tirsdag 25. september 2012

Haust i drivhuset


 

Det haustas og i drivhuset. Bønneplantane og tomatplantane har teke kvelden og alt som er att er saker som er redda inn frå frosten. Det er kalde tider og eg har ovn på om natta. Den sug straum sidan huset er langt fra tett. Likavel kosta me da på oss her i kraftkommunen, i allefall litt lengre ut på hausten så eg kan drikka kaffien min og filosofere i lune omgjevnader...


Einaste drueplanten min lever godt enno. Den har vakse seg stor og kveilar seg rundt i taket. Ikkje ei drue i sikte, men kanskje til neste år om den overlever vinteren her i Hakkadalen. Det gjeld underteikna også. Eg er ikkje klår for vinter, eg ventar faktisk enno på sommaren....ein lang, mørk, kald og sur vinter til kjennes altfor tungt å tenkja på akkurat no... så då gjer eg det ikkje heller...

4 kommentarer:

  1. Så gøy å se filmen fra drivhuset. Og den fine pusen ligner på den ene vår, bare slankere. Det går unektelig mot vinter. Her på sørlandet pøser regnet ned i dag.
    Kos deg i drivhuset så lenge du kan.

    SvarSlett
  2. Har vore sol her..
    Men i går var det frose på bilen..

    Er ikkje heilt klar eg heller..

    Vakre bilete!!

    klem

    SvarSlett
  3. VAKRE Bilder, som alltid! Og så kult med video!!! Åssen fikk du til det? Det var jo kjempekult!!! :)

    SvarSlett
  4. For en nydelig stemning i drivhuset ditt. Kjenner septembersola varmer inn gjennom vinduene helt hit. Innglassa rom er tingen for vårt klima. Har akkurat bygd oss vinterhage. Nyter å sitte der om det rusker og regner ute. Magisk!
    God dag ønskes deg.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.