tirsdag 2. oktober 2012

There should be sunshine after rain

Kvar månad når NIB legg ut si månadsutfordring kastar eg meg over ei nettsida med stor iver. No har me 7 dagar til å skyta bilder av tematikken deira og den informasjonen eg finn på denne nettsida avgjer om eg kan delta eller ikkje.  Sida heiter yr.no og er vorten ein veldig stor del av liva våre her i vest.



Her inne i Hakkadalen har me eit heilt utruleg lys som eg elskar å fange på bilder. Men lyset fins berre når det fins sol. Med ein gong vèrgudane legg sin tunge tåkehatt over dalen vert her mørkt som i ein sekk.



I det siste har me levd i ein tåkeheim.. Dagens bilder vart teken for litt over ei veke sidan då me hadde ein glytt av sol. Då var det berre å trive treskoa og springe ut, for på eit blunk så var det over.

Ei metrolog har vist klokeleg sagt at når me nordmenn og kanskje helst vestlendingar klagar over det kalde og sure veret, bør me stikka fingeren i jorda, eller kanskje helst på globusen og sjå nett på kvar me bur. Det forklarar mykje. So kanskje eg får slutte å syte, og prøve finne andre løysningar for baderomsutfordringa denne månaden... det held nok lenge berre å gå ut...ein billeg dusj er no i allefall innan rekkevidde...



2 kommentarer:

  1. I morgen kan du jo møte dagen med shampoo og balsam og og skikkelig ryggskrubb!! 34 mm gir mulighet for den årlige storrengjøringa:-)Deretter kan du fyre i ovnen og kose deg inne med skikkelig ved-varme og de nydelige bildene du har tatt over:) Det er håp, ser du:)

    Klem fra regnet i Ørsta :)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.