lørdag 6. oktober 2012

BAD BLOTT TIL LYST

Då me bygde huset me no bur i var det ikkje etter lang planlegging og grundig ettertanke.
I kommunen vår får du 250 000 kr når du har bygd deg eit hus, rett på konto.
Og bur du der i fem år eller meir får du behalde pengane.


So huset vårt kom til omtrent slik: 
Ho: Dyr husaleige for å vere her på landsbygda. 
Han: Ja, skal me byggje hus i staden? 
Begge nikkar: Ja, dårleg økonomi å ikkje gjere det
Og så gjorde me det.
 Fort. 
Interiøret vart til litt etter kvart. 
Eg kjende til eit interiørblad og det var Bo Bedre, noko huset fekk fort erfare ;)

Badet var veldig dårleg planlagt. Ein dag eg sit på arbeid, kjem Mannen inn med mobilen på øyra og spør kvar eg skal ha vasken...og toalettet...og dusjen...og badekaret....me må bestemma oss der og då for røyrleggjaren stod i bygget og venta. Då vart det fingen i lufta...

So var det å finne rett møblering...


Og eg fann denne på nett og tykte den var utruleg flott. 
Fransk var den, heilt frå Paris (eller noko slikt:) kom den. 
Eg trur eg let meg lure av at den står der i skoddehavet med heile oceanet i panorama bak. 
Kan vel knapt seiast at den gjer det på badet vårt. 
Nei det vart fort litt meir trivielt der. Og verst av alt...den var i teak. 
Eg hadde tenkt eg skulle kjøpe den i wenge, men mista motet og valde teak. 
Skammar meg gjer eg og...


Ikkje fullt så visjonært i møte med oss og våre behov....kom liksom ned på jorda att fort. I tillegg var eine vasken allereie skada før byggearbeidarane forlet oss..

So no, 4 år etter innflytning pussar eg opp. 
Fyrst kjøpte eg nye speil frå Bohus, Nora, måtte male dei for dei hadde desverre feil farge...


Og i helga våga eg endeleg å gå laus på teakmonsteret.. og som mannen seier, det ser litt billeg ut etter malinga...men kva gjer no det så lenge me veit kva verdiar som skjular seg under...i allefall for indianarane og regnskogen.... Slik vart resultatet..





Betre enn før, og det er bra berre det....


Dette innlegget skreiv eg i 2009 og så var badet oppdatert til stilen som gjaldt i då. Få endringar har skjedd sidan, kanskje berre rydda bort dei verste Chabby chic elementa.... bilder av det kjem i morgon...

1 kommentar:

  1. no trudde eg det var blotting på badet...derfor eg gjekk inn her i grunnen..hehehe...
    høres ut som vi skulle budd i dalen og bygd hus..ska berre sjå me kjem når ungane har flytta ut og ingen lengta te bydn...

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.