tirsdag 22. mai 2012

..me gjev oss ikkje...heimelaga vaniljesaus...

Pavlovaværet er ikkje forsvunne så her kjem resten av oppskrifta.
 

Veldig mange er nøgde med litt krem på pavlovaen før ein hive på friske bær. Då bør bæra vere friske og gjerne litt syrlege her som rips og bringebær m.m. Men har ein no fyrst laga supermarengsen så sit ein no der med 3 store eggeplommer og dei passar perfekt i ein vaniljesaus.

 

Du tek 3 dl. kremfløyte i ei panna og legg opp i ei delt vaniljestang. Del den i to på langs og skrap ut dei frøa du kjem til og ha dei oppi saman med resten. Kok dette opp. Rør 3 ss sukker saman med eggeplommene og hell litt av den kokande fløyten opp i denne blanninga mens du røre. Hell blandinga tilbake i resten av fløyten men du rører godt. Gjev sausen eit oppkok og ta ut vaniljestanga.

Eg veit nokre tilset maisenna for å få ein tjukkare saus. Ein kan vel også kanskje bruke eggeplommene til tjukning om ein varmar over lang tid med intens røring som når ein lagar Lemon Curd bl.a.

Eg kjøler sausen når eg skal bruke den til marengs og blandar i piska krem. Halvt om halvt sirka.
Kremen vert litt blaut så det passar flott med porsjonar, eller kan det renne litt ut på ei stor pavlova.

 

Til denne kremen passar bær som jordbær og blåbær veldig godt. Mmmmmm sommar!

1 kommentar:

  1. Ser og høres helt fantastisk ut! Fikk lyst til å lage! :)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.