mandag 12. desember 2011

....rampelysets skuggeside...

Da è ikkje rart med interiørbileter her i garden for tida. Ikkje at det var so mange fleire før i tida heller, sjølv om eg tok mål av meg å ha det. Saka er den at interiøret har gje te streik. Generalstreik trur eg vil kalla da, dei står stille og stura. Bakteppet er enkelt og veldig kvardagsleg. Nokre kjensler har vorte trakka på.

 

I bloggebegynnelsen var eg veldig forsiktig. Eg hugsar eg tok eit bilete av ein amaryllis og kjende meg litt laus rett og slett. Litt vågal var eg nærmast der eg utleverte miniatyriske augneblinkar frå heimelivet på bloggen. Alt på skeive og litt på skrå. Heile bloggeverda hadde kink i nakken...

So vart det meir, storblogging kan ein vel kalla da. Store utsnitt av stove og soverom. Ingen løyndommar att, anna enn rotet ein skufla under senga..

 

Alt gjekk bra, både sofa og seng treivs i kjendistilværet. Dei vart modige og frampå. Ville vere med. Likte styling, og nye putar og blomar fleire gonger i veka var luksus dei snart vende seg til. Småkomodar og gamle kassar var litt meir sjenerte og stakk seg ikkje fram i tide og utide, men stilte stramt opp om eg ba om det.

So her hin dagen var det beint slutt. Ikkje eit bilde meir, ikkje eit pittelite utsnitt ein gong. Og leiaren for denne streika var det fort å finne der han stod midt i stova og sturde. Eg fekk no ut av han, at det hadde komme han for øyra at det på ein annarkjend interiørblogg var skrive noko som dette: " ..la deg ikke lure av de som prøver å komme unna med å kalle det alacantra, det er likefullt mikrofiber av verste sort"

Ja, kva kan ein vel sei? Eg prøvde med at det her var snakk om "av verste sort"... og at då snakkar me heilt sikkert om ein fæl sort. Ein sort min sofa nok aldri har høyrt om eingong. Ein slik sort som sikkert ikkje går an å sitja i ein gong for fine bloggedamerumper og mest sansynleg ingen andre rumper heller.

Eg fortalde at slik microfiber som han var laga av hadde røtter heilt tilbake til 50-talet og eigentleg var ganske retro og kult. Eg sa at me var glad i han sama kva han var laga av.... Men uansett kva eg trøysta med. Kjensler var såra og fotoforbudet er eit faktum.

Difor bilder av nips i dag ;)

11 kommentarer:

  1. Nips duger det, når bildene er så fine som dette! ;-)

    SvarSlett
  2. Fine bilder vart det no. Ellers er smaken som baken, den er delt, så dei som prøver å fortelja meg kva som skal visast fram..... må gå lengre ut på landet med det !!! Og eg er ganske langt ut på landet....

    SvarSlett
  3. Du altså... du skriver SÅ bra!
    Trenger ikke bilder en gang du, for at jeg skal fortsette å titte innom ;)
    Uansett herlige foto i dag også!
    Ha en fin desember-uke.
    Klem May Helen

    SvarSlett
  4. Du skriver så morsomt! Nesten så jeg kjøper ny microfiber-sofa på trass vettu.

    Ønsker deg en fin dag, hilsen Lotte

    SvarSlett
  5. I en blogg skal en få lov å vise det en vil og ha det som en vil... en viser bare litt av sin egen hverdag! Jeg liker din og dine bilder uansett!!
    Klem Heidi :)

    SvarSlett
  6. DET var dagens og ukas aller beste! Heia deg og sofa'n :-))) Og fy skjems til alle de overfladiske nipsekjerringene som flyter rundt i bloggland etterhvert.

    SvarSlett
  7. Fint blogginnlegg! Og fine bilder:) Synes bloggen din er fin!
    God uke!
    Maria:)

    SvarSlett
  8. hils sofaen å si at den går aldri av mote i motsetning til døgnfluene som hverken har sittekomfort eller rett farge etter sesongen ; )

    kos dæ !

    SvarSlett
  9. Stakkars sofaen. Kanskje han heller burde tenke at han burde vise seg nettopp fordi alt er lov, og alle er fine slik som dei er? :-) Eg har meir problemer med skinnsofa enn microfiber for å trøyste litt :-)

    SvarSlett
  10. Ha ha, du burde skrive festlige barne bøker. Skulle kjøpt dei alle.....

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.