tirsdag 8. mai 2012

Frukostrundstykker..

På den gamle bloggen hadde eg ei oppskrift som eg sjølv har klart å forleggja. Kvar gong rundstykka skulle lagst henta eg berre fram mobilen eller Ipaden og så var eg hjelpen. No når bloggen er steng vert dette mykje vanskelegare. So no rebloggar eg beint fram den oppskrifta med. Som note to self..
...
  
 

Oppskrifta er nokre mjuke brytebrød som eg har laga i åresvis, sidan oppskrifta er veldig enkel og kjapp å lage, på morgonskvisten før resten av huset kjem seg på beina.

Ca 7 dl kveitemjøl
2 ss sukker
1 1/2 pk tørrgjær (eg bruker 50g vanleg gjær)
3/4 ts salt
2 dl varmt vatn, 45 - 50C ( eller 38C om du bruker vanleg gjær)
2 ss olivenolje
1 egg

Bland gjæren med veska og egget. (om du brukar vanleg gjær) Bland så i det turre. Deigen treng ikkje forheva, men har som alle deigar godt av 10 min i ro og fred. Rull deretter ut rundstykker, eller trykk den ut i ei lita langpanne om du vil lage brytebrød. Då snitter du opp deigen i 16 biter med ein skarp kniv.


Eg vel nokre gonger å kjevle deigen ut til ca 1 1/2 cm - 2 cm og bruke julebakst utstyret og lage passande hjarterundstykker. Dekorativt og litt kjekt også.

Etterhev i 20 min. Steik rundtykka på 225C midt i ovenen ca 15 min. Du kan sikte litt mjøl over dei før du set dei i ovenen. Dei skal vere litt hule i lyden når du bankar forsiktig på dei.


5 kommentarer:

  1. Så lekkert! Flotte bilder!
    Tusen takk for koselig kommentar hos meg! klem Hege

    SvarSlett
  2. Disse så kjempegode ut, og vil definitivt prøves ut i nærmeste fremtid! Tusen takk :-)

    SvarSlett
  3. Så herleg med hjerterundstykker! Gode ser dei ut også, eg elsker gjærbakst:-)

    SvarSlett
  4. Eg elskar også gjærbakst! Desse må jo berre prøvast, så kan eg og gutane spiss hjerterundstykker, litt feminint og søtt må eg jo berre få innføra ;)

    SvarSlett
  5. Hei!

    Bloggen din har fanget vår oppmerksomhet på grunn av kvaliteten av oppskriftene. Vi ville bli glade hvis du ønsker å bli med i Alleoppskrifter.no, slik at vi kunne koble til den.

    Alleoppskrifter er en søkemotor som samler de beste norske matlaging nettsteder og blogger fra Internett. Flere hundre blogger er allerede registrert her og dra nytte av den trafikken vi sender til sine nettsteder.

    For å bli med Alleoppskrifter, bare gå til http://www.alleoppskrifter.no/ga-med-i-matbloggtoppen

    Ha en fin dag!

    Vennlig hilsen,
    Elin
    Alleoppskrifter.no

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.