fredag 30. november 2012

Som julenissen på teskjeikjerringa


I dag har eg hatt ei lita nedsmelting som da vel heite på norsk. Eg var juleklar so tidleg i år. Eg var so optimistisk om at i år skulle alt verte ansleis. So i dag forstod eg at det var 1 desember i morgon og at ingenting var klart. Ikkje eingong julekalendarane som eg hadde starta på så tidleg har eg klart å få i mål. Eg ser at eg har ei natt framfor meg med mykje skrik og lite sying :D


Eg har vore på gråten av å sjå kor mykje komlevåg da fins i tak og kroka, kor mange nedsarva vindauge som ikkje hadde sloppe sola inn om ho hadde vore her. Hauga med arbeid som må gjerast om da kjem jul eller ikkje, eg kavar meg opp, pusten vert kortare, skuldrena heng oppunna øyrene og eg får snerk på hjernen...

 

Kanskje det er slik at det ikkje kan verta jul om ein ikkje har gje gjøno alle dei sju slaga  før 24 desember.... for eg har no hatt mitt fysta i dag.....


torsdag 29. november 2012

Snjoen som fall i fjor..


I dag måtte eg ty te gamle bilder sidan tida  og lyset rett og slett ikkje strekk til for å ta nye. I går var det mørkt då eg for på jobb, mørkt då eg kom heim. Må heisa seg litt etter kragen for å smile lika brett slike dunkle dagar. Gler meg til helja då me kan fyra opp alt me har av lys både ute og inne. Takk og lov for jula! :D

tirsdag 27. november 2012

Å teia litt



Ingenting styrker autoriteten som taushet -  Charles André Joseph Marie de Gaulle
Den beste måten å bringe en kvinne til taushet på, er å la henne snakke ut - Markus M. Ronner
Taushet er et av de vanskeligste argumentene å imøtegå - Josh Billings
Mitt mål er å tie med tilbakevirkende kraft- Ingebjørg Trydal



mandag 26. november 2012

Siste høve...


Denne veka er siste høve til å hengje seg på Gje-vekken min. I den anledning måtte eg prøve laga ei tå oppskriftene for å visa at da e fullt mogeleg å få de til fø heilt vanlege folk. Eg tok meg ein tur på helsekosten og kjøpte brunt rismjøl som faktisk viste seg å vera ganske kvitt (?) og trudde at eg var godt budd for evt. utfordringa. Men da viste seg at bokkveite og mandelmjøl også burde vore i handlekorga so eg valde meg ut ein rett utan mjøl :D Basque Vanillapudding. Og eg må sei...NUDELEG!!! Er resten av oppskrifttene som denne so er dette ein innertiar.

  

søndag 25. november 2012

Redesign: frå ski til jolapynt


Slik går da når me gjer da sjøl.
Eg har sett litt på slike stjerner og juletre i tre som har vortne so veldig populære dei siste åra. Eg har og tenkt at det må eg kunne gjere sjølv. Og eg innrømme da greitt, eg har til tider overdreven tiltru til eigne praktiske evne...

Eg for heim på garden og fann det perfekte emnet. Mine gamle treski var eit flott utgangspunkt for prosjektet. Dei hadde fine teikningar i treet på baksida og gamal maling på framsida.


I valet mellom motorsag og baufil (bladet var for metallsaging) vart det det siste. Men som alle veit, rett verktøy er halve jobben (hehe) så resultatet vart no litt so som so. Treet var gammalt, ca 1970 so la oss sei 42 år gammalt og knakk lett frå kvarandre om eg vart for hardhendt. Men om da skranta litt på utførelsen so syns eg sjarmen vart nett fin.


So so kan det gå, ski kan faktisk fint omskapast til litt rustikk jolapynt om ein legg godviljen til.

fredag 23. november 2012

Frost




God helg!

torsdag 22. november 2012

Kråko


Eg ser på meg sjølv som ei som likar det enkelt, stramt og naturleg. Da held lenge med fargane som naturen gjev. Eg har samla gamle, enkle, naturlege og heimalaga  skattar so lenge eg kan hugse. Den sida av meg sjølv likar eg veldig godt. 

Så har eg ei anna sida som eg ikkje kan skjøne kvar kjem  frå. Eg er som ei kråka etter alt som blenkjer og som skin. Glam gjer meg mo i knea. Plutseleg rullar eg meg i  ei verd full av rike teksturar og fargar. 

Slik te jul får eg beint fram ein slik splitta personlegdom.... på den eine sida var tånken å halde meg til kvit, natur og litt gull/bronse i år. Men før eg veit ordet av det har eg kjøpt meg kilometervis med djuplilla og burgunder fløyelsband og allverdas rare glitrande snurrepipperier...  fins da nåke kur?

Føre snar..


Eg veit da ser ut som eg e tidleg ute, men la deg ikkje lure av julekule og litt friskt granbar. Da må nok sterkare kost te før me kan ringja jola inn her. Innerst inne drøyme eg om å vere ei slek som er ferdige med gåvene i juli og husavasken i oktober. Men desverre er eg ikkje slik,og som de har sett...julepynten heng gjerne året rundt i mangelen av inspirasjon til å pakke den ned.

..fordelen er at i november so ser da ut som om eg er tidleg ute......

Kor er da med deg, er du ein velukka og lukkeleg kjappis eller litt sånn seigare i siruppen som eg?

onsdag 21. november 2012

Gone all international..


Plutseleg hadde blogspotten gånn all english på meg her. No sit eg og composa eit innlegg og om litt vert det publishing. Ikkje at det er eit problem altså, berre nytt.. Ellers vil eg dele ordet for dagen.
"Dobbeltmoral er bra. Mister man den ene, har man den andre igjen." 
Set ting i perspektiv eller?
Not... :D
God Onsdag!

tirsdag 20. november 2012

No tumblr eg..



Har lenge snusa litt på denne bloggeplatforma; Tumblr. Den er langt frå ny, men ikkje utgått på dato enno. Likar veldig godt korleis den kan verte ei oppslagstavle på nett som du lett får tak i og som krev lite arbeid. Samstundes kan du fylle den med alle slags herligheiter som film, musikk, bilder (of course), tekst og sitater...

Trur fleire enn eg ville finne glede i denne "oppslagstavla", Miamor feks? :D

Her kan de lese litt meir om de vil

mandag 19. november 2012

Dei seie..


Dei seie at ein bør rekna med å måtte byggja seg hus tre gonga før ein vert heilt fornøydd. Eg har starta på årets peparkakehusbygging og dei har heilt rett. Heilt klåre nybegynnarfeil slo inn, manglar gavl på begge sider, måtte fyllast med icing som tildels seig inn i huset, eg monterte huset før eg pynta og alt vart veldig knøte og krokete og eg gløymde heilt pipa.

So dei seie, minst tre gonga. Og eg prisar meg lukkeleg at da ikkje er bustadhus eg bala med...og at me framleis skriv november..

søndag 18. november 2012

Adventskalenderen


Kalenderen har stått slik litt i stampe i det siste. Fyrste tanken var å lage noko alà Nyblom Kollén sin. Måtte no vere "piece of cake", tenkte eg... So var det å finne stoff som passa. Det var ikkje enkelt og det tok meg faktisk to år, medan eg hang meg på alle "give-aways" som fans med denne kalenderen til Nyblom Kollén. Vann aldri...sukk, så då var det berre å gje seg i sysmaskina si makt. 

Tja, ka skal ein sei? Ein går greitt, to og, men når ein kjem te nr. 11 er ein lei, både av å applikere tala som vert større og større og monteringa i seg sjølv. Då gjeld det å ha målet for auga.. Eg lagar også i svart og natur. Likar den varianten godt men syns kanskje den oser litt mindre jul for å vere heilt ærleg. Heldigvis er det nesten to veker att til dei skal vere ferdige....  Opphenget er ei gammal dør som ikkje trengs i skåpet sitt akkurat no...

lørdag 17. november 2012

Nåke bra og nåke tåssje..

 

I går fekk eg dei nye stolane, eg likte dei og dei funka fint. No manglar eg berre å få montert lampane, og for husfredens skuld,treng eg då ein elektrikar. Så me får snakkast nokre år fram i tid og nokre K seinare.. :D
Neidå, håpar det er fort gjort.

Og så knuste eg favorittobjektivet mitt i dag. Då måtte eg grina litt, i allefall litt inni meg. Kamera og det eina objektive er forsikra..me hadde gløymt dette...so no er det berre å stikka neven djupt i lommo og håpa da kjem opp store lappa so eg kan kjøpa meg eitt nytt....

og so va eg i bydn og snopa med litt nips..lysestaken har eg sett rundomkring og eg likar denne varianten fordi ein kan samla allslags fint i den...eller rasj som det lett vert.. ein plass å leggja rot i...

God laurdag!

onsdag 14. november 2012

Gallerist


I dag oppdaga eg at eg hadde komme i da fina galleriet til Nib i månadens utfordring "KOS". Eg vart glad og stolt, ikkje minst grunna da flotta selskapet eg var havna i. Her finn de dei.

Litt frå i fjor

  

Sidan det skjer utruleg lite på heimefronten for tida, arbeidet tek all tid... hentar eg fram litt bilder frå i fjor på denne tida...adventskalenderlaginga var alt i gong.... i år har den desverre stoppa litt ufrivillig opp....

mandag 12. november 2012

Repitisjon



søndag 11. november 2012

Høg på però...



Hyasinter forbind eg med jul. Når eg ser dei som vårblomar vert eg totalt sesongforvirra. Den blå luktar mest, så eg har alltid med ein av dei. Visuelt likar eg dei best før dei sprett ut...då minnar dei meg om små andungar.. :D