fredag 7. oktober 2011

Monstermaster..

På landsbasis går høglytte diskusjona om monstermaster og vindmøller og kor gruele stygt folk syns slik er. Eg kjem frå ei bygd som er innsurra i master, ledningar, både høg og lågspentar, telefon og fiber. Her er kraftstasjonar i kvar ei ur. Ein kraftkommune på godt og vondt. Her går ingenting i kabel.



..men spør du meg, tykkjer eg dei er vakre. Dei er eit utrykk for tida vi lever i. Dei er vår tids installasjonar og byggverk.

God helg!

12 kommentarer:

  1. Du er tøff du som er så ærleg i meininga di om mastene. Eg er og innhylla i master - her ligg heller ingenting i bakken slik det gjorde der eg budde før. Som du tenkjer eg at mastene er ein del av tida vi lever i....kva skulle vel vi gjort utan straumen....Kjøyr strekninga Hol-Aurland og opplev mastestrekka der....klart dei markerer seg i naturen - men allikavel eit imponerande syn spør du meg. Vindmøller i store mengder framstår som kunstverk i mine auge.....

    .....og så har vi nok hissa på oss den heile hop:-))

    God helg til deg og:-))

    SvarSlett
  2. Bildene er vertfall nydelige, uansett hva vi måtte tenke om mastene!
    Gos helg!

    SvarSlett
  3. Jeg er faktisk enig med deg - ledninger og master er en del av tida vi lever i. Vi trenger alle strøm og ønsker komfort i livene våre! Fra mitt stuevindu har jeg fått et nytt flott blikkfang - store vindmøller i horisonten!! Det er bare så flott!! Men det er mange som har protestert....
    God helg til deg :) Heidi

    SvarSlett
  4. Og eg er også enig med deg. Og når me kjem til vindmøller, som snart kjem i fjellet mitt, synest eg også dei er staselege og flotte. Og så produserer dei miljøvenleg kraft !! Ha ei god helg.

    SvarSlett
  5. Kanskje de som protesterer høyest om master og møller er de som bor lengst borte og bare tror de vet hvordan det blir......

    Ha en nydelig helg

    SvarSlett
  6. ...ja du sier noke du...har ikkje tenkt sånn på det før...!! jammen har du rett( igjen)....bildet mitt av treet er tatt på onsdag like oppi bakken ved dyrkolbotn..måtte bærre stoppa.....god helg...Marit

    SvarSlett
  7. Spennande måte å tenkje på!
    Og bileta dine er berre SÅ fine..

    god helg klem :-)

    SvarSlett
  8. Det er heilt sant, del av tida vi lever i. Men tida vi lever i legg også kabler i bakken. Det er slik hos oss, og det er eg glad for, tenkjer alltid at der er en viss strålingsfare..Du skulle sett hvordan det er på Kreta, et eneste rot av ledninger i lufta!

    SvarSlett
  9. Har tenkt over det mange gonger når eg har irritert meg over strenger som har vore i vegen for fotografering. Kva skulle me gjort utan dei? Straum er noko me alle vil ha i dagleglivet. Får heller sjå på dei som skulpturelle slik du framsteller dei her :)

    God helg :)

    SvarSlett
  10. Så interessante, reflekterte og spennande tankar du deler her! :) Kjekt med nye perspektiv på ting. Det er sunt og viktig. Vakre naturbilete - med nytt & gamalt i skjønn forening ;) lørdagsklem frå Lina

    SvarSlett
  11. Du får både sagt og vist det sånn at nokon og einkvar kan skifta meining. Eg har ofte sjølv funne fine motiv der master er ein del av bildet, men skal eg væra ærleg så har eg ikkje så veldig lyst på nye master rett ute i naturen der eg har mine finaste fjellturer. Men no er dei på full fart til å verta "planta" ut.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.