onsdag 25. juli 2012

Positive tankar og positive ord...


og det positive gror?

Nokre gonger kjenner ein seg litt uinspiret for å sei det slik. Har fått med meg at diskusjonen har gje høgt og lågt i det offentlege rom om det er bra eller ikkje bra, at alt er så positivt og lett i mammabloggverda, eller i interiør- og kvardagsbloggverda for den saks skuld. Og ja da e bra så lenge det og er rom for det motsette, men da kan verta litt overveldande når ein har bladd seg gjennom ein titals bloggar (fordi ein likar det) og alt er lukka, sol og venleik og så reiser ein seg frå stolen og ser seg rundt i eigen heim..... då hender det at ein kjenner at ein kjem til kort, ein titalsgonger meir  enn om ein berre besøkte ei veldig vellukka venninda... Og då kan ein kanskje berre "ha det så godt" , for at ein las alle dei bloggane.. (i staden for å rydda?)... eller me berre skal stikka fingeren i jorda og  innsjå at det å komme til kort i våre forventningar til oss sjølv er ein del av livet...

Då er ordtaket " Det gjeld å leggje lista så HØGT at ein kan gå UNDER med RAK RYKK" på sin plass tenkjer eg...

7 kommentarer:

  1. Jeg skjønner hva du mener. For min del begynte jeg å blogge for å finne det som var vakkert i hverdagen- og bloggen viser jo også det man faktisk har fått gjort- kjenner at fokuset lett kan rettes mot alt som må-burde-kunne ha vært gjort...aberet med interiørblogging er jo nettopp at det kan bli vel materalistisk og konsumistisk (hvis det er noe som heter det da;)) det kan skape kunstige behov som vi ikke visste at vi hadde en gang...Hvis du sitter igjen med en følelse av å ha truffet 10 fantastisk perfekte venninner som gjør at du føler deg mindreverdig- så tror jeg at jeg ville latt være å lese akkurat de bloggene en stund...og heller finne noen andre som fremstår mindre perfekte og strømlinjeformede;)Så tror jeg det alltid er sunt å reflektere litt. Klem fra meg;)

    SvarSlett
    Svar
    1. :D Misforstå meg rett.

      Eg trur at det er ei reell fare for at ein kan kjenne at ein kjem til kort om ein les for mange bloggar, ikkje mindreverdig for det er heilt noko anna. Men at ein ikkje heilt strekk til. Det kan ikkje den enkelte bloggar lastas for, ei heller lesaren eigentleg. Det er totalen her som vil utløyse slikt, ei kjensle av at alt ein har sett og lest er noko alle gjer eller kan. At ein ikkje heilt klarar skilje at nokon er flink til ditt og nokon andre datt, nettopp derfor ein finn seg favorittbloggar, ikkje berre favorittbloggen.

      Det er akkurat som med nyhende. Før fekk ikkje folk vite så mykje om kva som hendte i verda. Da va mest nytt frå nære strøk. Litt no og litt då. No vert me bombardert med alt på ein gong, og det kjennes som vi er på kanten av stupet, at me lever i eit inferno av galskap....og gløymer at alt dette hender...litt her og litt der, ikkje alt på same stad, heile tida. Men ein sluttar ikkje lese nyhende for det. Nett som ein ikkje sluttar å lese bloggar.

      Det er berre slik det er...at slikt kan skje..

      ..og det er då eg prøver å formidle at me må setje fingeren i jorda og le litt av det heile...

      Klem og takk for komentar!

      Slett
  2. Fantastisk ordtak det siste der ;) Og kjekt med litt variasjon i blog innleggene.

    Ingrid ;)

    SvarSlett
  3. Likte ordtaket ditt! Jeg søker herved om å låne det ved passende anledninger.
    Delikat blogg med flotte bilder og fin tekst!

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren kom fra herlege Kari fra BirdByBird så eg sat i bilen på veg til byen. Kombinasjonen mellom mine pylsefingra, ein heller knøten HTC og ein krapp sving frå husbonden gjorde at dette innlegget vart sletta i staden for publisert. Under kjem det eg redda frå eposten:

    Kari fra BirdByBird har lagt inn en ny kommentar på innlegget ditt Positive tankar og positive ord...:

    Fine tanker fra deg. Kanskje vi må tenke på en tekst av Anne Grete Preus som er slik: "Jeg var så redd for å mislykkes før. Nå vil jeg bare prøve å være en fin amatør"

    Vi må styre unna forventningspress, det dreper bare kreativiteten.
    Klem :)

    SvarSlett
  5. trur no heller at det blir pynta kraftig på sannheta i enkelte blogga !!

    ikkje kan æ bake, ikkje har æ det perfekt hjem og ikkje tar æ de perfekte bildan..
    men æ e no lykkelig for at æ e mæ sjøl æ !

    god klæm tel dæ som har fingern i jorda ; )

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.