torsdag 31. mai 2012

Heilt Nikon!

Fabelaktive Fabelaktiv har ei utfordring når det gjeld kamera. Og sidan eg har kamera og er ein sukker for utfordringar so slengje eg meg med.

Eg starta opp med eit Olympus kompaktkamera for ein skokk med år tilbake. Eg elska det kameraet og nedturen var stor då eg fekk eit speilrefleks (digital) Olympuskameraet i hende. Skit!

Så då var det fingen i lufta og fingeren havna her:



..eg las nokre testar og Nikon og Canon var liksom slik 50-50, so her har tilfeldet råda. Eg veit at folk på begge sider vi sei eg er heilt på jordet, men som dei seie..da e ikkje komfyren som avgjer om maten du lagar vert god...sjølv om det sjølvsagt kan hjelpa på.

Eg ødela objektivet fyrste dagen då eg ikkje festa kameraet godt nok på stativet. Likavel har eg baksa på i fleire år med orginalutstyret, heilt til eg tidleg i år kjøpte meg to nye objektiv. Eit 50mm og eit 35mm. Sistnevnte er favoritten og det står nesten alltid på.

Eg brukar kameraet også til film, sjølv om det vert eit ustabilt og litt vinglete resultat :D




 ..eg ser at verda har gått vidare og at eit D90 alt er litt utgått på dato, men eg vert her med min "lest" ei stund til tenkjer eg meg.....





Eg og mitt Nikon D90...på jakt etter lyset...

2 kommentarer:

  1. For en vakker videosnutt du har laget. Drømte meg langt bort her et godt øyeblikk. Tusen takk skal du ha.

    SvarSlett
  2. Vakkert, absolutely GEORGEOUS!

    AG, NY

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.