torsdag 30. juni 2011

Trolsk..

Tè gikta...

onsdag 29. juni 2011

Bondeanger...

Ja eg veit, GG er litt ut akkurat no. Og mitt kjære PIP vart avleggs før det heilt kom i gong. No er det Mano og Tine K skåler og kopper som tel.



Manokoppane må jo vere svært gode der dei ser ut som dei er smelta i forma te neven på eigaren. Og jau Tine K sine handmala skåler og fargaglaslysestaka è rett fram flotte. Da einaste è at dei passa ikkje i lag med det eg har frå før. Eg har på ein måte kjørt meg fast uti ei grøft, eller kløft,  her eg sit med eit middels familieservise med PiP og skal prøve å naturleg integrera ein og anna Manokopp i rosa og turkis..



Da seie seg sjølv at det går dårleg. Eg er jo oppriktig glad i koppane mine, sjølv om eg no frå tid til anna kjenner at eg vert litt flau over dei, nett som noko som kjendes som ein lysande idè, laurdagskvelden, men som i sundagens dagslys ikkje var fullt so bollekjekt. Ei god trøyst er no det at både min eigen far og svigerfar har kommentert PiP-koppane med beundring og utala noko som... dei finaste koppane dei hadde sett... Da må no vera nåke, kvalitetskontroll på tvers av kjønn og alder. Eg veit med sikkerheit at ein Manokopp hadde fått ein anna medfart, sjølv om då eg var yngre ville nok akkurat det, gjort at eg gjekk rett ut og kjøpte den....



..so eg har kome fram til at eg må gjera so dei seie ein bør gjera dagen derpå...Stand by your man..eller rettare sagt..stand by my cup :)

tirsdag 28. juni 2011

"Stor i kjeften"- politiet..kom og tok meg..

No regnar det på Vestlandet også....



..tè og med hestane frys..



Her har me klassiske før og etter.. merk dykk husa til naboane som me aldri såg før i dag...Resten av skogen for te havs...



Her snakka me om to dagars mellomrom...

mandag 27. juni 2011

Litt sånn på halv åtta..



Eg las at nåken hadde lært at me godt kunne by litt meir på oss sjølv sånn reint interiørkaosvis. Og ja, sidan ute er det nye inne, so er inne heilt ut...



... hjå meg.

søndag 26. juni 2011

Syrleg sundag...




..å eta? Hundekjeks sjølvsagt! :)

lørdag 25. juni 2011

Ka è da mè da?



Ja, ka è da mè da eigentleg. Bila. Nye bila. Visste de at nye bila ikkje har farga. Nye bila kjem kun i slik nyansa som gjer alle katta grå. No è da eingong slik at husbonden har grene seg te ny bil. Sjølv om den me har, strengt tatt er heilt i orden. Uansett, ny bil har han fått og bestemt alt har han gjort... bortsett frå ein ting. Sjølvsagt. Fargen. Når eg skal vera med på å betala på ein bil te ein halv million eller so, so vil eg bestemma ka farge den skal ha. Eller eg trudde at eg skulle.



Ja, her ser de utvalget. Ikkje rare greiena, men saka var no enkel. Bilen måtte verte raud. Husbonden fekk rykningar både her og der, og andre menn i soknet utala høglytt...stakkars mann!.. Eg trur ikkje da è einaste heimen dar nettopp ei slik arbeidsfordeling har skjedd og derfor er fortsetjinga på historia like genial som ho er galen.

Då bilen skulle bestillast fekk husbonden den beste gladnyheita på fleire år... "Rød??, nei den produseres ikke i rød, har ikke på mange år... kan kanskje spesialbestilles i en dyrere utgave, men nei...rød??"Mannen har sverga på livet at dette kunne han få skriftleg..og eg får vel tru på han sidan eg har lova å æra han livet ut, og detta går vel på æro laus...;)

Effektivt har ein stoppa alle kjerringa so skulle få bestemma fargen... den fins ikkje! Eg såg svart på heile bilkjøpet.



Og svart vert han. Dei har til og med sett slike flotte navn på fargane, "Alabaster Silver Metallic", den er grå, "Urban Titanium Metallic" eit anna ord for "Grå mus" og til slutt, den som sel best og mest; "Crystal Black Pearl" ..Black Pearl?...er ikkje det navnet på skipet til Kaptein Jack Sparrow? Eg hadde aldri reflektert øve at bilverda var ein slik mannsbastion, full av toskaskap og penisforlengarar i alle størrelsa, ..men ikkje farga...då vert jo plutseleg Black Pearl forståeleg og...:)



Du lure kanskje på koffø eg ville ha den raud? Jau da e fordi eg har lese meg opp på kva som er bra. Og da è bra å kle seg i raudt for eksempel. DÅ syns alle (menn spesielt) at me dame vert vakrare og meir attraktive. Eg tenkje da sama må gjelda fø ei dama i raud bil! So har me da med mindre ulykke, lett å sjå i trafikken vinter som sommar..og så vidare og vidare...

Faktisk vil ein raud bil gjere ein mann meir tiltrekkjande også...om ein ikkje går fø gangsterstilen alle norske, og litt mindre norske, menn går for i sine Black Pearl Sport Utility Vehicle-ar...dundrande gjennom byen... Hjelpalaust!



Då eg spurde husbonden om kvifor svart bil var det optimale, svara han klokt... førdi bilen er so fin, spesielt i fronten, og det ser du best når bilen er svart!!!

Ja damer!!! Her kjem gullkorna på rekkje og rad, og me må snu opp ned på alt me har lært. Skal du framheva noko bør du velja svart altso, og vil du dølja da, so er sterke farga tingen! Det er i allefal slik karane har sett på da :)


..og kem è desse karane som kjøpe seg store, svarte bila fø å kjenna seg so skikkelege manna?

Mange tå desse karane, er heilt sikkert nåken tå våre kara; "Karis hus og hagemannen", "Linneamannen", "Hvitfryddamemannen", "Blondehimmelsengmannen", "Julefrydoggammenmannen", "Billebollemannen", "Halvor" (Rammealvormannen), og kanskje til og med "Lommemannen"....

Ka har me gjort med dei?????
...vart verda for kvit? vart det for mange blondegardine og fillerye? Vart stildiktature for tungt å leva under? Er det eigentleg min eigen feil at eg no ikkje får meg ein raud bil??? Koka da heila ner te det evindelege, så man reder, ligger man??

Plutseleg angrar eg på den vasen eg mala kvit i dag...den blanke svarte...

fredag 24. juni 2011

Med glans...

Ei lita helsing til alle dykk som fer i hopetal te Oslo for å feire Glansdagen...te alle de damer og menn som skal ete og skvaldre, natta lang. Shoppe te de droppe, dukar og kopper og kanskje ein og anna presang.... skulle verkeleg ynskt eg var med...

torsdag 23. juni 2011

Jonsok...




Den kortaste natta i året, skal ikkje sove bort den...... skjønar berre ikkje kvifor eg er så forferdeleg....trøyt?

onsdag 22. juni 2011

..tè støls..



tirsdag 21. juni 2011

Blå midtsommarbukett..




Desse blomane vaks, alle som ein, i vegakanten...

mandag 20. juni 2011

Lettvektaren...

Ingen veg utanom nyinvestering. Men den unge klarar ikkje like tunge løft som den gamle klarte. Nokre gonger er dei eldste eldst. Gamlo skal få sta og vere jordblandingsstasjon.




Verdifullt det også.

søndag 19. juni 2011

50 gram rabarbra og Harry Hole..

Set heilt klart ein spiss på ein ellers regntung sundag...



50 g rabarbra, 1 lime, 2 dl vatn og 1 dl sukker..og vips har du ein rabarbrasirup som sparka...

lørdag 18. juni 2011

Rop på sommeren..



Nærmar seg no...

torsdag 16. juni 2011

..tåskaskap..

Ikkje kan den etast og ikkje blømer den..

Men i si tid brakte den viktige brev frå hit til dit...



No står den der litt einsam og ubrukt... men kanskje vakrare enn nokon gong..

onsdag 15. juni 2011

Når gartnaren går på ein smell...




..ser det fort slik ut...