mandag 30. april 2012

.. litt kvile...

 

søndag 29. april 2012

Minn meg på når sommaren kjem..

..kor mykje arbeid som ligg bak fine bedd og friske plantar...



Me snakkar mange timar med rumpa til værs i harde duellar med både trønske og kveka.



...likavel om eg trøytt som ein dupp når kvelden kjem, og er eg og lukkeleg som få!

Håpar de alle har nytt dagen!

lørdag 28. april 2012

Morgon i april...

Ein stille morgon i april. I dag har sola skine, det har regna og det har snjoa...



..eg har ete frukost ute og prøvd meg på film...:D

 

fredag 27. april 2012

No er våren kommen...

..også til Hakkadalen...



God fredag!

torsdag 26. april 2012

Sommardrauma

Provincia del Chianti







Ein benk til begjær

Kvar haust og kvar vår er det bossinnsamling her i Hakkadalen. Då fylles vegakantane med skrot og rot som bygdefolket vil kvitte seg med. Ofte kan du sjå ei middelaldrande damerumpa stikka opp innimellom rotet.
Rumpa er mi... og eg  leita etter skatta på høglys dag...

 

Denne gongen fann eg ein gammal benk. Sjarmerande nok i sin rustikk, men sidan eg ikkje visste kven eller kva som har sete på den, valde eg å pusse den grundig ned. Sjølv om dei nok ikkje brukte profilerte lister og spikar under svartedauden, kan ein liksom aldri vita kva organismar som skjuler seg i kvist og råte.

 

Litt pussing og litt maling. Og litt pussing igjen for å få den litt slitene kjensla...

 

Benken havna sjølvsagt i glashuset, der den kan underhalde både folk og plantar. Litt for mykje gråvær i går og mine stylingferdigheita er litt i smalaste laget for å gje den rette sommarkjensla, uansett benken vart ein skikkeleg sommarsbenk...

 

Som de ser er glashuset framleis ikkje heilt ferdig...

onsdag 25. april 2012

Polfararen...

For nokre år tilbake blogga eg om bilkjøring og faren rundt dette. Med den ferske dommen fra USA på 7,5 års fengsel for å kjøre mot kjøreretningen eit lite bel, gjer innlegget dagsaktuelt og eg vågar meg på ein reprise.

Forhistoria er Miamor som fer land og strand Med Josh Groban, alt om det kan de lesa her. No skulle eg berre til Knarvik. Men berre til Knarvik er langt nok det, for ei med det som populært vert kalla Hakkadalssertefikat.

Me har to typar Hakkadassertifikat. Da eina e vel strengt tatt ikkje noko sertifikat, derav navnet. Da è vel berre da at sjølv om ein ikkje har sertifikat...so kan ein kjøra bil i Hakkadalen. Da e heldigvis ikkje så mangen her med slikt sertefikat.

Da andra è slikt som eg har. Eg har sertefikat, men kan vel strengt tatt berre kjøra i Hakkadalen. Da e fleire tå desse sertefikata.



So måtte eg no til frisøren, slik folk må til frisøren av og til, når da gråa tek overhånd og mannen nektar å sove i same rom som ei som har brukt heimafarging.....

Sjølv om me har opp te fleire frisøra her, so e da ingen praktiserande og me må ein liten time i bil for å finna nokon som kan gjere grått svart att.

Da fysta eg gjer er å kvi meg. Eg kvir meg i fleire daga. Eg les langtidsvarsel på både yr og på storm, og skjelv i redsla for is og snjo og anna skummelt ver som kan bidra til gjere turen meir spanande enn den stregt tatt treng å vera. Og når dagen renn er eg i i korte trekk eit lite nervevrak.



Men i bilen ber det, venskapen (skjønnheten) kjem før alt. Miamor skriv så vakkert om turane sine med fint selskap som feks. Josh Groban. Hennar turar høyres so forlokkande og avslappa ut.

Eg måtte ta te takke med det husbonden hadde invitert inn. Eg må sei at eg var ikkje særleg høg i hatten der eg sat aleina med fire gamle kara frå KIZZ. Det vart så ubehageleg å ha Gene Simmons i baksetet at eg måtte stoppa og be dei gå.

Berre fø å oppdaga at ein einsam og forsoffen Jokke sat att dar bak. Eg hadde tenkt å sende han same vegen, men då han mumla noko om kor pen eg var, tenkte eg no at jaja..han kan no vere med litt lengre....heilt til eg klarte tyda: >Du er ingen fotomodell, du er ingen Garbo Jeg driter vel langt i det, jeg liker mørke og harry. Då bar det av på neste bussstopp.

Ja, ja. Eg hadde to ting å bekymra meg over. Finna parkeringsplass utan å drepa nokon ,og is....det var mange minus og redsla for at saltinga hadde vore i gnitnaste laget låg langt framme.

Etter få minuttar inn i turen skreik det tredje mot meg. Bilen var tom for bensin. Og eg er ikkje ein dreven bensinfyllar. No tenkjer kanskje du at ”gubbevaremegvel! Kor vanskeleg kan det vere??!” og då må eg få sei at sist gong eg skulle fylle olje på ein bil endte eg opp med å fylle på 2taktsolja. (og som eg no veit er den spesiallaga for mellom anna mopedar og motorsage :) so ja ingen veit kva det kunne ende med om eg måtte te på ein ukjend og skremande bensinstasjon denne dagen. Disel i spyleveska er det vel nærliggjande å tenke på....



Ja,ja turen gjekk smertefritt, både for meg og mine medborgarar. Håret vart svart att, eg svippa tilogmed innom brukthuset i Knarvik som heilt har prisa seg ut av marknaden desverre.

Da høyre til historien at eg ikkje fylde bensin uti verda. Eg kjørte med det rauda lyset heilt til eg var heimatt og kunne pusta letta ut ved pumpene på Moe....og då eg stod der kom eg til å fundera øve..om han dar Jokke kanskje hadde vore inne på noko likavel....

..om nokre undra seg over overskrifta so høyre da med til historien at me må til Knarvik for å finne nærmaste pol... :)

tirsdag 24. april 2012

Skrekkeleg enkelt - GDS

Eg kjenner eg er inni ein stim der skrot vert til noko kjekt eller fint, eller kanskje begge deler. I dag er det ei gammal botnlaus skuff som endte som hylle på veggen.



Eg hengde den på ein stor spikar. Kan sikkert skruast og sikrast litt betre om det er naudsynt.  Eg fann skuffa i løa te far min. Ei kul og rustikk hylla uten at det kosta ei krona.



Glashuskoppane må sjølvsagt få vere med. Kjenner på at det er litt leit å ikkje kunne vise så mykje frå glashuset som eg skulle ynskja sidan mykje av den infoen havna i galne hender for litt sidan.



...men da kjem, litt etter litt, for det er der eg brukar tida mi om dagane...

Slik heilt tè vanleg..

Sidan eg gjerne vil kvalifisere til å liggje på NIB-rollen i framtida når den nye sida deira er klar, må det nok eit og anna interiørinnlegg til. Det har vore ein liten diskusjon i den verda om korleis me eigentleg har det heime.

 

Da hende desverre ofta at da e litt rotete heima, men ikkje kaotisk. Da hende at da burde ha vore vaska grundig både her og der, men eg trur at ikkje ukjende organismer kan overleve på eiga hand.

 

Desse bilda er slik det er heilt til vanleg i stova. No tek nok loftstova av for litt av bruken, men her styre mor med jernhand og alle må vere med på å halde det presentablet so eg kalla da.

Eg likar huset best når det er reint og ryddig. Det gjev fred og rekreasjon. Eg likar det enkelt og avstemt, og set meg som mål å alltid halde det slik. For det gjeld å leggje lista so høgt at ein kan gå under med rak rygg...

mandag 23. april 2012

Sirapp!

I vår har eg atter ein gong prøvd meg på å lage bjørkesirapp. Og det har gje vel får ein vel seie. Eg har laga to ulike "Koke" med ulik konsistens og smak.


Det fyrste ein må tenkje på når ein skal tappe bjørkesaft, er tida det skal gjerast på. Da heite at beste tida er når sevja stig i bjørkeskrotten tidleg på våren. Kvitveisen skal ikkje vera skikkeleg utsprotten. Er den det er tida for tapping eigentleg over.


Det er fleire måtar å tappe på. Ein kan båra seg innunder borken på større bjørketre og setje inn ein slange som fangar opp safta. Dette gjer trea veldig sårbare for infeksjonar i ettertid, så gjer ein dette krev det stor varsemd. Eg berre klyppe øve ei middels grein og heng ei flaske på.


Sånn til kvardags brukar eg ikkje glasflasker, dei er kun brukt for å gjere det heile litt meir estetisk på bilda. Ei stor brukt Cola Zero flaska gjer ikkje heilt same susen...

Når safta er tappa, silar ein av og fjernar skogsskjegg, bark og maur, og kokar den inn. Kor mykje du skal koke safta inn kjem an på kor sterk smak av bjørk du vil ha. Eg lagde to koker. Ei der 3 liter vart til 2 dl, og ei der 5 dl vart til 2 dl. Når eg har funne smaken eg vil ha tilset eg sukker heilt på slump, her bør du prøve deg fram og kokar vidare til eg får ein seig sirupsliknande konsistens.


Eg tilset litt vaniljestang og litt kanelstang for ekstra god smak. Denne sirupen har eg kokt lenge, difor er den veldig gul i fargen. Den andre eg laga, er mindre syrleg i smaken, i tillegg runda eg den med litt fløyte og då vart den mindre blank og nesten litt grønleg på fargen. Men minst like god! Du ser den bakerst i bildet under.


Sirappen kan du bruke til kva du vil, spesielt is og desserter vert ekstra gode med litt bjørkesirapp på toppen.


Den vesle soppen på biletet over heiter Symrebeger, og står der so artig saman med min vårblome nummer ein, kvitsymra. Våren er hæææærlig dere!