fredag 31. desember 2010

Godt nytt år!

Denne nyårshelga har me besøk av familie og kjære venner. Det gjer at det vert lite tid til internetten. Planen om ei årskavalkade og mange, store og gripande, ord om året som gjekk, tida og sjølve livet... vert det ikkje tid til... i dag :)



Det einaste eg fekk knispa i forbifarten var litt av bordpynten i kveld. Så derfor alle kjekke folk der ute... GODT NYTT ÅR!
og eg gler meg allereie til neste år...

onsdag 29. desember 2010

And the winner is....

Fyrst av alt, takk for alle kjekke kommentarar de har lagt att hjå meg... no er vinnaren kåra..




Eg pakkar og sender i posten to tekoppar med tefat og ei nydeleg fløytemugga frå Pip Home. Biscottiane er laga i ei sona som ikkje har vorten godkjent av Husdyrkontrollen og kan derfor ikkje sendast ut i verda på eiga hand... kunne jo komma til å skada både tenner og smakssans hjå mottakaren... og mottakaren er....

...
Gratulerar!
...
Du må sende med navn og adresse, evt. ei epostadressa eg kan nå deg på, så kjem godsakene i posten. Håpar du er like glad i Pip som eg :)
......
Til alle dykk andre, tusen takk igjen. Veldig kjekt å verte litt betre kjend med dykk.
....
Når ein bur i hakkadalen, må ein ta internetten til hjelp når ein skal handle vakre ting til heimen. Desse Pipkoppane er som vanleg kjøpt hjå Wallas Verden, alltid smooth leveranse derifrå. Kan anbefalast.

Siste sjangse

til å fortelje meg kven du er...og verte den som får Pip i posten...


Eg trekkjer ein heldig vinnar utpå ettermiddagen....

tirsdag 28. desember 2010

...hm....



...mi utsikt frå kontoret...

Dette ville eg heller ha sett på.......i dag misunner eg alle som kan sove lenge, ete ein lang frukost, fyre i ovene, lage kakao, ut og skri på kjelke, inn og lese ei god bok...... Håpar du kosar deg Hr. Alvor! ;)

mandag 27. desember 2010

Ei lita erfaring rikare...

Som dei som har fulgt med veit, vart eg for ei tid sidan so voldsomt bergteken av nokre fiken eg fann til salgs på Coopen. No viste det seg at desse fruktene var i minste laget modne, så dei fekk liggja romsleg og godt i kjølehjørnet vårt eit bel, til eg fann ei passande oppskrift å prøve dei ut på. Eg må sei dei fallerte fort. I går måtte eg redda dei ut og dandera dei opp, før dei trekte sitt siste sukk der inne i kulden.



No må eg sei eg vart litt skuffa, for desse energibombene er no so søte og rike i turka form...om enn ikkje so vakre, so eg tenkte at ferske og friske måtte verta noko heilt himmelsk. Men dengong ei...



Så moralen må vel vera her, at da e betre å la sola og varmen turka oss inn, te me vert gamle skrukkete skinn...slik at smaken er framleis søt og raus. Istaden for å leggjast på kjøl og eldast glatte, men mygla og sure...

søndag 26. desember 2010

Ei herleg jul

I dag er siste fridag for meg. Den har vorten nytt i lange drag. Ein liten tur ut i -17C for å sjå korleis småfuglane har det, har det likavel vorte. Dei frys :) men er tjukke og gode og vil nok overleva denne vinteren og...nett som matmora..

fredag 24. desember 2010

God Jul!





Vil med dette ynskje alle ei velsigna jolehelg!

torsdag 23. desember 2010

Ein elefant i rommet..

og anna julemorro...



Endeleg vart juletreet ferdig pynta, og i år med raudt sidan ungane insisterte :) Desverre gjekk den nye lyslekkja med 100 lys like etter all pynten var på plass, slik at treet vart brått mykje mørkare. Usikker på kva eg skal gjere sidan treet er eit dryssetre. Om all pynten skal av og nye lys på, reknar eg med at eg står att med stammen og nokre få nåler her og der. Då må me også ha nytt tre. So for no får det stå der mørkt og sturt medan me ordnar jula inn i resten av huset..



...so snart, snart skal beina på bordet... sauebeina for å vere korrekt..

onsdag 22. desember 2010

Her strever dine arme små..

Kor i all verda vart tida av. I dag hadde eg heile dagen. Arbeidslista var eit par nautiske mil lang, men det skulle no berre mangle med ein heil fridag til rådvelde. Korleis 6 tima forsvann med noko som ikkje stod på lista er for meg uforståeleg. Skulle berre.... og berre tok tid. Og no, no skal eg begynne på den fyrste nautiske mila... etter middag...



Skulle sjølvsagt berre bake to små kakeoppskrifter. Ein stad der i mellom, vart halve oppskrifta frå den eine forveksla med den andre, og vips... mutasjonar oppstod. Kan vel kalle kakene interessante og eg er veldig glad dei kun skal etast tå venner og kjente.... stakkars...



men no..no må eg finne skjegget...

tirsdag 21. desember 2010

Eg gler meg...

...
Gjer du?

mandag 20. desember 2010

Å jul med di gleda!


Måtte julestemninga gro som graset bak do.
God juleveke til dykk alle!

søndag 19. desember 2010

Jakta på juletreet..

For å laga nye tradisjona, eller for å spara 500 kroner (eg og mannen har ulikt tilnærming på saker og ting) så vart det vedteke i familieråd at me skulle finne oss juletre i skogen til far min i år. Far min har ingen juletreskog, berre ein kva som helst skog i ein stor haug ein stad på Vestlandet.





Ungane var med, det var far min og, som har skada foten sin og berre gjekk for halv maskin. Som alle familiar på tur, såg me nok flotte ut på avstand, men kom du innan høyrevidde var det ikkje fullt så vakkert. No når eg ser bileta i ettertid tenkjer eg at det i grunnen var veldig kjekt. Hjernen er ei vidunderleg innretning i so måte. Me fann kvart vårt tre, dei var over 4 meter høge, men me nøgde oss med dei 2 øvste metrane. Etterpå vart det ein herleg prøvejulemiddag hjå mor og far.... ein ny og god tradisjon er laga og pengar spart er pengar tent.....