tirsdag 2. november 2010

Novem-ber

Eg har vorte utfordra. Eit dikt om november. Sigrid har utfordra oss til å setje November på kartet. Eg trur tanken bak var at det skulle gjere oss gladare i, og merksamde på, denne litt bortgøymde og flatklemde månaden før jul.



Før då tida stod stille lenge om gongen. Før, då eit år var eit år. Då var november ein månad for ro, arbeid, ettertanke og kanskje litt melankoli. Då ein skaut hjorten og røykte kjøtet sjølv. Eller sauene for den del. Før, då lutefisken var so tørr som kikhoste og årsgårdsreia hadde vit til å vente til jul. Då var november, november. Sterk og vid, nokon gonger kvit og nokon gonger grøn.



No. No når dagane fer som ville hestar over prærien. No når julekjolane er utselde i august, for ikkje å snakke om Walters Zinkhus...No, når ein syng vårens pris i januar og jula kjem i hus i oktober. No trur eg November kjem til kort. No er november liten og smal, og alltid raud. Skal han reddast må han reddast fort. Og det er det berre me som kan....



Som merksame har lagt merke til har eg prata meg langt vekk frå utfordinga. Og desverre. Eg kvir meg. Eg vart heilt svimeslegen av all den kreativitet som velta utover bloggverda, trigga av berre denne blå månaden. Fleire var nongalante der dei utbasunert kor lite tid dei faktisk hadde brukt på kreasjonane, som for å skrema livet tå andre stakkarar. Og da virka :) Eg måtte ha hjelp av større menn enn da eg fann rundt om i huset...

Novem-ber

Novem-ber med den kvite himmel
Novem-ber med dei gråblå skyer
Novem-ber i den bleike sol.

Dette er altså tida
Dette er altså seinhaustkvia

Ein regndråpe!

Novem-ber med walters zinkhus
Novem-ber med tusen tallerkenhyllelys
Novem-ber i julebloggerus

Dette er altså tida
Dette er altså førjulsria

Dei gråblå skyene har samla seg, sola har forvunne

Novem-ber med regn og slaps
Novem-ber med peis og snaps
Novem-ber med dei livredde grisa

Nå snojar det frå skyene, peparkakemenn!

Novem-ber, novem-ber..
Eg har vist komme feil
her er so desember....

Fritt etter Obstfelder.

6 kommentarer:

  1. et fint dikt med en snert humor... me like!
    lots of luck :o)
    Klem J.
    Ps : nydelige bilder!!

    SvarSlett
  2. Veldig bra!
    Du tek det på kornet..
    Oss må bli glad i november!!
    Berge den-ja rett og slett sette den på kartet igjen..
    Takk for at du let deg utfordre :-)

    SvarSlett
  3. den klarte du bra! Nydelige bilder du tar.

    klem :)

    SvarSlett
  4. Jeg bøyer meg DYPT I STØVET.... Jeg velger meg NOVEMBER etter dette;) --og jeg VISSTE at vi hadde gullkorn i vente;) YOU MADE MY DAY Ramme Alvor!

    SvarSlett
  5. Fantastisk! Nå liker jeg november adskillig bedre enn før - og har bestemt meg for å roe ned :-)

    SvarSlett
  6. Glimrande skildring av november! :D

    Ha ein god novemberdag! :)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.