søndag 31. oktober 2010

Pus søker hus...

Familien Dass har hatt familieutviding nr. 2. Pusemor held residens på vertsfamilien sitt toalett, derav navnet. Fyrste son i fyrste kull fekk natulegvis navnet Petter og lever i beste velgåande. Denne gongen talde avkommet 3 og to må derfor flytta ut. Hybelbuarane er gutar begge to. Interessert?




Ein klar fordel om du og bur i inste osterfjordområdet også....

lørdag 30. oktober 2010

Jul in the air... 1

fredag 29. oktober 2010

Øvegjeven..

Ser at bloggar rundt om kring "jular" se te, den eine verre enn den andre. To månadar til jul og ja... eg gjev meg ende øve!

Eg vil vera med og i måro skal eg lese gjennom alle julemagasina mine.... da gjeld å komma i stemning før stresset et ein levande.

God ingefærluktande helg! (og til dei som prøver seg på pumpkinpai..det smakar som eianste stor og varm peparkake :)

onsdag 27. oktober 2010

Modalskalendaren 2011

Om du har lyst kan du vere med å bestemme kva bileter som skal finne vegen inn i Modalskalendaren 2011. Bileta er teke av medlemmar i MoFotoklubb.


mandag 25. oktober 2010

Haust i stova




De må årsake rotet, eg ser putar på halv åtte, romma vart ikkje klargjorte for bloggifisering, eg vart berre so begeistra for lyset at eg klarte ikkje halde meg :)

søndag 24. oktober 2010

Stille hagetur ein sundag i oktober..





Syns det ikkje er lenge sidan det var sumar og varme kveldar. I dag fekk eg beskjed om å handle inn julebrus...

lørdag 23. oktober 2010

Ein kamp om plassen i sola..

Det er ikkje lett å leva opp til all verdas forventningar for tida. Ein skal lukkast på alle felt, og felta fins det mange av. I dag var det laurdag og "mor" skulle til pers.



Medan ungane var ute og leika i snjoen, fyrte eg opp i ovnen og la planar om kjekke stunder rundt kjøkkenbordet med glade barn, godt i stand, med epleraude kinn etter timar i akebrekko, tyggjande på enorme, heimelaga, ostehorn og brunbarta etter store koppar heimalaga kakao. Takksemda og kjærleiken til mor si skulle berre strøyma ut i rommet og fylle heimen med latter og harmoni... (kan eg ha sett det på ein svensk film eingong?)



Men då eg ropa dei inn med forventning i stemma, vart dei flakkande i blikket. "Eg likar ostehorn så godt at eg kunne tenkt meg å spara min" sa den eine. " Ja, dei ser kjempegode ut, men er litt..... mett" sa den andre. Sanninga var at nabomora eller nabofaren hadde kome fyrst i mål denne dagen, og hadde servert tomatsuppe og kakao med marshmallows UTE I AKEBAKKEN..... umogeleg å toppe det...

Om maten vart servert på PIP? Nei , berre for deg...berre for deg :)
God laurdag!

Same procedure...

Sidan været er det same og forma er den same, vert dagens foto fra kjøkkenvindauga som i går..og i forgårs. Men vakkert er det dog, om enn velbrukt.



fredag 22. oktober 2010

Den fyrste snjoen, dag 2..

So var det ikkje så kjekt lengre... fø oss vaksne. Litt snjo i oktober er berre kjekt, men mykje snjo og so frost? ikkje utan grunn det berre skjer kvart 37 år...


Men ungane har eg ikkje sett sidan i går tidleg...
God brrrhelg!

torsdag 21. oktober 2010

Den fyrste snjoen..

Ja so kom han, snjoen. Nett som dei lova. Og den held fram med å lave ned, time etter time. Julastemningen har fylt stova samstundes med varmen frå vedovnen.




"Juletreet" er fru. ZickZack for dei som huskar ho. Ver ikkje redd, ho frys ikkje. Ho er daud som ei sild, og ærleg talt så klarar eg ikkje sjå rare forskjellen. Og der ligg heile årsaka til hennar bortgang også....

onsdag 20. oktober 2010

For lite møllers tran..

og mi eiga oppskrift i innelgget under. I dag svimlar eg snufsande rundt heime, sola skin og avslører at husmora har levd herrens glade dagar den siste tida.. Skitne ruter og flugeskit. Har ei løysing tenkjer eg lurt. Sy nye gardin etter haustens trendar......og trekk for.... :)

Her nokre kara som lagrar opp til vinteren...

tirsdag 19. oktober 2010

Et eple om dagen...

No når hausten og kulda set inn er det svært viktig å ikkje havne med nasen under dyna, godt inntulla i ein lommeduk.


Ikkje utan grunn at hausten bugnar over med frukter og bær proppfulle av vitaminer som burde halde oss friske. So damer (og kara) da e berre å peisa på med 5 om dagen! :)

søndag 17. oktober 2010

Til veka kjem snjoen..

skriv avisa. Me er klare...




God ny veke!

fredag 15. oktober 2010

I embetet sitt medfør

... so sat eg her på hotellrommet... og ventar på at verda skal vakna og me kan ete frukost og kome i gong. Å ha haustferie i embetet sitt medfør er skikkeleg bale. Heime skal dei til fjells...bilde nr. 1. Eg skal drukne i Powerpointar og målstyring...illustrert ved bilde nr. 2...



I all edruskap...god helg!

torsdag 14. oktober 2010

Eg trur eg dåna!

Eg har vorten finalist i NIB sin månadsutfordring," Lopper i blodet" og eg er veldig overvelda og audmjukt lukkeleg. So mange flotte finalistar, for ikkje å snakke om alle dei andre flotte loppeinnlegga. So for å feire så legg eg ut bilete av noko anna gamalt rasj..



..og takkar og bukkar...trudde ikkje denne gamle dama kunne verte so glad over slik æra...men det vart eg...

onsdag 13. oktober 2010

Eit pust...




..i bakken.