torsdag 31. mars 2011

Da snjoa i Oslo og..

..og det er enno nokre veker til påske..

 ..men med litt Pip må vinteren gi slipp...

søndag 27. mars 2011

Håp i hengjande snø(re)

Ja i går skein sola og lokka med vår under metervis med snjo. Ungane var ute og teikna på synleg asfalt. I dag vakna me til brøytebilen som før..minst 15 nye cm med det kvite vidunderet hadde lagt seg oppå dei 110 som låg der frå før...

lørdag 26. mars 2011

Noko smått tè kaffien...

Då eg heiv innpå sjokoladen i går, kjendes det rett. I dag, i skikkeleg dagslys forstod eg at eg med ei slik handling hadde nullstilt heile innsatsen for eit smalare liv som eg hadde lagt ned i veka som gjekk. For å sei det slik, eg har ete min kvote med sjokolade for nokre år...




Så i dag grov eg fram oppskrifter frå "Spis deg slank", kokeboka frå IForm. Om det var mogeleg å ete seg smal hadde eg vore ei sylfida no. Uansett kasta eg meg over oppskriftene allereie ved frukostbordet. Det er nok ikkje heilt tilfeldig at valget fall på noko søtt, men kan eg eta meg slank, so skal eg gjera det med eit smil :)



Her kjem oppskrifta i høve nokre andre også vil ete seg ned i vekt.

Kanelsøtt til kaffen
(ca 16 stk)

4 dl hvetemel
1 1/2 ss bakepulver (ops..eg brukte ts...)
1 1/2 dl rørsukker
2 egg
1 dl lettmelk
10 g smelta smør
1 ss kanel
2 revne gulerøtter
1 eple i småbitar
2 ss rosiner
2 ss hakka nøtter

Bland alt det tørre i ein bolle. Pisk egg, mjelk og smør i ein anna bolle. Pisk langsomt det våte ut i det tørre, og rør gulerøtter, eple, rosiner og nøtter i deigen. Fordel deigen i muffinsformer. Steik dei ved 180 grader i ca 15 - 20 minutter til dei slepp ein trepinne. Kan frysast og varmast ved servering.

Ca. 130 kcal pr stk.





..og som de ser er våren avlyst her inne i dalom, so me ordna oss som best me kan. Eg tykte dei var gode, og verd bakeøkta. Om eg vert smal av dei stiller eg meg meir tvilande til.... men er det helg, so er det helg..
(..og kakaoen fekk ungane..so det so..)

fredag 25. mars 2011

Freddan...



..eg burde ikkje...men i dag et eg sjokolade og syns helg er god nok unskyldning til nettopp det...

God helg!

torsdag 24. mars 2011

Ein elefant kom marsjerande...

... bort over edderkoppens fine spinn..



Då eg var gravid med eldstemann var eg heilt hekta på elefantar... anar ikkje kvifor. Her er eit par av alle dei kreasjonane som vart til under graviditeten sin merkelege mani. Kom til heder og verdigheit eit par minuttar i dag, ti år seinare. Kanskje mest fordi eg likte rammene så godt. Fer fort attende i gløymsla :)

tirsdag 22. mars 2011

Kråkevåte..

Ja det vil ingen ende ta, da høljar ned. Det har vist vorten sett nedbørsrekord her i dalen siste døgn. Heile distriktet ser ut til å verta vaska bort..




Til og med fuglane mine er kråkevåte....

mandag 21. mars 2011

Snart påske..




..litt påskestemning... ein god månad i forkant...

søndag 20. mars 2011

Eit hus kjem til verda...

Hus vekst opp kva einaste dag i vårt vidstrakte land, som paddehattar sprett dei opp frå berggrunnen. Her kan de sjå korleis eit av dei kom til å verta. Alle bileta er klikkbare og kan sjåast i stort format.

Våren 2004:




Det heile starta i 2004. Då tomta var rydda for skog og anna villniss, slapp gravemaskina til..

Sommer og tidlig høst 2004:




Ringmur vart sett opp. Det gjorde me sjølv. Huset er i utgangspunktet eit hus frå Blink. Sjå det huset her. Det opprinnelege huset er teikna mykje om, andre etasje er lyfta slik at vårt hus har auka buarealet til ca 200m2. Rominndelinga er også heilt ansleis hjå oss. Me gjekk for ferre og større rom. Kjøkkenet er der stova skulle vera og omvendt.

Høst og vinteren 2004:




No nærmar det seg tida for eigeninnsats. Det skulle verte mykje sparkling og pussing, flising og fuging, maling og tapetisering før me var ferdige.

Tidlig vår 2005:




me gjekk begge i full jobb og hadde to små ungar. Når eg tenkjer tilbake hugsar eg ingenting frå den tida..kanskje ikkje so rart.

..utover våren 2005 kjem meir og meir på plass:





Sommaren 2005 flyttar me inn:






..og i dag.....




..driv eg og pussar opp.... ;)