tirsdag 16. oktober 2012

Tidtrøytte



For tusen år sidan, eller i allefall ein gong i forrige tusenår var eg ein ivrig tridtrøytte notarius. Eg har stabel på stabel med notatbøk fulle av rare betraktningar og all verdas rare illustrasjonar. No, ja tusen år etter eller noko slikt er det kjekt å sjå kor flittig eg har vore. For etter at dataen tok over har eg vorten veldig lat. Alt vert gjort der med meir eller mindre halvferdige element. Eg tek meg i å sakna Ctrl Z  og Ctrl V i kvardagen også. Ctrl Z  og Ctrl V er for dei som ikkje har mista sjela si til Macmafiaen :D angre-og lim innvalget på datan.

 

I dag har eg teke framatt desse bøkene og tenkjer at kanskje det kunne vore lurt å bruke alle dei ineffektive møtetimane til noko ein kan smile av...om tusen år...

Bilde nummer to er av eit referat eg fekk hjå ein kollega då han hadde ein vikartime for meg....klikk på den og studer...herleg!

3 kommentarer:

  1. Så talentfull du er! Denne "tidtrøyta" synes eg at du skal ta opp igjen:-)

    SvarSlett
  2. Åh...vakkert!!! Signerer kommentarane over!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.