onsdag 27. april 2011

Våronn i hagen

Eg startar opp med dei kjekke bileta i dag. Kvitveisen blømer i brekka og den måtte få pena seg i ein kopp frå GG i dag under utelunchen.



I går sat eg lenge og kosa meg i bloggen Claus Dalby - mit haveliv og drøymde meg bort. Slik vil eg også ha det. Difor gjekk eg på med dødsforakt og la grunnlaget for eit vellukka hageliv.




Skal det være en ferdigkompostert hekk, eller ei borkfri Hurdalsrose? Skadene i hagen var større enn fyrst antatt. Heile hekken er ferdigkompostert og må, om mogleg, kome att frå rot. Store staudetuer med lupiner og hestemynte er totalt oppetne. Eit heilt fjellstaudebedd er utradert. Alle hurdasrosene mine, 20 stk er borka 40- 60 cm opp på stammen. To frukttre er ferdige i dette livet...






Ja,ja, skal ikkje plage dykk meir med dette. Det beste er å fokusere på det som er bra, og det gode er at våren den kjem, med eller utan musefest :)


... og i morgo skal da syklast til arbeid!

6 kommentarer:

  1. Når sommeren kommer er alt glemt :)
    Nydelig hvitveis!

    SvarSlett
  2. So gale, der som det var så kjempefint... tek lang tid og mange kroner å få det tilatt. At dei små mysene har hatt det så kjedeleg under snøen at dei måtte gnage på alt...! Føler med deg. Her var òg mykje snø, men dei fleste plantane er liv i ser det ut for. Trur kattane tek ein god del mus om hausten, kanskje det hjelper?

    SvarSlett
  3. Nydelige vårbilder fra dæ, gleder mæ til minre blomster kommer iblomst, står bare grønt ennu her , ha en fin kveld, Lisbeth :O)

    SvarSlett
  4. Ånei, så kjedelig! Irriterar meg på dine vegner... Lykke til med "restaureringa"! Og heldigvis har du kvitveis. Det kurerer jo det meste :D vakre blomen!

    SvarSlett
  5. Finn ikkje ord.....Nett før eg tilbyr deg katten vår.... Fint du gler deg over kvitveisen, det gjer eg og. Så håper eg du etter kvart kan gle deg over det som kjem i hagen din !!

    SvarSlett
  6. Auda! Vakker kvitveis, i alle fall! :)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.