mandag 29. mars 2010

Mars

Fyrst vil eg takka for alle fine oppmuntrande ord. Dei kjem godt med og vert trygt gøymt på innerlommo. Overskrifta i dag viser ikkje til fjerne planetar i Alfa Quadranten, men til eit vårdikt av bestefar min.



Mars

No ber det i mars i mot våren.
det ruskar og riv nok i blandt.
Men solblenk på havblåe klåren -
ein vårsmil - fortel det er sant.



Ein vinter so kald og so klaka -
lyt stane* og turka ein tår,-
men snøggom til rømings å taka
for vakande, veksande vår.



Men våren den vil ikkje stana,
før vinteren er sopa på dør.
Og sola ho rundar si bana,
og stig over fjella i sør.



So ber det med dun og med dunder,
av fossande bekkjer i lid.
Og atter vil henda det under
at våren den vinn i sin strid.



Ja vår - du er sjølvaste livet, -
du soltrua syng oss i sinn.
Du atter ein gong vil gjeve
den trua at livet det vinn.



* stoppe opp :)

Dikt av Bjarne Andås

søndag 28. mars 2010

Inspirasjonslaus..

Sikkert eit heilt nytt ord. Men slik kjenner eg meg om dagane. Har mista drivet. Kvar gong eg lyftar kamera for å ta bileter av ting rundt meg, kjennes Nikonet tungt og umanøvrerbart. So eg legg da frå meg. Eg veit at kunstnarar må arbeide i inspirasjon og uten. Dei må kvar dag ta opp sin pensel, meisel eller penn.

Ikkje utan grunn eg er vanleg lønnsmottakar. Eg kan gå rundt bøygen kvar dag. Kanskje noko av grunnen til denne tørka er at våren let vente på seg her i Hakkadalen. Vårblomane mine ligg under ein halv til ein meter snjo. Da tødna, men da tødna seint.

Da e nesten so eg lurar på om eg treng meg ein ferie, ein påskeferie?

lørdag 27. mars 2010

Påskebullar...



God laurdagskveld!

onsdag 24. mars 2010

Vårdraum....



Bilete frå i fjor sjølvsagt...litt vinter att her enno...

tirsdag 23. mars 2010

Påskegodt..

På laurdagen va eg i ein butikk uti verda. Der fann eg noko heise flott påskegodt eg tenkte kunne vere fint å blogga.



Men i tillegg til å vere heise flott, var det heise godt. Og før eg visste ordet av det hadde eg ete det opp.



So mykje for den stylinga....



søndag 21. mars 2010

I går såg eg våren...

Ei lita stund var eg ute ved sjøen, der hadde snjoen slept taket og gråbrune bakkar låg og surkla i regnet. Snjoklokker spratt fram overalt og det lukta vår. Desverre måtte eg setje meg innatt i bilen og reise heim. Heim til metervis med snjo og slaps.




På min tur uti verda fekk eg med meg noko fint. Det var saker eg absolutt ikkje har bruk for, men som eg likavel hadde lyst på. Og når det var gavekort frå jula som vart brukt tenkjer eg at då er det greitt. Og mannen tykte da va flotte ting han hadde gjeve meg til jul :)

lørdag 20. mars 2010

Styling..

NIB har eit innlegg om/med styling og det tykkjer eg var veldig kjekt å lesa. Til ei viss grad skjer denne prosessen når eg tek bilder. Likavel som forklart i eit tidlegare innlegg, eg slit med å flytte for mykje på ting og tang so stylinga vart fort enkel og vel kjedeleg.


For å bøte på slikt skiftar eg berre ut ein blome eller to, men kjenner det byrjar å verte vel keisamt. Alternativet, å stela bilder frå internett hadde eg eingong ein intensjon om å unngå i stor utstrekning. Ikkje fordi eg tykkjer det er so veldig gale når ein låner bilder frå leverandørar, men fordi andre gjer det so mykje betre.

Difor har eg sett meg eit mål. Neste veke skal eg style...og flytte litt på ting..og kven veit, kanskje til og med eg vert fyld med vårleg energi....

fredag 19. mars 2010

Bergteken...

Eg har forelska meg heilt i nokre symre eg fekk frå gartneriet i går. Klarar ikkje sjå meg mett på denne vårlege blomen...




Eg vil anbefala dykk å klikka på bileta for å sjå kor flott denne blomen er. Herleg påskepynt som gjev lovnad om vår og sumar. Så skal eg sjå om eg kan blogga noko anna enn blomar dei neste dagane.... kanskje...:)

God helg!

torsdag 18. mars 2010

Eg held meg til vårblomane...

Snart er det vårjevndøger og ute rengar det trollkjerringar. Reknar med at snjoen får litt å tenkje på der den strøymer vilt ned i kummar og avløp.



Den gjev ikkje opp so lett og skapar kaos her på Vestlandet. Det er nesten som ein kjenner kampen mellom vinter og vår....og me veit no alle kven som kjem til å vinne den kampen....

onsdag 17. mars 2010

Gult er no likavel litt kult...



Snart er påska her, og fargen er heilt klart gul. Er personleg ingen Gullars og har tenkt at eg skal unngå gul i påskepynten i år også. Heilt til eg kom i drivhusa og såg den gule krokusen. Eg ville ikkje, men eg vart so glad av den, at eg måtte ta den med heim....


So mykje for prisnipp....

tirsdag 16. mars 2010

Du skal få sukkertøy...

og du skal få lade....



Litt usikker på om min hang til interiørdetaljar i sukkertøyfargar er eit utrykk for ynskje om vår og friske fargar, eller om dei berre er eit utrykk for...ja, .....sukkertøy?

søndag 14. mars 2010

Chrome...

Har skifta browsar sidan Exploderen krasja kvar dag. I dag er det Chrome som får æra av å vere sjefsbrowsar. Sjølv om eg ideelt sett er tilhengjar av nye ting og finn dei fasinerande, so legg eg litt trist merke til kor fort eg venner meg til ein måte å gjere ting på...og kor bale eg finn det å måtte endre på rutiner.



Slik har eg det i heimen og. Når eg har plassert eit bord eller ein stol ein stad vert det fort ståande der i årevis. Da som er bale med dette, er at eg syns det er bale. Eg skulle ynskt eg hadde meir mot til å prøve ulike løysingar i heimen. Billeg måte å få nytt interiør og uttrykk på.


Eg har innsett at problemet ikkje er mentalt, men fysiologisk. Kvar gong eg med stor motivasjon og inspirasjon set i gong skjer det same. Eg vert so forferdeleg trøytt. So vert eg kvalm. So vert armar og bein heilt umanøvrerbare. Til slutt gjev eg opp og ting vert ståande der dei stod.


..som eg sa, heilt klart fysiologisk....

lørdag 13. mars 2010

..man tager ett snes egg...

I dag har eg hatt bakedag. Når ein har bakedag bør ein strengt tatt bake litt av kvart. Kaker, bollar og eit par tre brød. Men når sant skal seiast klarte eg berre å trykkja ut ei sjokoladekaka i dag. Den skal vidare til ein barnedåp i morgon so eg ynskje den lukka på reisa.



Tida i dag gjekk med på å lesa i Vakre hjem & Interiør. Der var det mykje vakkert og mykje fransk.... Så resten av dagen gjekk med på å filosofera øve forskjellen mellom norsk og fransk landsbygd. Nydelege kvite skjærebrett av porselen kontra nedskorne trefjøle, og i eit lite sekund følte eg meg som ein svikar mot eige opphav. Eg burde lika rosemaling og rokk, fiskakipe og heimalaga gummisko...i staden sit eg utan eit einaste gallisk gen og leflar med romantiske idear, beint lengtar etter fransk morgonlys og gamalt blikk......hjelpalaust...




..men ka kan ein stakkar gjera?

fredag 12. mars 2010

Teknobabbel...

Eg innser mitt feilskjer. Start Trek sitt stammespråk er eit særs smalt interessområde ganske så langt fra interiørblogging ein kan kome. Eg gjer full retrett tilbake til hegemoni (?) og harmoni.

I mangel på inspirasjon i ausande regn har eg hent fram bileter av kransar som vart til i året som gjekk.





Og ynskjer dykk alle ei god helg før dei røskar ut internetten her ute i distriktet for helga....