søndag 31. januar 2010

Helg


Atter ei helg er over. Den har som mange før vore god for oss her i Hakkadalen. No veit eg at den ikkje har vore like god for alle og mine tankar går til dei som av ulike grunnar har kjend seg einsam, uroleg eller sorgtung. Måtte di neste helg verte god og fredfull.

lørdag 30. januar 2010

Nøtteliten


I dag då eg stod der og telde fuglar for harde livet, kom ekornet mitt endå ein gong for å få seg mat. Eg trykte han var vorten litt tynn i pelsen og var glad han fekk seg mat. Då plutseleg kom eit til. Det var godt og rundt og tettare i pelsen, det var Nøtteliten som eg tidlegare har tatt bilder av. No er dei altso to. Kjekt.
Her ein liten film eg tok av Nøtteliten i dag...eg tok den med speilreflekskameraet mitt så den er kanskje litt i tyngste laget...

fredag 29. januar 2010

Endeleg helg...


Nett heimattkomen etter 2 dagar på LVK seminar. Du kor interessant, men dog so seigt... No gler eg meg til helga for då skal eg stå på ski og telje fuglar. Usikker på om eg skal gjere det samstundes..Ynskjer dykk alle ei god helg.

onsdag 27. januar 2010

Badedag





Litt inspirert av NIB sin biletekonkuranse der dei mest fantastiske bad har vorte vist fram dei siste dagane. Heilt utruleg flott og inspirerande. Hjå meg var det regn og i mørkaste laget for inspirerande fotoshoot, men den blå timen fekk eg no i alle fall med meg.

Vinterfrys

Ville berre kjøle ned alle heita dame og kara dar ute...


tirsdag 26. januar 2010

Klikkbart bildegalleri



Her ein liten film som viser enkel prosedyre ved bruk av små bilder i bildegalleri...

The rise and fall of a perleblomst...




Dette er eit testinnlegg for ein opplæringsfilm i korleis leggje små klikkbare bilder saman i eit galleri.

søndag 24. januar 2010

Vinterlys og vinterhus



lørdag 23. januar 2010

Heilt skeis

eller skeisser som me kallar det her i dalen. Kven kan sei at vinteren er kjedeleg?

Heilt skeis

eller skeisser som me kallar det her i dalen. No er det himmelriket for ungane, og ein og anna vaksen :) Ski og skeisser, kven kan få det betre?

fredag 22. januar 2010

Eit reknestykke

Eg har lyst på ny sofa. Eg har lyst på eit gamalt franskt skap med avskalla maling og masse "sjel". Eg har lyst på eit lyst og steindyrt teppe under spisebordet...og nye spistovestola. Eg har lyst på....



Men når eg ha "ødsla" eit par-tre hundre kroner på tulipana, perleblomar og nokre nye potter er eg faktisk nøgd. Eg treng ikkje noko meir på heile jorda. No ødsla eg nok eit par franske skåp på blomar i året....



Slik sett vert reknestykket enkelt...




God helg!

torsdag 21. januar 2010

Pokala og medalja..

Då sonen min var 3-4 år, gjekk han ein runde i ei lysløypa ein tirsdagskveld og enda opp med ein pokal på størrelse med seg sjølv...nesten.. No va da no eingong slik at alle fekk pokala, uansett om dei gjekk fort eller seint og det at han berre deltok ein gong gjorde ikkje noko frå eller til. Og guten vart glad han!



For ei kort stund sidan fekk eg og ein pokal, på størrelse med meg sjølv. Eg fekk utmerkinga "Kreativ blogger" hjå Kristin i Vingesus og julebrus . Kristin har ein fantastisk blogg, med dei utrulegaste bileta som ho tek sjølv. I tillegg er ho veldig klok og eg vert ofte sitjande i ettertanke og undring etter å ha lese innlegga hennar. Så ta dykk ein tur innom henne, det er verkeleg verd tida.

TUSEN TAKK!! Den vert sett stor pris på, kanskje spesielt sidan den kom frå deg!

Reglene for awarden er slik:

Lim inn awarden på din blogg. Link til den du fekk den av.
Fortell 7 interessante ting om deg sjølv.Gje den videre til 7 andre kreavtive bloggarar, link til deira blogger og gje beskjed om at dei har fått den.

Dei sju som eg vil gje utmerkinga vidare til er i tilfeldig rekkjefølge:

Bloggaren Miamor
Med uendeleg vakre bilete og nydelege underfundige tekstar er eg avhengig av ein dupp i denne bloggen jevnleg.

Bloggaren Hjem og Lykke
Her er det både blogg og vesen. Sjelden har eg via tekst og skrive ord opplevde eit so fint vesen manifestere seg gjennom bokstavane. Som balsam, kvar kommentar og kvart eit innlegg.

Bloggaren Tante Mimmi
Her snakkar me kreativitet på høgt plan. Rein og skjær inspirasjon.

Bloggeren "Fyra årstider og mitt liv på landet"
Kvar dag leitar eg etter nye innlegg og nye bilete. Desse foto bergtek meg totalt. eg får rett og slett ikkje nok av denne bloggen.

Bloggaren refleksjon på livsvegen
Her er eit vell av kloke ord og små kvardagsbetraktningar. Vel verd eit besøk.

Bloggaren Frøken Fjols
Ei dame som får meg til å le og kose meg. Enorme mengder kreativitet og energi. Ein blogg eg berre MÅ lese.

Bloggaren Tullik
Ei kreativ dame som deler av kvardagen sin. Akkurat no driv ho og heklar teppe til dotra si. ta dykk ein kikk!



Da va da letta, so va da dei 7 tinga eg skulle dele.....hmm...

1. Har vore budeia på Vikafjell, kan lokka og lura...
2. Siste kurs eg tok var kurs i Flashproduksjon..
3. Utdanna lærar, men ikkje fanatisk.. har ikkje praktisert på 10 år
4. Oppvaksen på gard, og meiner kyr (NRF) er sure og bitre dyr..
5. Likar humortv, fan av Torsdagskveld frå Nydalen mellom anna..
6. Glad i lage å mat
7. og det kan ein sjå...

onsdag 20. januar 2010

Store planar



..i lange baner. Alle fall til jorda som stein. Så får ein nøye seg med det som vart til, heilt utan planlegging. Ein skitur med ungane. Herleg vinterliv. Og her ein smak på våren....


Men eg reknar no med at i morgon, i morgon får eg gjort alt eg ikkje gjorde i dag.....trur eg...

søndag 17. januar 2010

Når enden er god...

Eg fekk ei utfordring hjå "Hjem og Lykke" i natt. Utfordringa var lika enkel som den var vanskeleg. Eit sitat. Eg ser for meg at sitatet også må bety noko for meg...



Då trur eg sitatet må verte dette:

Alt går godt til slutt.
Er det ikkje godt,
så er det ikkje slutt.


Eg har meir enn ein gong lege med nasen i grusen og tenkt at livet kan aldri meir verte godt. Men kvar einaste gong, uansett kor gale så har det laga seg til, og gode dagar har kome som perler på ei snor...



Eg anar ikkje kven som har sagt dette opprinneleg, men tok det til hjarta allereie fyrste gongen eg høyrde det sagt.

Ufordringa vil eg gje vidare til sitatdamen over alle sitatdamer.... Miamor . Eg har brukt mange timar funderande over vakre stemningar og sitat på hennar blogg.

fredag 15. januar 2010

So var rollen frisk att..

Nett so ei lita fjorkjøling, og vips so var me på beina att. Kjekt da.


Her ligg vinteren duvande vakker. Ei stor og luftig dyna ligg over vårløk og roser. Eg håpar den varmar godt og gler meg til dagen dei bryt jordskorpa og kikkar opp mot ein varm og blå himmel.
God helg, damer!