onsdag 31. oktober 2012

Peparbusk



Konkurs!

Nåken è Donald Duck og nåken er Fetter Anton
Da è ikkje rettferdig
men da è no berre sånn...


Eg er nok litt meir Donald enn han hin. Og i tillegg har det vist seg at balne ting skjer i kjølevatnet av meg og mitt... Då me kjøpte norskt og solid kjøkken hjå Sivesind, va da vel kanskje da siste kjøkkenet dei selde.




So kjøpte me ein Saab.... 
So handla eg i haug og dung hjå Pentik i Lagunen..
Eg begynte og å strikka eit sofateppe i Topp t' Tå garn frå Gjestal...
Men sjølvsagt før eg vart ferdig (4 år :O)  så orka dei ikkje produsere dette garnet meir...

Kan du hjelpa meg? Har du, eller kjenner du nokre som kanskje kunne ha eit par nøste kvit Topp t' Tå garn liggjande i eit skap i vente på betre tider....?

Om du har så er eg kanskje Fetter Anton likavel? I allefall for ein dag!

tirsdag 30. oktober 2012

..lettast å rydda...

 

Loftstova er ganske kjapp å få på stell, derfor vert det den de får sjå i dag...



....planlegg nytt arbeidsbord til heimekontora...må berre ut på nett og inspirere meg litt fyrst, treng durabeleg med pågangsmot kjenner eg :D

mandag 29. oktober 2012

Brått kom vinteren

 

Vintersong

Atter ein gong syng det vinter.
Jorda er klaka og kald.
Atter rår stormharde netter -
alt er i vinterens vald.
No kan han herja og tyne -
seinvår han spottande spår.
Det er som mest han vil syne -
no er det vinteren som rår.

...fyrste vers av vinterong av Bj. A. 

No er fyrste verset av vår vintersong også igong...

søndag 28. oktober 2012

Vinteren tek tak...


fredag 26. oktober 2012

Prinsippfast



Sidan Tine K er så til dei grader overrepresentert på dagens interiørbloggar har eg vore veldig prinsippfast og ikkje kjøpt meg noko av dette merket. Uansett kor lyst eg kanskje har hatt, har eg stått i mot og vist integritet og sjølvstende. For eg er jo inga hermelus.....

Likavel har det snike seg inn ein lampe......og litt lys og såper...som har vore gåver. Og de anar ikkje kor godt det er at folk ikkje tek hensyn til mine prinsipp når dei skal gleda meg.... og til dei i min  omgangskrets som tenkjer på julegåver alt......
- eg skal i allefall ikkje kjøpe meg slike lysfat eller skåler frå Tine K som alle andre har, nei det skal eg i allefall ikkje.....


torsdag 25. oktober 2012

Gje vekk! Giveaway!

I dag vil eg gje vekk noko aldeles fantastisk vakkert og flott og kjekt og fargerikt og lekkert og ..godt? I dag vil eg gje vekk ei bok. Ei kokebok.  Boka heiter " Small Plates and Sweet Treats" og er eit praktverk av ei kokebok. Alle oppskriftene er laga utan gluten og er svært egna for folk med glutenintoleranse eller andre som ikkje treng kveitemjøl til alt :D


Dama som har skrive boka heiter Aran Goyoaga og er ei baskisk dame som bur i USA. Ho er bakemeisteren som fekk glutenintoleranse og som på eigenhand har laga dei lekraste rettar utan. Her kan de sjå filmen om det. Bileta hennar har så lenge eg har kjend til henne vore ei stor kjelde til glede og inspirasjon. Boka er inga unntak.


So no gjev eg vekk ei bok til ein forhåpentligvis glad vinnar. Det du treng å gjere for å vere med er å leggje att ein kommentar på dette innlegget. Legg du deg til som fylgjar får du to lodd.  Reklamerar du på eigen blogg får du fem! :D Du kan bruke den vetle diskre knappen eg har her på høgresida om du vil. Har du ikkje blogg legg du att ei epostadresse eg kan nå deg på om du vinn. Er du Modaling vert da veldig enkelt, då kan eg levera boka til fots om du vinn. So legg att ein kommentar du og.


Eg trekk vinnaren 1 desember tenkjer eg...når julekaoset er på topp, så får du kanskje ei bok å kosa deg med i advendtstida. Ein liten advarsel er, du får ikkje mykje av ingrediensane til rettane på Coopen, men dei har det meste på helsekosten i Knarvik for å sei det slik :D


Alle bilda er teke av forfattaren av boka, Aran Goyoaga med den vakre bloggen Canelle et Vanille og er brukt med tillatelse frå henne.

(Gjevekken er heilt sponsorfri og kvitteringa kan leggjast fram på forespurnad)

onsdag 24. oktober 2012

No kjem vinteren

Gløym ikkje fuglane..



Fuglebaren over her skal verte eit fort når det er ferdig, som skal halde katten ute...håpar eg....for slik det står no er dette like mykje eit matfat for katten som fuggelen...

tirsdag 23. oktober 2012

Hausting

   
    

Medan eg syrgjer over lampane eg aldri fekk og leitar etter gode unskyldningar for å kjøpe dei likevel, viser eg litt haustlege bileter til dykk.....
   
   

mandag 22. oktober 2012

Ny dag, nye høve...



Kanskje eg skal delta på Moseplassen si haustutfordring... HAUSTBLADER?

Ein vert inne hjå Moseplassen oppfordra til å skrive litt om kva ein ser på haustbildet. Og ja her ser de ein trøtt kanin og ei bjørk som klargjer seg for vinteren. Hausten er usedvanleg vakker i år og de burde ta dykk ein tur inn og sjå på dei andre kandidatane. Der var mykje venleik å sjå.....

God måndag!

søndag 21. oktober 2012

Samvit

I går sat eg meg ned og sjekka ut pris på dei etterlengta Caravaggiolampane eg ynskjer meg. 10 000,-  for to, og eg treng to. Det vart altfor mykje pengar, å forsvare...  kvar eg snur meg rundt og ser på levekåra i verda, kan eg  ikkje forstå korleis eg skal forsvare at eg har lampar til ein slik pris hengjande over stovebordet...


Eg har lese so mange gonger no, at for alt kva vi interiørinteresserte gjer, SO MÅ ME IKKJE EIN GONG  TENKJE PÅ Å KJØPA BILLEGE KOPIA. Da è ikkje te å leva med, står det i interiørmagasin etter interiørmagasin. Og eg har begynt å tru på det.

At eg kjem te å kvelast og visne vekk om eg ikkje sit i ein Eames eller eit egg...med gull i ryggjen. Og eg har begynt å flytte grensene for kva som vil vere ein akseptabel pris på ein pute eller ein stol..eller ein lampe...

og so har eg lyst til å ha nåke å visa fram, visa at eg heng med liksom.. og så prøve eg å forsvara det for meg sjølv...at da vara so lengje, at da e ei investering osv... men i dag var det liksom slutt

"Nåken vera rike" seie Stein Eirik Hagen i avisa i dag...og ja da e sant, eg melde meg frivillig om det er det om å gjera.... :D

Men når klasseskillet aukar her heime, og store delar av verda lid trur eg at eg må revurdere draumane mine og kanskje jakte på noko billegare...kanskje pendelen fra Pentik kunne fungere? den kostar tusenlappen og sel dei den enno får eg meg kanskje to....og då har kanskje eg nokre ekstra krone som kan puttast i potten til Amnesty i dag.....

lørdag 20. oktober 2012

Dagar...


Å feire fødselsdag er sunt. Statistikken viser at de som feirer flest fødselsdager, også er de som lever lengst. 
LL

fredag 19. oktober 2012

Haustlilla..



God helg!

torsdag 18. oktober 2012

Designerkopp for allmuen

 

Dette er ingen Arne Jacobsen typografikopp, ei heller ein Kähler. Dette er ekte norsk design og den er laga i Hakkadalen. Dei fleste vil nok dra kjennskap på godt norsk handverk, rett frå småskulen sin keramikkovn.


Dottra er veldig fornødd med denne koppen, og det er eg og. Det einaste me er ueinige om er om den skal stå til pynt eller om den skal brukast. På grunn av vekta gjer den seg best te pynt eller i veska som sjølvforsvarsvåpen....

Men er den:
 Vakker? 
Å JA! 
Ekte norsk design? 
Å JA!