søndag 30. oktober 2011

Tjuvstart...All Hallows Eve..

For nokre år sidan var eg veldig imot slik amerikanisering av høgtider. No er eg for alt som er kjekt, og for veldig mange born er dette kjekt.


 

Me tek ikkje heilt av, men me opnar opp for småting som snop, gresskar og anna smått som markerer noko anna enn vanleg kvardag.

 

..om nokon vil dra i gong ein voldsom debatt om temaet, går eg fort og legg meg... :)


 

God ny veke!

lørdag 29. oktober 2011

Når tida ikkje strekk til...

og lyset er borte før ein kjem få jobb....



er gjenbruk ein god ting...



No kryp eg til køys og drøymer om nye utfordingar i og nett utanfor heimen. Drivhuset må verte ferdig før snojen kjem...
I morgon...som Scarlett pleide sei....tenkjer på det i morgon....

fredag 28. oktober 2011

Litt retro på ein fredag...


 

Når eg blar i gamle fotoalbum ser eg heilt klart at fotografen er mer mykje meir interessert i folk, enn i blomer og interiør. Gamle fotoalbum er heilt omvendt av mine fotomapper i nettskya.......kanskje var alt betre før.....

God helg!

onsdag 26. oktober 2011

Flanellografmannen...

Flanell (av fransk flanelle) er ein lett og mjuk vevnad av ull, bomull eller kunstfiber som er lett rua på den eine eller begge sidane. Bomullsflanell har eit lodekke som i regelen blir danna av eit laustvunne garn i veften som blir rive opp.
Tynt flanellstoff vert brukt mellom anna til natt- og sengety. Tjukkare flanell vert mellom anna bruka i flanellografar.

 

Mannen i huset elskar flanell! Og då meinar eg E L S K A R flanell. For å vise at eg spelar på same lag som han, kjøpte eg eit sett Høye flanell no i haust og da har vore i bruk sia dess.


 

No er det slik at sengesettet var eit forhandlingskort i debatten om Mannen skal få kjøpa seg ei flanell skjorta eller ikkje. Han drøymer om ei tjukk og god flanellskjorta. Eg seier at då kan han lika godt gje opp. Då er ungdommen over, og han som har langt att til 40, vil då skli rett inn i 60-åra. Da einaste so mangla è pipo.

 

For å gjere freistinga endå større har Coopen tilbod på flanellskjorte og ullgensarar til kara og kvins som likar slikt. Eg trur det einaste som held han tilbake er at eg trugar med tvangsoppløysing av heimen om han kjøper seg ei. Ein kveld låg han og grunna lenge, so kom det tynt.... "eg trur kanskje da ville halde med ei T-skjorta", ...ei undertrøya i flanell ville og gjere meg lukkeleg.....

 

Og eg forstår at karane er enkle å gleda. Når da e alt han treng for å finna lukka, trur eg at eg godt kunne tenkt meg å vore kar frå tid til anna. Ja, ja. Sengetøyet får halde for no, det er ikkje tynt og mjukt, men tjukt og  kløete, kanskje meir som ein flanellograf spør du meg. Ikkje eingong utslitne sundagsskulefigurar hadde ramla av her. Og vinteren kan berre komma, strengt tatt trur eg at me kan sova ute.

mandag 24. oktober 2011

Endeleg kom sola...

 

No lada me oss opp på sol som gamle bilbatteri på straum og krummar nakken for den lange vinteren som er på veg... (for her er me utan sol i fleire månadar om vinteren grunna høge fjelltoppar...)

søndag 23. oktober 2011

Haust

 
 

I dag fekk me ein fin haustdag i Hakkadalen. Me fekk ein so diger dose frisk luft at alle no ligg strak ut på sofaen... Slik går det når ein fell for freistinga å vere ute i skarp dagslys for lenge i slengen... :) bra sola ikkje skein for då hadde me vel sprokke.

God veke!

fredag 21. oktober 2011

Fredag og fri...

Fordelen med at objektivet streikar og gamle bilder må brukast er speseilt ein...



..eg kan late som om det er sol og alltid reint..... :)

God helg!

torsdag 20. oktober 2011

"Et barn er et lite menneske"

Når eg leikar med katten min, er det ikke godt å sei om ikkje den leikar meir med meg enn eg med den.
Michel de Montaigne



Dette vetle menneske har nok meir kontroll på fotografen enn fotografen på motivet.



Mitt bidrag til Øyeblikket.net sin fotokonkurranse.

.. over...

I dag låg det snjo på bakken...

 

..må bruke bilder frå i fjor. Objektivet mitt har takka for seg, og sparekniven må på ei eller anna strupa før det vert eit nytt... Slik er livet, forandring er det einaste me heilt sikkert kan rekne med...

tirsdag 18. oktober 2011

Dei som oppfann hjulet..

  

mandag 17. oktober 2011

Smått om senn...

Drivhuset som skulle verte ferdig i sommar har trekt litt ut i tid som alle gode prosjekt plar gjere.
Eg føler at fallhøgda er stor når eg seier at det er eit drivhus i si rette forstand me prøver å hesje opp.

   
   

Som de ser av bilda (klikkbare) så er det no mest rot og skrot enno. Dei gamle vindaugene skal utgjere sjølve driv-delen. Hus kan vi kanskje ikkje kalle resten, men det som dei på engelsk kallar "Lean-to". Altså eit litt tilbygg som lenar seg tungt mot huset. Taket vert i fyrste omgong laga av ei ramme med plast-trekk som kan opnast og latast att når ein kjenner for det. Isolasjon er det i fyrste gong ikkje snakk om. Dette vert eit sommar hus. Og når eg har vaska vindaugene skal de sja at det går an å sjå både ut og inn :)

Utfordringa er å få det til å sjå sjarmerande og rusikk ut. For øyeblikket er det meir som eit skjemmande byggverk naboane kan finne på å klage på og ungane trur det spøkje i .... men te neste år... ;)

søndag 16. oktober 2011

Ingen ugler i måsen..

eller muffens i påsen...

   

Sjølv om eg har laga muffins til fuglane mine før, so tykje resterande medlemmar i min familie at eg er litt i øvekant eksentrisk når eg set i gong med slik kokkelering. No må da seiast at da è veldig praktis å bruka muffinsforme til solsikkefrø i fett. At eg hadde nokre utgåtte bringerbær i kjøleskåpet som vart prikken over i-en, var nesten heilt tilfeldig...

   

I dag fekk me ein fantastisk dag i sola. Me for i skogen og plukka kongler og jobba litt med drivhusdraumen. Eller mannen gjorde sistnevnte :) Litt om da i morgon, ikkje mannen då, men drivhuset...

   

Ynskjer dykk alle ei god ny veke!